Fredag 17. september 2010 Innenriks

- Slett politisk handverk

BOK: Nav-reforma har vore sterkt ­politikarstyrt frå starten, men ingen politikar har tatt ansvar for den varige krisa. Det seier Nav-tilsett i ny bok.

I boka «NAVet som knakk» rettar Kristian Lislerud skarp kritikk mot både dei politikarane som førebudde og sette i verk Nav-reforma, og dei som ikkje har tatt ansvar etter kvart som enorme problem har blitt synlege.


- Statsminister Jens Stoltenberg gjekk under dekk da Nav-stormen kom. Statsråd Bjarne Håkon Hanssen møtte kritikken frå Riksrevisjonen med kåserande kommentarar. Da situasjonen var på det mest kritiske, gjekk Dag Terje Andersen av som statsråd, og det vart sett inn ein settestatsråd, oppsummerer Lislerud.


Han er sjølv tilsett i Nav, men arbeider som seniorrådgivar i ei fagforeining.


- Da Hanne Bjurstrøm tok over som arbeidsminister i desember 2009, hadde ho materiale nok til å handla, men har seinare vist noko bortimot handlingslamming. Det er ubegripeleg at Arbeidarpartiet sine sentrale politikarar har tatt så lite ansvar for gjennomføringa av Nav-reforma, seier han til Klassekampen.


- Partiet har hatt ei viktig rolle i oppbygging og vedlikehald av velferdsstaten. Framtida for velferdsstaten avheng av oppslutning i folket. Det krev kvalitet i dei offentlege tenestene, elles opnar ein for privatisering av tenestene.


Utan risikovurdering


Boka gjennomgår førearbeid for reforma, brukarerfaringar og kritikk frå Arbeidstilsynet, Riksrevisjonen og Arbeidsforskningsinstituttet, fagforeiningar og brukarorganisasjonar.


- Det har vore eit forunderleg spel gjennomført i eit sjølvbeskyttande system innan makteliten. Fleire utgreiingar rådde til at ein skulle satsa på ei felles førsteline, men halda fast på to statlege etatar. Likevel gjorde Stortinget vedtak om ein statleg etat med deltaking av den kommunale sosialtenesta i førstelina. Den første generalfeilen var at ei så stor reform vart sett i verk utan solide risikovurderingar, seier Lislerud.


«Ei dør inn» har vore slagordet for å marknadsføra den store reforma.


- Ein vakker, men urealistisk draum. Korleis kan ein person ha kunnskap om heile det omfattande regelverket som Trygdeetaten og Aetat forvalta? Skulle det ha vore realisme i dette, måtte ein først ha rydda kraftig i jungelen av tiltak og ytingar. Hadde ein starta med å forenkla lov og regelverk, og så vurdert kva som trongst av andre endringar, kunne resultatet blitt ein betre og sterkare velferdsetat, seier han.


Kompetansesgap


Lislerud meiner ein vesentleg feil var at reforma vart bygd ovanfrå, med vekt på kva direktorat og fylke skulle gjera, men utan nok innsikt i kva som skulle gjerast på det lokale Nav-kontoret.


- Brukarane vart ikkje høyrde, og det vart lagt lite eller inga vekt på kva dei tilsette trong av kunnskap for kunna å møta brukarane på verdig vis. Resultatet er at brukarane og dei tilsette har betalt ein høg pris for reforma.


Først mot slutten av 2008 - to år etter at reforma vart sett i verk, og eitt år før den skulle vera fullført - kom det ein kompetanseplan for dei tilsette. I mellomtida hadde mykje kompetanse blitt borte, mange erfarne tilsette hadde slutta, andre hadde blitt flytta frå førstelina til spesialeiningar utan kontakt med brukarane.


Arbeid og aktivitet


«Fleire i arbeid, færre på trygd» var ei målsetting for Nav-reforma. Lislerud meiner politikarane har brukt den på ein stigmatiserande måte, med Bjarne Håkon Hanssen sine ord om å «stå opp om morran» som eit førebels lågmål.


- I tillegg til arbeid, skal det også vera tilbod om aktivitet. Det har blitt nedtona. Meiningsfull aktivitet kan føra mykje godt med seg for den som har levt i sosial isolasjon. Men det krev at dei tilsette har både tid og kompetanse. Det er ikkje nok å laga planar og piska med nye kontrollrutinar, seier Lislerud.


- Det er for seint å reversera reforma. Det som trengst no, er å utvikla kompetente og myndige Nav-kontor. Lytt til dei tilsette og brukarane, er hans råd til dei ansvarlege.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.37