Fredag 27. januar 2006 Kultur og medier

Kven treng vel Beatles?

– Spørsmålet er feil stilt, svarer Eyvind Solås på vårt spørsmål om 250-årsjubilanten Mozart er like stor som Beethoven – Spørsmålet er om Beethoven er like stor som Mozart.

I dag vart han altså fødd – dette flogvitet av ein tangentspelar som heller ikkje var så verst til å lage melodiar – i dag for 250 år sidan. Og då må vi spørje: Går det i det heile teke an å skrive popmusikk, eller enkle melodiar, etter Mozart? Tømte han ikkje ut alle kombinasjonane som tenkjast kunne?

Eller sagt på ein annan måte, kven faen treng Beatles når vi har Wolfgang Amadeus Mozart?

Ein mann vi må stille eit slikt spørsmål, er komponist og tidlegare NRK-arbeidar, Eyvind Solås.

– Du ringjer om Mozart og det enkle, seier du? Verda er underleg, du, eg sit her og tenkjer på nett det; Mozarts geniale evne til å finne det enkle, lage orden i kaoset.

Vi konfronterer Solås med denne påstanden vi elles trur vi har frå sosiolog og musikkprofessor Dag Østerberg: At popmusikk ikkje er naudsynt, knapt nok ynskjeleg, etter Mozart.

– Dersom Dag har sagt dette, så må eg seie at eg langt på veg er samd med han i det. Men du veit, når vi ser på det popmusikken er skuldig Mozart, så er ikkje popmusikken noko som kan seiast å vere i hans ånd. For utøvarane i popmusikken nyttar berre det som dei har frå Mozart, til banalisering og trivialisering.

Ei helsing frå Wien

– Så Mozart er enkel?

– Det kjem heilt an på kva du meiner med «enkel». Det som kjenneteiknar dei verkeleg store komponistane, er mellom anna dette at dei får fram det enkle i komplekse. Når så mange popmusikarar prøver å nytte Mozart, så prøver dei å popifisere, kapitalisere ein formel han har makta å få fram, og det utan å kunne vise det kompliserte som ligg bak denne formelen. For det han har gjort, Mozart, er å finne ei form på det komplekse, makta å stoffleggjere denne enorme mengda med kaos, skapt figuarar av den flytande lavaen.

Kven har så Mozart inspirert? Svaret på dette er enkelt: Stort sett alle, meiner Solås.

– Ta Brahms: Sjå kor mykje skuld han står i til Mozart. Ideen er Mozarts, Brahms vidareutviklar han, og dermed har Mozart òg ein klar påverkand på Schönberg, som har så stor skuld til Brahms.

Det er her journalisten ymtar frampå med at Mozart kanskje er litt keisam som symfonikar. Det er sjølvsagt heilt feil.

– Det er mange musikarar som spelar symfoniane hans på rutinen, spelar i hytt og ver. Det vert for Mozart, som for andre komponistar, heilt feil. Det er likevel forståeleg, for vi kjenner igjen så mykje av musikken hans. Ta opus 40, «Symfoni i G-moll», det er den mest modne formfullendte Wienerklassisme som tenkjast kan. Ei verkeleg markant helsing frå 1700-talet. Men mange orkester har som kjent ein tendens til ikkje lenger å legge så mykje av sjela si i framføring av Wienerklassisisme.

Eit born av si tid

Men det igjen er på eit vis, forståeleg, i det minste om vi ser på historia. For når vi lyttar til Mozart, må vi forstå kva tid vi er i.

– Mozart komponerte bruksmusikk, han var ein lakei for fyrsten, rett nok ein genial lakei, men like fullt ein lakei. Han måtte svært ofte skrive på bestilling frå kapitaleigaren. Og på Mozart si tid var musikken noko som gjekk føre seg i bakgrunnen. Då skreiv Mozart slik fyrsten ville at han skulle skrive, skreiv noko som ikkje kravde for mykje konsentrasjon.

I dag er som kjent ikkje musikken lenger til kvardagsbruk, om vi då altså ser vekk frå popmusikken.

– I dag er det særleg Mahler som gjeld, som er mote. Og med Mahler er vi nesten framme i vår eiga tid. Vi sit oss ned i konsertsalen og lyttar konsentrert til musikken. Hjå Mahler er den ein heilt annan definisjon av symfonien som er rådande. Mahler vil i musikken skildre det som ikkje er musikk. Fortelje noko anna, noko meir. Slik er det altså ikkje hjå bruksmusikkomponisten Mozart. Men her må eg skunde meg å leggje til at det vert heilt feil å samanlikne han med bruksmusikkomponisten framfor nokon: Antonio Salieri.

Uskuldig i drap

Salieri ja, var det ikkje han som drap Mozart då? Nei, det var ikkje det, Mozart vart ikkje drepen, i alle fall ikkje av Salieri.

– Like fullt vidarefortel Milos Forman denne myten i storfilmen «Amadeus»?

– Han gjer det. Eg er svært glad i den filmen, men eg trur ikkje at Mozart var slik som han vert framstilt der. Eg trur han var mykje meir hardt arbeidande. Denne mordmyten er nok med for å skape ein dramatisk effekt.

– Du liker filmen sjølv om den er svært feilaktig?

– Forman vil fyrst og fremst skildre kampen mellom det middelmåtige og det geniale. Då finst det ikkje noko betre eksempel enn Salieri versus Mozart. Mi favorittscene er elles der Mozart rettar på ein marsj Salieri har komponert. Han bøyer seg fram og skriv på notearket. «Sånn, slik vert det betre». Han forstår ikkje kor såra Salieri vert. Det heile er kosteleg.

Solås vil sjølvsagt ikkje sette ulike komponistar frå ulike periodar opp mot kvarandre. Danna menneske gjer ikkje slikt.

– Ta Mahler og Mozart, dei komponerer i to vidt forskjellige verder, slikt kan ikkje samanliknast.

– Men Beethoven kjem rett etter, er Mozart like stor som han?

– Ho-ho, spørsmålet er feil stilt, spørsmålet er om Beethoven er like stor som Mozart. Det er mitt svar.

Artikkelen er oppdatert: 22. november 2007 kl. 19.34