Fredag 15. november 2002 Meninger

Nyliberalismens glidemiddel

Eg har observert den mest iherdige antiintellektualismen hos folk som identifiserer seg sterkt med Marx.

I George Orwells 1984 er makta slem og løgnaktig. Krig blir «fred» og det er sensur over alt. I Aldous Huxleys Brave new world blir dominansen utøva mindre brutalt, men vel så effektivt. Neil Postman sette det eine opp mot det andre i Vi morer oss til døde: «Det Orwell fryktet, var dem som ville forby bøker. Det Huxley fryktet, var at det ikke lenger ville være noen grunn til å forby en bok, ettersom det ikke lenger vil finnes noen som ønsker å lese. [?] Orwell fryktet av vi ville bli en fanget kultur. Huxley fryktet av vi ville bli en triviell kultur, som bare var opptatt av føleri, som veltet seg i nytelser, som bare drev med tomt skvalder.»

Så står den store striden om kven som fekk rett. Har vi eit Big Brother-samfunn, eller morar vi oss i hel? Latterleg spørsmål. Sjølvsagt fekk begge rett. Jamfør USAs krig for fred. Jamfør Frp som partiet for folk flest. Eller skru på tv kva dag som helst, sjå på reklame, eventuelt høyr på P4. Eller P3. Samma for meg.

For eg er elitist. Dette er elitisme. Det er forakt for folk flest, fordi det er kritikk av prosessar der folk flest frivillig inngår, som kundar. Det er elitisme slik Karl Marx praktiserte sporten, der han sat i elfenbeinstårnet sitt. Han, filosofen som aldri hadde stått ved maskinane eller hosta i gruvegangane, visste liksom at «mennesket (arbeideren) bare føler seg fritt i sine dyriske funksjoner, når det spiser, drikker og avler barn, til nød også når det gjelder bolig, pynt osv.»

Thorbjørn Jagland veit kva elitisme er. Det var elitisme då «den intellektuelle eliten på venstresiden som ikke var berørt av den sosiale virkeligheten arbeiderklassen levde under» presterte å danna SF i 1961, for å setja «sine egne kjepphester foran det viktige arbeidet med å gi fattige mennesker et verdig liv», skriv apparatsjik Jagland i siste nummer av Samtiden.

Merkevaremannen Thomas Seltzer veit kva elitisme er. «Klassekampen med sine smale analyser av høykulturen er jo et glimrende eksempel», hevdar han, «på hva venstresida og kultureliten ofte gjør: Å subjektivisere seg selv som kritisk og reflektert og objektivisere «røkla» som uopplyst og ukritisk» (Klassekampen 11. november).

Det same får vi høyra frå Schibsted-redaktørane kvar gong nokon vågar å tru at VG verkar fordummande. Også i Se&Hør veit dei kva elitisme er. Det er ei kvar hevding av andre standardar for bra/dårleg, rett/gale enn den som ligg i prinsippet «det folk kjøper er bra (for dei)».

Nyliberalismen er moralsk nihilisme, og den same nihilismen er essensen i postmodernistisk populisme. Åtaka på «høykulturen» får fylgje av åtak på «venstresida», men alt dette er kamuflasje for eit åtak på ein kvar standard.

Kva er tilstanden når ein kvar akademisk, kulturell, intellektuell standard er undergraven, er tilstanden demokrati? Nei, fråværet av ein kvar standard gjev tilstanden makt = rett. Postmodernistisk populisme er nyliberalismens glidemiddel. Når samfunnskritikk blir illegitim elitisme, når sanninga ikkje er meir å finna i det gode argumentet enn i det dårlege, ligg vegen open for berlusconiane, pr-konsulentane, VG og reklamemilliardærane. Den elitistiske sanninga er såleis at antiintellektualismen er reaksjonær. Den bidreg til at makt = rett.

Det paradoksale, for å bruka eit elitistisk framandord, er at eg har observert noko av den mest iherdige antiintellektualismen hos folk som tykkjer dei er del av den typen venstreside som identifiserer seg sterkt med Marx (pluss Mao og eit par til). Latterleggjeringa av studentar, dyrkinga av «sånt som arrbæisfolk forstår seg på» er sjeldan sterkare enn der.

Paradoks, tenkte eg. Men så kom eg på kva tradisjon Thorbjørn «Slik jeg ser det» Jagland kjem frå. Både n'Josef og n'Haakon visste at makt = rett. Smale analysar og høgkultur sender vi til Sibir.

I George Orwells 1984 er makta slem og løgnaktig. Krig blir «fred» og det er sensur over alt. I Aldous Huxleys Brave new world blir dominansen utøva mindre brutalt, men vel så effektivt. Neil Postman sette det eine opp mot det andre i Vi morer oss til døde: «Det Orwell fryktet, var dem som ville forby bøker. Det Huxley fryktet, var at det ikke lenger ville være noen grunn til å forby en bok, ettersom det ikke lenger vil finnes noen som ønsker å lese. [?] Orwell fryktet av vi ville bli en fanget kultur. Huxley fryktet av vi ville bli en triviell kultur, som bare var opptatt av føleri, som veltet seg i nytelser, som bare drev med tomt skvalder.»

Så står den store striden om kven som fekk rett. Har vi eit Big Brother-samfunn, eller morar vi oss i hel? Latterleg spørsmål. Sjølvsagt fekk begge rett. Jamfør USAs krig for fred. Jamfør Frp som partiet for folk flest. Eller skru på tv kva dag som helst, sjå på reklame, eventuelt høyr på P4. Eller P3. Samma for meg.

For eg er elitist. Dette er elitisme. Det er forakt for folk flest, fordi det er kritikk av prosessar der folk flest frivillig inngår, som kundar. Det er elitisme slik Karl Marx praktiserte sporten, der han sat i elfenbeinstårnet sitt. Han, filosofen som aldri hadde stått ved maskinane eller hosta i gruvegangane, visste liksom at «mennesket (arbeideren) bare føler seg fritt i sine dyriske funksjoner, når det spiser, drikker og avler barn, til nød også når det gjelder bolig, pynt osv.»

Thorbjørn Jagland veit kva elitisme er. Det var elitisme då «den intellektuelle eliten på venstresiden som ikke var berørt av den sosiale virkeligheten arbeiderklassen levde under» presterte å danna SF i 1961, for å setja «sine egne kjepphester foran det viktige arbeidet med å gi fattige mennesker et verdig liv», skriv apparatsjik Jagland i siste nummer av Samtiden.

Merkevaremannen Thomas Seltzer veit kva elitisme er. «Klassekampen med sine smale analyser av høykulturen er jo et glimrende eksempel», hevdar han, «på hva venstresida og kultureliten ofte gjør: Å subjektivisere seg selv som kritisk og reflektert og objektivisere «røkla» som uopplyst og ukritisk» (Klassekampen 11. november).

Det same får vi høyra frå Schibsted-redaktørane kvar gong nokon vågar å tru at VG verkar fordummande. Også i SeHør veit dei kva elitisme er. Det er ei kvar hevding av andre standardar for bra/dårleg, rett/gale enn den som ligg i prinsippet «det folk kjøper er bra (for dei)».

Nyliberalismen er moralsk nihilisme, og den same nihilismen er essensen i postmodernistisk populisme. Åtaka på «høykulturen» får fylgje av åtak på «venstresida», men alt dette er kamuflasje for eit åtak på ein kvar standard.

Kva er tilstanden når ein kvar akademisk, kulturell, intellektuell standard er undergraven, er tilstanden demokrati? Nei, fråværet av ein kvar standard gjev tilstanden makt = rett. Postmodernistisk populisme er nyliberalismens glidemiddel. Når samfunnskritikk blir illegitim elitisme, når sanninga ikkje er meir å finna i det gode argumentet enn i det dårlege, ligg vegen open for berlusconiane, pr-konsulentane, VG og reklamemilliardærane. Den elitistiske sanninga er såleis at antiintellektualismen er reaksjonær. Den bidreg til at makt = rett.

Det paradoksale, for å bruka eit elitistisk framandord, er at eg har observert noko av den mest iherdige antiintellektualismen hos folk som tykkjer dei er del av den typen venstreside som identifiserer seg sterkt med Marx (pluss Mao og eit par til). Latterleggjeringa av studentar, dyrkinga av «sånt som arrbæisfolk forstår seg på» er sjeldan sterkare enn der.

Paradoks, tenkte eg. Men så kom eg på kva tradisjon Thorbjørn «Slik jeg ser det» Jagland kjem frå. Både n'Josef og n'Haakon visste at makt = rett. Smale analysar og høgkultur sender vi til Sibir.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.32