Fredag 22. november 2002 Kultur og medier

Det gjensidige mennesket

Sosiobiologar er fysj og æsj. Med mindre dei finn ut at menneska er bygd for å vera sosiale, pålitelege og gode til å samarbeida? Thomas Hylland Eriksen har eit lesetips til deg.

Thomas Hylland Eriksen er ikkje i tvil: Menneske med tru på samarbeid, solidaritet og utjamning (les: venstresida) må ikkje stikka hovudet i sanden når biologane byrjar snakka om samfunn.

? Biologien kan gje oss kunnskap om mennesket, og denne kunnskapen blir tolka ideologisk. Problemet til mange på venstresida, er at dei avviser kunnskapen fordi dei avviser visse ideologiske tolkingar, seier sosialantropologen til Klassekampen. Den omvendte strategien kan sjå smartare ut: Undersøk kunnskapen og slåst om den ideologiske tolkinga.

Høgresida gjer det heile tida. Boka til zoolog og tidlegare Economist-redaktør Matt Ridley er eit godt døme. Dydens opprinnelser kom på engelsk i 1996, på norsk året etter. Forlaget var Erling Kagges og utgjevinga var sponsa av meglarhuset Norse Securities. Her har nok den typiske Klassekampen-lesar for lengst tenkt sitt. The Economist. Erling Kagge. Norse Securities. Say no more!

Men det er mykje meir å seia. Dydens opprinnelser er eit rivande oppgjer med forestillinga om at mennesket i sin natur er egoistisk. Ridley fører faktisk lange argument for at det stikk motsette er tilfelle. Say no more?

Det egoistiske genet

Utgangspunket er Richard Dawkins' framstilling av «the selfish gene», som sette fart på den sosiobiologiske tenkjinga for 25 år sidan. Når biologien fyrst blir «gensentrisk» ? ser for seg at det er genet som reproduserer seg, og at organismen (mink, menneske, meitemark ?) er reiskap for genet ? opnar det for ein interessant tanke: Det kan (1) vera sant at evolusjonen er ein blind kamp om overleving, heilt utan moral, samtidig som det (2) er sant at menneska er biologisk utrusta for altruisme (ueigennytte, nestekjærleik). Det heile kjem an på om reproduksjonen av genane våre gjennom historia har vore tent med at vi oppfører oss bra mot kvarandre. Og det er ikkje heilt usannsynleg.

Boka til Matt Ridley er ei oppdagingsferd gjennom forsking på genar, dyr, moderne menneske og ikkje minst spelteori (sjå eiga sak). Ved enden av reisa står den konservative engelskmannen att med denne konklusjonen: «Våre sinn er blitt bygget av egoistiske gener. Men de er blitt bygget for å være sosiale, pålitelige og for å samarbeide». Menneska har sosiale instinkt, rett og slett.

? Dette er eit svært interessant område av biologien. Her kjem forskinga på det biologiske mennesket i dialog med oss innan sosialantropologien. Vi er opptekne av at du finn utveksling av gåver i alle samfunn. Dette er resiprositeten [gjensidigheten, red. anm.] som held alle samfunn saman, med mindre statleg tvang gjer det, kommenterer Hylland Eriksen.

? Det er gledeleg at spelteoretikarane etter kvart oppdaga det same, at den enkle teorien om enkel nyttemaksimering ikkje er haldbar, legg han til.

Vi finn påminningar om Det gjensidige mennesket over alt. «Han bommar røyk kvar dag, men har aldri sjølv». «Korleis kunne ho gjera noko slikt mot oss, etter alt vi har gjort for ho?» «Dette skal eg aldri gløyma». Eller hos Cicero: «Ingen plikt er mer uunnværlig enn det å gjengjelde en velgjering. Alle mistror en som glemmer at man har gjort ham en tjeneste».

A la Thatcher

Matt Ridley argumenterer med evolusjonær biologi for at denne dyden har eit opphav, for at moralen har eit biologisk grunnlag. Så tek han tanken om biologiske disposisjonar for Det gjensidige mennesket, og brukar den som argument for privatisering a la Thatcher. Refrenget i denne melodien er «allmenningens tragedie». Om det gjensidige prinsippet skal fungera, må vi ha nokon å vera gjensidige mot. Difor blir ein naturressurs rasert når den er allmenning eller statleg eigedom. «Alles eiendom er ingens eiendom», og dermed har vi det gåande med egoistisk nyttemaksimering utan gjensidige motsvar og sosiale konsekvensar andlet til andlet.

? Ridley tek litt av her. Dette trur eg definitivt ikkje det er dekning for i biologien. Han uttrykkjer eit fattig menneskesyn, han ser menneske utan evna til å førestilla seg fellesskap, til å leva med noko som er abstrakt, men likevel forpliktar handlingane våre, seier Hylland Eriksen.

? Men det er noko interessant her, som har å gjera med konkret ansvar, plikter og sanksjonar.

? Tanken om at «folk er ålreit frå naturen si side» kan vel brukast som argument for at regjeringa skal halda seg unna og ikkje overstyra lokalsamfunnet? Samtidig som den er eit argument for at storkapitalen skal liggja unna?

? Ja, og Ridley har vel ikkje fått med seg det siste.

Professoren repeterer skiljet mellom kunnskapen i biologien og ideologien i tolkinga.

? Vi må halda fast på eit slikt skilje. Marx såg jo då han las Darwin det genuine vitskaplege bidraget, at det er teorien om utvikling vi må byggja på, heilt utan gud. Samtidig flirte Marx av at Darwin såg sitt eige klassesamfunn i naturen.

? Det er nok verdifullt å halda på ei slik evne til å ha to tankar i hovudet på ein gong, meiner Hylland Eriksen.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.32