Fredag 31. desember 2010 Kultur og medier

Siste skanse er tapt

Dei norske Bokklubbane feirar 50 år. Men ikkje alle medlemene er i festhumør. Bokklubben har nemleg kvitta seg med lyrikken.

«Bokklubben Lyrikk legges ned i løpet av kort tid. Ditt medlemskap stoppes automatisk i slutten av november».


Dette var ordlyden i eit brev Jan Erik Vold fekk frå femtiårsjubilanten. Vold har vore medlem av bokklubben i 42 år.


Bokklubben Lyrikk og poesitidsskrifter har vore sentrale i norsk poesiformidling i over femti år. Det siste poesitidsskriftet gjekk inn for ti år sidan. Og no er lyrikkbokklubben òg borte.


Jan Erik Vold uttrykte vonbrotet sitt i siste nummer av Klassekampens Bokmagasin før jul:


- Ein tidsalder i norsk litteratur er forbi.


- Einsretting av feltet


Nedlegginga er ei merkeleg avgjersle, seier Bendik Wold.


Wold er sjølv forleggjar og forfattar. Han fylgjer difor nøye med på utviklinga i bokbransjen.


- Nisjebokklubbane blir offer for at omsetjinga i store bokklubbar som Bokklubben Nye Bøker og Bokklubben Krim og Spenning skal kunne maksimerast. Heller enn å satse i breidda, brukar ein alle tilgjengelege ressursar på det som alt sel godt.


Dette speglar ei generell utvikling i bokbransjen som er uheldig, seier Wold:


- Det har skjedd ein auke i merksemda kring salet på lettseljelege bøker. Dei smale sjangrane får derimot stadig mindre plass. Dette er openbert i bokhandelen. Dikt, kortprosa, skodespel og essays blir gøymde bort, medan besteseljarane blir plasserte i sentrum. Denne utviklinga er no òg tydeleg i bokklubbane.


- Men er det ikkje naturleg at fokus ligg på den mest seljelege litteraturen?


- Bransjen vil i siste instans tapa på ei slik einsretting av feltet. For det fyrste kveler ein den litterære ettervoksteren. For det andre snevrar ein inn tilbodet til lesarane som korkje er interesserte i Ragde eller Nesbø. Bokklubbane har visst ikkje høyrt om «The long tail»: I nettkapitalismens tidsalder handlar det ikkje om å selja mykje av få produkt, men å selja litt av alt.


«Lyrikkelskarar»


Bendik Wold går ved at han sjølv aldri har vore medlem av Bokklubben Lyrikk. Det botnar i profilen som bokklubben har heldt dei siste åra.


- Bokklubben har i altfor stor grad appellert til ein viss type poesilesarar. Det har handla om lyrikkvener eller lyrikkelskarar. Dei har sitt motstykke i ei gruppe i kunstfeltet, «kunstelskarane». Slike har eit hobbyaktig, konservativt og personleg-lidenskapleg forhold til lyrikken. Dei er «fascinerte» av lyrikk på same vis som andre folk er «fascinerte» av frimerke og sjeldsynte sumarfuglar. Dei føretrekkjer at diktet liknar eit dikt og at poeten er poet med stor p.


I opposisjon steller Bendik Wold opp to andre kategoriar poesilesarar. Dei har kome i skuggen av denne nemnde gruppa, seier han.


- På den eine sida har vi dei som ser på diktet som litteraturens pop. Dei interesserer seg for det korte og fokuserte uttrykket, dei poetiske oneliner-ane. Dette er ei yngre gruppe diktlesarar som brukar lyrikk til svermeri og sjelesorg.


- Og den tredje gruppa?


- Det er dei avantgardistisk orienterte poesilesarane. For dei er poesien eit slag litterær grunnforsking, som før eller seinare kjem heile feltet til gode. Desse lesarane er gjerne meir interesserte i diktsamlinga enn enkeltdiktet eller enkeltstrofa.


- På lut og vatn


Wold meiner Bokklubben Lyrikk ikkje har teke godt nok omsyn til dei to sistnemnde gruppene i marknadsføringa.


- Det verkar som om arbeidet i bokklubben har gått på lut og vatn i årevis. Klubben har ikkje ein gong hatt ein eigen redaktør i full stilling. Ein kan nesten mistenkje sveltefôringa for å vera ein medviten strategi, slik at «ingen» skulle sakne klubben når han til slutt vart strupt.


Wold er sjølv med og styrar ein bokklubb, «Singelklubben». Han fortel det er ingen kunst å halde ein bokklubb for den smale litteraturen gåande.


- Røynsla vår er at det er mogeleg å nå ut til lesarar utan å bruke mykje pengar. Vi opererer med forsvinnande små kostnader til marknadsføring og lagerhald. Kvar utgjeving kostar 70 kr. Det gjev oss 700 kroner i inntekt i året per medlem. Overskotet delar vi 50-50 med forfattarane. Det er ikkje noko å gjera seg feit på, men det er nok til å halde bokklubben i drift.


Administrerande direktør for Dei norske Bokklubbane, Kristenn Einarsson, har forståing for kritikken, men seier det er ingen veg tilbake.


- Det store vegskilje var den nye bokavtalen som kom i 2004. Avtalen fjerna eineretten bokklubbane hadde til å gje rabatt på bøker. Motstykket til denne rabatten som vi gav medlemene våre, var forpliktinga medlemene gav oss til å kjøpe månadsbøker.


Når eineretten til å gje bokrabatt fall borte, forsvann òg grunnlaget til å oppretthalde dei små bokklubbane. Dermed fall det økonomiske fundamentet bort, seier Einarsson.


Tap av medlemer


Den nye avtalen kom for seks år sidan. Bokklubben har gjort sitt beste på å halde oppe breidda i bokklubbane, kan Einarsson garantere.


- Sidan avtalen kom, har vi likevel heltemodig prøvd å halde liv i Bokklubben Lyrikk. Men no går det ikkje lenger.


- Kor mange medlemer hadde Bokklubben Lyrikk på det siste?


- Eg har ikkje oversikta her, men han talde ikkje meir enn eit par hundre. I byrjinga av totusentalet hadde bokklubben over ti tusen medlemer.


- Men er det ikkje mogeleg å føre overskotet frå dei store bokklubbane over på dei små?


- Det er nettopp det vi har drive med i alle år. Med dei siste åra har vi måtta kutta ned med om lag 50 årsverk. Kostnadsreduksjonane har ført oss i den noverande situasjonen. Det har gjort at det ikkje lenger er forsvarleg å drive marknadstiltak for å skaffe nye medlemer i dei små bokklubbane.


- Slaget er tapt


Kristenn Einarsson har vore leiar i Dei norske Bokklubbane gjennom tjue år. No går han av i pensjon. Ny leiar over nyttår er Kari Møller. Ho har tidlegare hatt leiande stillingar i Dei norske Bokklubbane.


Einarsson seier slaget for poesi likevel ikkje er tapt. Den nye leiinga vil sikkert føre poesien vidare, for grunnlaget til å drive handel og sal i lyrikksamlingar vil framleis vera til stades, seier han:


- Lyrikkinteresserte vil alltid finne det dei er ute etter på nettbasane våre, bokkilden og bokklubbane. Alle diktsamlingar som er tilgjengelege, finst der.


- Kan det bli oppretta ein ny bokklubb med lyrikkbøker i framtida?


- Nei, ikkje slik omstenda er i dag. Slaget for diktsamlinga som månadsbok i ein bokklubb er tapt.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.39