Onsdag 9. mai 2012 Kultur og medier

Demokrati som skulefag

Bør elevar i grunnskulen få eit eige demokratifag?

Enno eit nytt fag, er det kva grunnskulen treng? Vel, det er i alle fall eit sentralt tema i den nye, tverrfaglege antologien «Demokratisk medborgerskap i skolen» (Fagbokforlaget), som vart lansert på Universitetet i Oslo i går.


- Eg kan forstå dei som er skeptiske til innføringa av nye skulefag, men ein må også vera klar over bakgrunnen for ideen, seier Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap og redaktør av boka saman med pedagog Janicke Heldal Stray.


Ideen om eit demokratifag kjem frå England, der dei sidan 2000 har hatt faget citizenship på timeplanen for ungdomstrinnet.


- Faget var eit av tiltaka Labour-regjeringa under Tony Blair innførte for å motverka det dei meinte var ei urovekkjande svekking av deltakardemokratiet, kjennskap til politiske prosessar og prosedyrar, fortel Berge.


Svekt organisasjonsliv


Jamvel om internasjonale undersøkingar viser at norske elevar på 8. og 9. trinn har god demokratiforståing, er det nok av utfordringar også her. Forskarane peikar mellom anna på eit auka fokus på fagprestasjonar i skuleverket og ei minkande og meir sosialt skeivfordelt samfunnsdeltaking generelt.


- Noko av det viktigaste er svekkinga av deltakardemokratiet på kostnad av nettverksdemokratiet. Det mangfaldige norske organisasjonslivet, som har motivert og lært opp folk til demokratisk deltaking heilt sidan 1800-talet, er ingen naturleg arena for ungdom lenger. Færre sluttar opp om lag, foreiningar og politiske parti. Organisasjonsliv har vorte elitekultur og i eliten er nettverk viktig.


OECD har tilrådd eit citizenship-fag, eller på norsk: eit medborgarfag, for å kompensera for liknande tendensar internasjonalt, men Berge veit likevel ikkje om han vil gå inn for det i Noreg.


Årsaka til at Kjell Lars Berge sjølv er skeptisk til eit eige demokratifag, er, som han seier, at demokrati er noko som «må gjerast», ikkje noko som «er».


- Eg meiner skulen må bruka dei reiskapane som finst i skuleplanane og gjera dei til demokratiske verkty. I ein periode no har det vore overfokus på testing av elevane sin fagkunnskap. No har vi ein god sjanse til å venda interessa mot det å nytta gode grunnlagsferdigheiter til utvikling av samfunnsdeltaking.


Nytta grunnkunnskap


Frå sitt eige fagfelt, retorikk, meiner Berge at det er avgjerande at elevane tidleg blir opplærte i ein god ytringskultur. Han er konkret involvert i læreverket «Skriv» og i utviklinga av nasjonale standardar for vurdering av skrivedugleiken til norske elevar. Han meiner at Noreg har ein lang veg å gå før elevane går ut av grunnskulen som retorisk kompetente språkbrukarar, og får støtte i granskingar av argumentasjonsdugleiken til 10.-klassingar.


- Eg er saman med andre no i ferd med å laga nasjonale prøver som skal ut i skulen til hausten. Dette er ikkje testar, men skriveprøvar som skal nyttast for å tilpassa opplæringa etter elevane sine ulike behov. Her må elevar på 4.-5. trinn prøva seg på å skriva overtydande tekstar, om ting som rører deira kvardag: frå leikestativ til godteri i skulen. Målet er å gjera elevane både logisk resonnerande og spissformulerte, og på same tid usamde på ein sakleg måte. Det er demokratisk øving i praksis.


Det handlar om å gje lærarane praktiske reiskapar - også for å byggja elevane sin munnlege retoriske kompetanse. Den munnlege argumentasjonsdugleiken har vore underkommunisert i skulen, meiner Berge.


- Det blir ofte negativt fokusert på elevar med svake fagresultat, men vi ser at bråkegutar som gjer det dårleg skriftleg, likevel er engasjerte og deltek i debatt med argument på sitt nivå, til dømes med skjellsord. Engasjementet må ein venda det til noko positivt. Kompetansenivået deira er nett det skulen kan og bør gjera noko med.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.47