Fredag 11. november 2011 Innenriks

Framtida er driven av kol

SEIN: Framtida er ikkje fornybar, meiner Oljeindustriens landsforening (OLF). Framover vert kol den argaste konkurrenten til norsk olje og gass.

- Det er veldig langt igjen til verda får dekka energibehovet sitt frå fornybare kjelder, seier Bjørn Harald Martinsen, økonomisk fagsjef i Oljeindustriens landsforening (OLF).


I går la han fram OLF sin konjunkturrapport. På tavla står dei 164 framtidsprognosane FNs klimapanel henta inn i sommar. I snitt vil «rein» energi berre dekkje 27 prosent av verdas energiforbruk i 2050. Då er vasskraft og gasskraft med utsleppsreinsing inkludert.


Vindkraft er dominerande blant dei nye fornybare kjeldene. Sjølv om kapasiteten er åttedobla dei siste ti åra, produserer all verdas vindkraft berre 450 terawattimar i året. Det er berre fire gonger meir enn norsk vasskraft.


- Vind tyder svært lite globalt. Og solenergi produserer berre ein tiandedel så mykje kraft som vindkrafta igjen, fortset Martinsen.


Tvert om er det 1800-talets energikjelde, kol, som rappar marknadsandelane frå norsk petroleum.


Gass og kol tek over


- Paradoksalt nok er det slik at medan klimautslepp for alvor har komme på dagsorden, går energiforbruket andre vegen, konstaterer Martinsen nøkternt.


Verdas energiforbruk har ikkje auka så raskt sidan 1973. Og kol står for 40 prosent av auka dei siste ti åra.


OLF syner til oljeselskapet BPs framtidsanalysar:


n Framover vil olje tape marknadsandelar, frå 33 prosent i dag til 29 prosent i 2020.


n Samstundes veks kolbruken, og i 2020 reknar ein med at kol er ei viktigare energikjelde enn olje.


n Gass har liggje stabilt i ti år, men er venta å vekse til ein marknadsandel på 26 prosent fram mot 2030. Det er like stort som kol og olje kvar for seg, og godt nytt for Noreg, som no produserer meir gass enn olje.


n I 2030 vil fornybar energi berre stå for fem prosent av verdas energibruk. Kombinert med vasskraft er fornybar energi berre venta å dekkje 12 prosent av verdas energibehov om 20 år.


Heldt oppe av Asia


Det er Asia, særleg Kina, som driv opp bruken av kol og dei fleste andre energikjelder.


I motsetnad til Europa og USA veks den kinesiske økonomien framleis raskt. Kinesarane treng store mengder energi - OLF ventar at fram mot 2016 vil 90 prosent av veksten i energibruken komme frå utafrå vestlege industriland (OECD).


I fjor stod Kina for nesten halvparten av verdas kolkonsum, og kol er ein ressurs Kina har mykje meir av sjølv enn andre energikjelder - dei aleine stod for to tredjedelar av produksjonsauken i fjor.


Lite ramma av gjeldskrisa


Gladnyhende for Noreg er at flaumen av ordre frå Asia gjer at petroleumsnæringa vår førebels vert lite råka av gjeldskrisa på kontinentet.


- Tendensen så langt er at oljeindustrien vert mindre ramma av denne krisa enn finanskrisa i 2008, hevdar Martinsen i OLF.


- Leveransar til oljeindustrien er svært viktige for industrien. Industriforeininga Norsk Industri har kontor to etasjar over oss, og du kan tru at i 2008 kom dei nokså ofte ned til oss for å prate, fortel Martinsen.


Det store frykta har vore at gjeldskrise og stagnering i utlandet sender oljeprisen nedover. Eurolanda ligg med broten rygg - i år reknar OLF med at økonomiane deira berre vil vekse med éin prosent, og berre ein halv prosent neste år.


OLF reknar med at ein stor del av prosjekta på norsk sokkel treng ein oljepris på 80 dollar fatet for å vere lønsame. Før finanskrisa var oljeprisen oppe på 147 dollar fatet, før 2008 var slutt låg oljeprisen på 46 dollar fatet.


- I går vart olje selt for 116 dollar fatet, så det nye no er at oljeprisen held seg høg trass uroa i Europa, forklarar Martinsen.


- Men det er klart - vert det alvorleg gale i Europa og dei europeiske politikarane ikkje greier samrå seg, vil vi få eit nytt scenario, strekar Martinsen under. Han syner til at optimismen i den norske petroleumsnæringa er stor (sjå undersak).

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.44