Onsdag 26. oktober 2011 Innenriks

Trollmannens læregutar

STORVERK: For første gong kjem økonomen John Maynard Keynes epokegjerande verk «General Theory» ut på norsk. - Les boka, tilrår statsminister Jens Stoltenberg.

I 1929 rasa den frilynte, globaliserte finanskapitalismen saman, med enorm arbeidsløyse og neste runde verdskrigen som resultat.


Mannen med løysinga


Ein mann sat med løysinga: Den britiske økonomen og statstenestemannen John Maynard Keynes. I 1936 kom hans magnum opus «General Theory». Keynes skildra at marknaden ikkje kunne rå seg sjølv, men at staten måtte gripe inn for å syte for arbeid til folk.


I dag, 75 år etter, når verda har gått gjennom den største finanskrisa nokon gong og står på randa av den største gjeldskrisa i historia, gjev Vidarforlaget boka ut på norsk under tittelen «Allmenn teori om sysselsetting, rente og penger».


Sjølvaste statsminister og samfunnsøkonom Jens Stoltenberg (Ap) meiner tida absolutt er inne for å plukke opp boka.


- Krisa gjer Keynes meir relevant. Og mange på høgresida som før tok avstand frå tenkinga hans har vorte varme tilhengarar. No ser dei fleste at staten må lose økonomien gjennom gode tider så vel som dårlege, meiner Stoltenberg.


Velferdsstatens arkitekt


Statsministeren ringjer Klassekampen opp att fem minutt etter at vi har kontakta rådgjevaren hans. Keynes ligg han nært for hjarte.


- Kva har Keynes tydd for deg?


- Svært mykje. Keynes stod sterkt på Blindern då eg studerte på 80-talet. Så skulle tonegjevande økonomar internasjonalt ta avstand frå han. Eg har hatt stor glede av å lese Keynes, og vil kalle meg sjølv keynesianar, seier statsministeren.


Då finanskrisa nådde Noreg sette Stoltenberg-regjeringa i gong byggjeprosjekt og andre program for fleire milliardar, heilt i tråd med Keynes «Allmenn teori». Det er ikkje første gong ein norsk sosialdemokrat trykkjer Keynes nært til brystet.


- Keynes har vore ein viktig inspirator for velferdsstaten sidan mellomkrigstida. Arbeidarpartiets kriseprogram på 30-talet vart faktisk utforma i dialog med Keynes, fortel Stoltenberg.


Då partia på Stortinget krangla om korleis ein kunne berge den norske økonomien meinte både dei borgarlege og sosialistane å ha Keynes i ryggen.


- Ap-sympatisøren og den seinare Nobel-prisvinnaren Ragnar Frisch sendte brev til Keynes. Ap-folket kunne stolt lese opp svaret for Stortinget: Keynes støtta sosialistane sin kriseplan. Keynes var ein akademisk superstjerne av eit format som er vanskeleg å fatte i dag, seier økonomihistorikar Einar Lie ved Universitetet i Oslo.


Dimed hadde den omfattande økonomiske omfordelinga og statlege inngrep i marknadsøkonomien eit solid, vitskapleg truverde.


Globalisert kollaps


Keynes vart fødd i 1883 i eit klima som likna vårt eige: Ein verdshegemon, i hans døme Storbritannia, i vårt USA, slo sprekker, og sjølv om globaliseringsoptimismen var stor hopa det seg opp store ubalanser mellom land med store handelsoverskott og dei med underskott.


Då krakket kom i 1929 svara politikarane med å kutte offentlege utgifter og ofre arbeidsplassar og velferdsnivå for å forsvare den faste valutakursen.


- Liknar ikkje det på kutta Hellas må gjere for å forsvare euroen?


- Det er nett slik situasjonen er i Hellas i dag. Dagens euro svarar til gullstandarden Keynes vaks opp med, hevdar seniorrådgjevar Erik S. Reinert ved Res Publica, som kan Keynes skrifter på rams.


- Keynes såg at den ortodokse samfunnsøkonomien svikta og vart ein kjettar. Han argumenterte mot frihandel, mot marknadsliberalisme og mot fast valutakurs. Den verdikonservative Keynes ville revolusjonere kapitalismen for å berge han, meiner Reinert.


Økonomihistorikar Einar Lie meiner Keynes teoriar om krakket i 1929 har interesse i dagens krisesituasjon.


- Kva han sjølv hadde meint i eit heilt annleis Europa er uråd å seie. Men argumenta hans kan vi hente fram til i dag: Dei peiker mot å la dei svake sør-europeiske landa få sleppe ut av euroen, av di kostnaden ved å halde valutaen fast og i staden kutte i velferda vert så høg.


- Uråd å nytte i Hellas


Keynes er mest kjent for multiplikatorteorien: Møter ein kriser med å kutte offentlege budsjett, vil enno fleire miste jobben og dimed kjøpe mindre, noko som gjer at enno fleire mistar jobben og krisa vert verre. Staten bør difor auke pengebruken, ikkje kutte.


Likevel var ikkje Keynes blind for problema med statsgjeld. Han var mellom anna representant for det britiske finansdepartementet under fredsforhandlingane i Versailles etter første verdskrigen.


- Då argumenterte han heftig mot å lempe så mykje krigsgjeld på Tyskland, av di det ville leie til sosial uro og eit svart syn på framtida. Ingen høyrte på han, men Keynes fekk rett, peikar Lie på.


No rasar demonstrasjonane mot nyliberale velferdskutt over heile Europa. Statsminister Stoltenberg meiner fleire av vestlege statsleiarane berre har fått med seg halve lærdommen frå Keynes.


- Det er eit problem at mange trur det berre handlar om å stimulere i krisetider. Keynes seier òg at ein må bremse økonomien i gode tider. Altfor mange land gjorde ikkje det - i USA gav dei til dømes store skatteletter. Mange EU-land, som Hellas, har no stelt seg slik at dei ikkje kan nytte keynesianske tiltak. Ingen vil låne dei pengar lenger, seier Stoltenberg engasjert.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.43