Mandag 14. mars 2011 Meninger

SVs siger

Dagens leder

* Det vart tatt mykje Møllers tran i SV og i fronten mot oljeverksemd utafor Lofoten og Vesterålen då regjeringa la fram sitt oljekompromiss fredag. Ordet «historisk» satt laust både i SV og miljøorganisasjonane. SV kalla vedtaket i regjeringa «vår tids største miljøsiger». AUFs leiar Eskil Pedersen fann grunn til å utnemne Jens Stoltenberg til ein «historisk miljøstatsminister». Ein kan seie mykje om Jens Stoltenberg, men ikkje at han er ein historisk miljøstatsminister.


* Dei negative reaksjonane frå NHO og oljeindustrien syner at det er grunn til feiring, sjølv om ordbruken kjem til å bli dempa når kvardagen melder seg og næringsinteressene held fram med sin massive påverknadskampanje for å opne alle moglege felt for leiting og utvinning. Desse kreftene har langvarig tradisjon for å få det som dei vil uansett politisk regime, slik Statoil viser når dei gjer regjeringa til latter i Mongstad-saka og oljesandskandalen i Canada. Det er derfor ikkje rart at dei hardt prøvde miljøpartia og miljørørsla kunne danse på bordet for ein gongs skuld. Vi finn ikkje grunn til å «snakke ned» SVs siger, sjølv om den ikkje er fullstendig. Kompromisset gjer at partiet går til landsmøte om to veker i løfta stemning etter mykje motgang, og partiet har ut frå styrkeforholdet i regjeringa oppnådd det som var mogleg.


* Oljelobbyen i Arbeidarpartiet held i motsetning til oljeindustrien maska ved å tolke kompromisset som eit mindre viktig utsetjing av regjeringstaktiske grunnar, Ap-ordførar Hugo Bjørnstad i Vågan seier at «SV har fått navnet, men Ap innholdet i oljekompromisset». Fylkesråd Odd Eriksen i Nordland og andre i same liga understrekar at ingenting blir verna, som er det største skjellsordet i deira ordforråd. Etter valet i 2013 kan ein ny politisk situasjon sjølvsagt føre til nye rundar, og «varig vern» av Lofoten og Vesterålen er ein utopi. Men også den borgarlege fløya har sine miljøparti som vil kjempe mot olje i Lofoten og Vesterålen. Det er berre eit blåblått fleirtall med Høgre og Frp som vil sikre olje­industriens inntog i desse områda - ein av mange grunnar til å mobilisere mot eit slikt fleirtal.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.40