Fredag 27. august 2010 Kultur og medier

- Antimuslimsk slagside

Per Edgar Kokkvold driv «sivilisasjons­kamp», ifølgje Nazneen ­­Khan-­Østrem.

- Kokkvold har hatt ei rad utspel med ei tydeleg slagside: Dei er antimuslimske og autoritære.


Det seier høgskolerektor og forfattar Nazneen Khan-Østrem til Klassekampen. I det komande nummeret av Samtiden tek ho eit oppgjer med generalsekretær i Presseforbundet Per Edgar Kokkvold. Han har gjort kampen for ytringsfridom til ein sivilisasjonskamp på vegner av alle norske journalistar, meiner Khan-­Østrem.


- Du skriv at Kokkvold skal vera ytringsfridommens forsvarar i Noreg. Slik sett gjer han vel berre jobben sin, når han forsvarar trykking av til dømes Muhammedkarikaturar. Kva er problemet med posisjonen hans?


- Til dømes meiner han at norske muslimar må betala prisen ytringsfridom kostar, og godta alle utspel, eller reisa frå landet. Kokkvold tar ikkje omsyn til at ytringsfridom er ein verdi som endrar seg over tid. Nedsetjinga av Ytringsfridomskommisjonen var jo eit tydeleg døme på det, seier Khan-Østrem, som sjølv sat i kommisjonen, og der var blant dei mest liberale, i følge henne sjølv.


Aggressiv og autoritær


I Samtiden har Nazneen Khan-Østrem gått gjennom Per ­Edgar Kokkvolds utspel om ytringsfridom etter terror­åtaka på USA 11. september 2001 og fram til i dag. Ho konkluderer med han ikkje er den konsekvente talspersonen for ytringsfridom som han gjev seg ut for å vera. Mellom anna ville han nekta holocaustfornektaren David Irving taletid på Lillehammer under litteraturfestivalen i 2009. Samstundes har Kokkvold stått hardt på at muslimar må tåla å bli krenkte med alle typar ord og teikningar, ikkje minst i den såkalla karikatur­debatten ­etter at Jyllandsposten i 2005 trykte karikaturteikningar av profeten Muhammed.


- Kokkvolds ytringsfridomsretorikk er einsretta. Det er noko muslimar må tåla.


- Utan at det står i klartekst i artikkelen din, er det lett å tolka deg som at du meiner Kokkvold driv sivilisasjonskamp: Det norske mot det muslimske.


- Eg meiner han gjer nettopp det i dei innlegga der han gong på gong snakkar om å verna om «vår livsform».


Khan-Østrem skuldar også Kokkvold for både konkret mangel på kunnskap om ein av verdsreligionane, for ikkje å ta religionens plass i det offent­lege på alvor og for å mangla eit internasjonalt makt­perspektiv i utspela sine.


- Eg saknar refleksjon over kva kontekst til dømes karikaturteikningane vart skapte i. Kokkvold repeterer at dei er «harmlause». Men hadde ikkje Flemming Rose eit tydeleg prosjekt med å trykka desse teikningane? Dei vart i alle fall ikkje skapte i eit vakuum.


Media driv terrorkrig


- Mi forståing av internasjonal presse etter 11. september 2001, er at media har gått inn i kampen mot terror, der muslimar er skyteskiva. Noko som mellom anna har gjeve seg utslag i innskrenka menneskerettar. Karikaturane er ein del av den krigen, som også er ein politisk sivilisasjonskrig. Eg meiner det er urovekkjande at ein del norske intellektuelle ikkje forstår at karikaturane er ein del av noko større, og slik sett langt frå harmlause.


Khan-Østrem avviser også Kokkvold og andre sine påstandar om at muslimar ikkje er noka svak gruppe.


- Om ein ser på økonomisk og politisk styrke i Europa, så er muslimar marginaliserte. Å hevda det motsette, gjev ei problematisk verdsforståing, meiner Khan-Østrem.


Dreiing mot «verdiar»


Nazneen Khan-Østrem byrja som journalist i 1993, som ein av dei første norske journalistane med minoritetsbakgrunn. I dag underviser ho sjølv journaliststudentar ved Høgskolen i Oslo. Ho hevdar å ha registrert mange endringar på ­desse åra.


- På den eine sida er det i dag større forståing av det multikulturelle samfunnet, samstundes er det ein auka tendens til å sjå nordmenn og minoritetane som representantar for ulike verdiar: «oss» og «dei». Når Kokkvold møter så lite motbør blant sine eigne i pressa for utspela sine, kan tagnaden lesast som ei støtte til ei slik tolking.


- Det kjennast som alle må stå i giv akt overfor ein ytringsfridom som er definert ut frå eitt særskilt sivilisasjonsstandpunkt. I større grad enn nokon gong lever vi i eit multikulturelt samfunn. Det inneber at det vil vera kamp om innhaldet i verdiane. Det må vi leva med og ta inn over oss.


Forsvar for ytringsfridom


Khan-Østrem er oppteken av å understreka at ho meiner ytringsfridommen aldri skal innskrenkast.


- Eg er inga sint muslimsk kvinne, men tvert om ein svært religionskritisk person. Eg går ikkje islamistane sitt ærend. Når eg kritiserer Kokkvold, er det ikkje så mykje Kokkvold som person eg kritiserer. Det er posisjonen som generalsekretær i Presseforbundet eg vil setja under debatt. Kva rolle er general­sekretærjobben?


Hadde Per Edgar Kokkvold vore ei uavhengig intellek­tuell røyst i norsk allmente, hadde synspunkta hans


vore ein personleg ståstad blant mange, ifølgje Khan-Østrem.


- Det problematiske ligg i at generalsekretæren i Presseforbundet uttalar seg på vegner av alle norske journalistar. I staden for å fungera som ein inkluderande generalsekretær i eit mangfaldig samfunn, nyttar Kokkvold ein retorikk som liknar meir på Framstegspartiets talemåtar, der han seier til muslimar at dei enten er med oss eller mot oss.


- Du seier Kokkvold har ein «ubevegelig posisjon», meiner du han har måla norsk presse inn i eit hjørne som gjer dialog vanskeleg?


- Då teiknaren Kurt Westergaard vart overfalle i sin eigen heim, var Kokkvolds reaksjon at alle norske aviser burde trykka karikaturteikningane straks. Då Dagbladet slo opp ei teikning av Muhammed som gris på framsida, kritiserte den same Kokkvold handlinga, med den grunngjevinga at teikninga var «hatsk». Kva var skilnaden mellom karikaturteikningane og Dagblad-grisen? Eg forsvarte Dagbladet i denne saka, fordi det var ei alvorleg og relevant nyhendesak.


Kokkvold får sjølv svara kvifor han skilde slik mellom dei to sakene, men det er i alle fall påfallande at han då ville understreka at ei teikning kunne vera hatsk.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.36