Tirsdag 23. november 2010 Meninger

Uryddig

Dagens leder

Statssekretær Jan-Erik Støstad i Arbeidsdepartementet handla uryddig då han forsynte Samarbeidskomiteen LO/DnA med diskusjonsnotat om framtidas uførepensjon, «på vegne av Arbeidarpartiet», som han seier. Det er ei uheldig rolleblanding når den politiske leiinga i departementet som har fagleg hovudansvar for endringar i uførepensjonssystemet, produserer partimateriale til Samarbeidskomiteen. Støstad sa til Klassekampen i går at ingen i Samarbeidskomiteen var i tvil om kva slags status notatet hadde. Men dette var ikkje klarare enn at Støstads innspel vart presentert som «notat fra AD» då LO sende notatet ut til medlemene i komiteen. Støstad er ein av dei viktigaste personane i regjeringas arbeid med uførereforma, og kan ikkje utan vidare skifte hatt til engasjert partimedlem.


SVs faglege leiar Jan Olav Andersen minna i Klassekampen om at Arbeidarpartiet ikkje sit aleine i regjering. Han åtvarar Ap og LO mot å behandle slike saker i lukka rom, medan tre parti saman skal utarbeide framlegg for Stortinget. Støstads handlemåte og reaksjon illustrerer at toppsjiktet i Ap har vanskeleg for å innsjå at Gerhardsen-epoken er over; tida då «somme av oss har snakka saman» og LO var partiets viktigaste og tidvis einaste korrektiv. Gjennom fleire tiår var Samarbeidskomiteen LO/DnA med på å styre landet, mellom anna ved å utnemne utval som fekk stor innverknad på utvikling av politikk i Arbeidarpartiets regjeringar frå 1935 og i etterkrigstida. «Det faglige og politiske fløt stadig mer over i hverandre», som Inger Bjørnhaug skriv i verket om LOs historie.


Samarbeidskomiteen overlevde då bindingane mellom Ap og LO vart svekt på 1990-talet. Organisasjonane står fritt til å ha sine samarbeidsorgan. Men når statsminister Jens Stoltenberg og partisekretær Raymond Johansen set seg ned saman med LO-leiar Roar Flåthen og LOs mektigaste forbundsleiarar for å drøfte notat frå Arbeidsdepartementets statssekretær om ei brennbar sak som uførepensjonen, blir Samarbeidskomiteen premissleverandør og «skuggeregjering» på ein måte som ikkje høyrer heime i det demokratiske systemet.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.38