Mandag 11. juni 2012 Innenriks

Krisetal for SV

FALL: Hadde det vore val i morgon, ville SV gått frå 11 stortingsrepresentantar til å ha éin. Dei raudgrøne er ikkje i nærleiken av nytt fleirtal, medan Venstre fossar fram.

I Klassekampens junimåling får SV ikkje meir enn 3,5 prosent oppslutning. Det er andre målinga på rad for Klassekampen at SV er under sperregrensa. Vart dette valresultatet neste år måtte SV vinka farvel til utjamningsmandata, og stortingsgruppa på 11 ville ha vore nær utradert med berre éin representant att.


Dimed ville Audun Lysbakkens flokk vore jamstore med Raudt, som i junimålinga får inn ein representant på Stortinget.


- Vi er klar over at dette er ein alvorleg situasjon. Det gjeld å ha is i magen. No er partiapparatet i full gong med å peike ut tre reformer vi skal gå til val på, seier Silje Schei Tveitdal, partisekretær i SV.


Framlegget til SVs nye arbeidsprogram er for tida på høyring i organisasjonen.


Langt unna fleirtal


Senterpartiet (Sp) held seg så vidt på sperregrensa. Partiets fall frå 4,8 prosent i mai til fire prosent i juni er innanfor feilmarginen - det same er Aps fall frå 29,5 prosent i mai til 27,8 prosent i juni.


Oppsvinget Ap fekk etter terroren 22. juli er no fordunsta. Vart junimålinga valresultatet ville partiet gått frå dagens 64 stortingsrepresentantar til 50, og dei raudgrøne samla gått frå 86 representantar til 58.


Det er 27 mandat for lite til å få fleirtal på Stortinget, noko dei fleste reknar må vere på plass for å danne ein ny raudgrøn samlingsregjering.


Samstundes gjer Høgre nok ei god måling med 32,9 prosent av røystene, nær ei dobling av valresultatet i 2009.


FrP har framleis ikkje henta att fallet frå i fjor haust, men går sakte opp til 18,9 prosent. Dimed ville Høgre og FrP til saman fått 93 mandat, meir enn nok til å skipe regjering aleine.


Venstre i medvind


Junimålinga er elles kjenneteikna av små rørsler i dei store partia - dei verkelege endringane kjem i småpartia.


Venstre bykser fram frå 3,7 prosent i mai til 5,4 prosent i juni - eit hopp som er større enn feilmarginen og dimed tyder på eit reelt skifte hos veljarane. Slik kjem Venstre komfortabelt over sperregrensa og kan gle seg over ei stortingsgruppe som ville vekse frå dagens to representantar til 10 representantar.


Nestleiar Ola Elvestuen i Venstre tykkjer tala er triveleg lesnad.


- Dette er bra! Og det syner at folk ser at det trengst eit klart liberalt parti på tinget. Det kom særleg fram i saka om asylbarna, der vi stod for ei heilt annleis, meir human linje enn regjeringa, og i arbeidet med klimaforliket. Ein får ikkje til slike forlik utan småpartia, og det trur eg folk ser, seier Elvestuen.


- Venstre er elles eit klassisk lærarparti, og lærarane har nett vore i streik mot regjeringa. Kan det ha hatt noko å seie?


- Det er vanskeleg nøyaktig kva som gjer utslag i slike målingar. Eg trur det er arbeid over tid. Når vi kan vere så synlege med to representantar, kor mykje kan vi ikkje få til med ti, spør Elvestuen.


Raudt tener på valreform


Til stortingsvalet 2013 får fylka fordelt mengda stortingsmandat på nytt.


På grunn av høg innvandring veks folketalet i Oslo, ergo får fylket to ekstra mandat. Det gjev draghjelp til Raudt, som står sterkare i hovudstaden enn i landssnittet.


- Eg trur det er mange som saknar eit reelt opposisjonsparti frå venstresida på tinget, som verkeleg vil gå i rette med det aukande gapet mellom leiarlønene på den eine sida og den veksande barnefattigdommen på den andre, meiner Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.


Samstundes tener Raudt framleis lite på SVs fall. Berre fire prosent av dei som seier dei stemte SV i 2009 seier no at dei vil røyste på Raudt.


- Om folk er så skuffa over SV, kvifor går ikkje fleire av dei til Raudt?


- Vi har absolutt ein jobb å gjere for å vise fram politikken vår til fleire enn vi greier i dag, seier Moxnes.


Heile 19 prosent av SVs veljarane frå 2009 seier no dei vil røyste Ap, seks prosent går til Høgre og seks til Venstre, medan heile 15 prosent har vorte heimesitjarar.


- Burde ikkje SV dimed snarast gå til høgre, sidan det er dit de lekk?


- Nei. Vi håpar syne venstresida i Ap at dei er best tente med å røyste SV, svarar SVs partisekretær Tveitdal.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.47