Mandag 1. november 2010 Innenriks

Siger for spekulantskatt

Næringsutvalet i Nordisk Råd har einstemmig innstilt skatt på finans-handel. Torsdag kan dette verte offisiell nordisk politikk.

- Dette er eit gjennombrot. Alle fraksjonar i næringsutvalet, frå høgre til venstre, har gått inn for finansskatten, så eg har stor tru på at dette kan verte den offisielle, nordiske linja, seier Alf Holmelid (SV), medlem av næringskomiteen på Stortinget og næringsutvalet til Nordisk Råd.


Einstemmig


Denne veka reiser han og andre politikarar frå heile Norden til Reykjavik for å ta opp saker til Nordisk Råd. Torsdag tek dei opp skatt på internasjonal finanshandel. Skatten skal i første rekke ta for seg valutahandel over grensene, såkalla Tobin-skatt (sjå faktaboks).


Framlegget kjem frå dei sosialistiske og grøne partia. Nordisk Råd sitt næringsutval skal snikre saman ei ferdig innstilling på tysdag, men har førebels einstemmig gått inn for Tobin-skatten.


Det skjedde sjølv om ordføraren i utvalet kjem frå det svenske høgrepartiet Moderaterna.


- Og næringsutvalet er ikkje nett det mest radikale i Nordisk Råd, seier Holmelid.


Symboleffekt


Kvar dag skiftar om lag 23 billionar kroner hender på den internasjonale valutamarknaden. Berre litt over éin prosent er knytt til sal av varer og tenester, resten er reine finansstraumer - til dømes når spekulantar veddar på om ein valuta vil falle i kurs. Då renn pengane ut av landet, og skapar store problem for land i økonomisk knipe, som Island og Hellas.


FN si ekspertgruppe har rekna ut ein skattesats på 0,005 prosent av denne valutahandelen vil kunne gje det internasjonale inntekter på 225 milliardar kroner i året.


- Det ligg ein stor symboleffekt i at vi tek opp dette i Island, eit land spekulantane har tvunge ned på kne, seier Holmelid.


Det same seier Álfheiður Ingadóttir frå det Venstre-Grøne partiet på island. Ho kjem til å vere med på Nordisk Råd sitt møte, og stadfestar at islendingane vil halde flammande innlegg for finansskatten.


- Denne skatten vil verte viktig for å hindre eit nytt finansielt samanbrot her til lands. Valutaspekulantane ventar no på at verdsøkonomien kan lækje seg, slik at dei kan starte på nytt. Skatten vil både tøyle finanshandelen og tvinge spekulantane til å betale for gjenoppbygginga av økonomien vår, seier Ingadóttir.


Internasjonalt press


Sjølv om bistandsminister Erik Solheim (SV) og LO-leiar Roar Flåthen vil ha Noreg til å innføre Tobin-skatten, har arbeidet stogga i Arbeidarpartiet (Ap).


«En særnorsk finansskatt lar seg ikke gjennomføre. Nøkkelen er en global skatt, sa Thomas Breen, skattepolitisk talsperson for Ap, til Klassekampen i juli.


- Det er gode grunner til at vi venstrepartia har satsa så hardt på Nordisk Råd. Eit vedtak frå rådet vil leggje press på dei nordiske regjeringane på å verte meir offensive internasjonalt. Slik vil styresmaktene i kvart einskild land kjenne at dei står saman, og ikkje aleine, seier Holmelid.


Meldinga frå Reykjavik lyd likeins:


- Ordninga må byggje på eit internasjonalt samarbeid. Difor er vi islendingane veldig glade for at vi fekk semje i næringsutvalet. Det er eit stort, første skritt, seier Ingadóttir.


Etter krisa har fleire tunge aktørar ivra for Tobin-skatten: Framfor FN-toppmøtet i september fremma 60 land framlegg om å innføre skatten, leia an av Frankrike og Japan.


Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (SV) støtta framlegget, og uttalte til Dagsavisen at det internasjonale samfunnet endeleg kunne få pengane det trong til å takle klimaproblem, svelt og fattigdom.


- Med Solheim på laget kjenner vi delegatane at vi har god ryggdekking frå Noreg, seier Holmelid.


- Rammer ikkje folk flest


Framlegget frå dei sosialistiske og grøne partia var opphavleg at dei nordiske landa både skulle plikte seg til å innføre ei fellesnordisk avgift på finanshandel over grensene og arbeide for ein slik skatt internasjonalt.


For å få alle i næringsutvalet med på laget, valde dei å droppe det første leddet, slik at landa ikkje pliktar innføre skatten i sitt eige land, berre til å arbeide for skatten i internasjonale fora.


- Det var ei taktisk vurdering, seier Holmelid, som har vore sentral i utvalsarbeidet. Han strekar likevel under at venstregruppa ikkje gjev seg med det:


- Vi kjem til å ta opp den fellesnordiske skatten på nytt under plenumsmøtet på torsdag, seier han sjølvsikkert.


Ingadóttir ser for seg at skatten vil vere liten i prosent, og difor ramme storspekulantane mykje hardare enn dei som faktisk treng valuta for å handle varer og tenester.


- I FN og andre stader har ein diskutert satsar på 0,01 til 0,25 prosent. Det er lite, men med dei enorme summane spekulantane flytter på, vil det verte dyrt for dei. For eingongstransaksjonar vil det ikkje bety så mykje, forsikrar ho.


Ingadóttir vonar skatten kan verte eit lysglimt i den økonomiske krisa som har ramma Island så hardt.


Den amerikanske økonomen James Tobin, som i si tid arbeidde for sentralbanken og finansdepartementet i USA, tilrådde ein skatt på valutahandel allereie på 70-talet. Krisa i Søraust-Asia i 1997 (som løpsk valutahandel må ta mykje av skulda for) fekk skatten opp på dagsorden, men dette arbeidet var ifølgje Ingadóttir torpedert av dei internasjonale finansgigantane.


- Trur du framlegget har ei sjanse på plenumsmøtet?


- Det kan godt vere høgrepartia vil markere seg, men med signala frå sosialdemokratane, sentrums- og venstregruppa er eg i god tru, seier Holmelid.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.38