Mandag 28. juni 2010 Innenriks

Kommunane neste ut

Frp tykkjer rekneskapsreglane som har gjeve sjukehusa milliardunderskott fungerer så godt at dei vil innføre dei for kommunane òg.

I november 2008 la Framstegspartiet (Frp) fram for Stortinget at kommunane burde føre rekneskap slik private aksjeselskap gjer det. Arbeiderpartiet (Ap) sette seg kraftig i mot, og fekk saman med dei andre partia stemt framlegget ned.


Ap-representant Tom Strømstad Olsen sa då til Kommunal- og forvaltingskomiteen at « ... dagens reglar er godt eigna til å ivareta kommunanes og fylkeskommunens formål og hensynet til en sunn økonomiforvaltning»


Dette gjorde Ap trass i at det var dei som innførte dei private rekneskapsreglane for sjukehusa. Som Klassekampen skreiv på laurdag har reglane ført til eit samla underskott på 25 milliardar kroner i helseføretaka. Hadde sjukehusa heldt fram med kommunal rekneskapspraksis ville dette i staden vore eit overskott på 12,9 milliardar kroner


- Ein velprøvd modell


Frp-representant Ib Thomsen var med på å leggje framlegget fram for Kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget.


- Når de ser kva reglane har ført til for helseføretaka, kvifor vil de ha dei same reglane for kommunane?


- Rekneskapsføringa i kommunane er veldig spesiell i dag. Vi meiner at kommunane vil kunne følgje den velprøvde modellen som gjeld for vanlege norske selskap. Og sjølv om du kan seie at helseføretaka ville gått så og så mykje med overskott etter den gamle modellen, tyder jo ikkje det at dei ville fått meir pengar, seier Thomsen.


- Treng sams system


Den store skilnaden på rekneskapsloven, som aksjeselskap og helseføretaka følgjer, og dei kommunale reglane er at dei første fører opp avskrivingar som kostnad, medan dei siste ikkje gjer det. Avskrivingar er verditapet ein reknar med for bygg og utstyr over ein lang periode.


- Argumentasjonen for at kommunal forvalting ikkje skal føre avskriving som ein kostnad har vel vore at dei uansett ikkje har tenkt å selje bygga, og difor ikkje bryr seg om marknadsverdien på dei?


- Jau, men det stemmer ikkje. Fleire kommunar har selt bygg og kjem framleis til å gjere det. Det er ikkje naturgjeve at kommunar og helseføretak skal sitje på dei bygga dei gjer i dag til evig tid, meiner Thomsen.


Han ser heller ikkje nokon prinsipiell skilnad på rekneskapsbehova til kommunane og til dei private selskapa.


- Den norske staten ville aldri godteke at aksjeselskapa skulle ført rekneskap slik kommunane gjer i dag. Og hadde kommunane følgt rekneskapsloven kunne dei nytta private revisorar; dei kunne shoppa meir i marknaden, så å seie, meiner Thomsen.


Kommunane nyttar i dag ein eigen kommunerevisjon.


Eple og pærer


Are Helseth er ein av Ap sine representantar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. I helsepolitikken er han noko spesiell av det at han ikkje uttaler seg frå ein økonomifagleg bakgrunn, men som tidlegare lege og administrerande direktør for Akershus universitetssjukehus (A-hus).


- Kvifor meiner Ap at private rekneskapsreglar høver når ein handsamar ein pasient på eit statleg sjukehus, men ikkje på ein kommunal sjukeheim?


- No har eg mykje meir innsyn i stoda i helseføretaka enn i kommunane, men det eg ser er at kommunane legg deler av si verksemd i eigne føretak, og då vert jo dette skilt ut som eit eige rekneskap. I tillegg har kommunane heilt andre høve til å ta opp lån enn det helseføretaka har. Så når ein snakkar om dette er det viktig å skilje mellom eple og pærer, seier Helseth.


- Ei form for sparing


Han meiner det er grunn til å ta opp debatten om heile føretaksmodellen for helsevesenet, men meiner ikkje å ha sett døme på ein modell som kunne fungert betre.


- Når eg stør føretaksmodellen stør eg òg at dei skal følgje rekneskapslova. Då eg jobba på A-hus opplevde eg at vi fekk større handlingsrom med rekneskapsloven, og kunne mellom anna investere i nytt bygg og nye, elektroniske pasientjournalar. Med dei gamle reglane måtte ein ha alle pengane på bordet med ein gong, men med dei nye kan føretaket sjølv gjere ei vurdering om dei kan klare investeringa over tid.


Helseth peikar på det same økonomisjef i Helse Vest Jan Karlsen sa til Klassekampen på laurdag: Ein kan forstå avskriving som ei form for sparing. Under dei gamle reglane måtte sjukehusa leggje opp pengar for å gjere vedlikehald på bygg og utstyr, og for å byggje nytt. No er dette bygd rett inn i resultatet ved at avskrivingane kjem opp som ei kostnad. Debatten vert då om reine avskrivingar gjev eit godt bilete av dei reelle vedlikehaldsbehova i sektoren.


- Modellen er heller ikkje like streng som det han er for aksjeselskapa. Helseføretaka må gå i balanse, men særskilde postar vert trekt frå resultatkravet. Dei åra pensjonskrava vart ekstra høge vart det kompensert for. Og heilt sidan 2003 har staten dekka nokre av avskrivingskostnadene for helseføretaka, avsluttar Helseth.


I framlegget til Frp kviler partiet seg på direktøren for KS (kommunane sin interesseorganisasjon, jour. anm.), som har uttrykt eit ønske om private rekneskapsreglar i kommunane, for å synleggjere det store etterslepet på vedlikehald. I mars konkluderte Rådgivende Ingeniørers Forening at investeringsetterslepet på offentlege bygg har vakse til 800 milliardar kroner.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.35