Tirsdag 4. september 2012 Innenriks

- Politiet gav opp for lett

STOPPA: - Politiet slit med manglande kompetanse og interesse for å etterforske Breiviks internasjonale nettverk, seier journalist Kjetil Stormark. Han har samla Breiviks e-postar i bokform.

Seks dagar etter Utøya-terroren 22. juli 2011 gav ei norsk hackar-gruppe fleire enn 7000 av Anders Behring Breiviks e-postar til journalist Kjetil Stormark.


Stormark leverte materialet til politiet og kunne i går presenterte funna i boka «Massemorderens private e-poster»:


n E-postane syner at Breivik var til stade på stiftingsmøtet til det høgreorienterte nettverket «Documents venner» i 2009.


n At han var i dialog med dei og Frp om å starte ein konservativ avis.


n Det finst òg spor av terrorplanar i e-breva.


Til ein finsk våpenleverandør skriv han 31. mars 2011:


«Jeg har gjort omfattende undersøkelser og har ikke greid å finne en A1/A2 munningsflammedemper som passer til Ruger Mini 14 (automatvåpenet Breivik nytta på Utøya. Omsett frå engelsk, jour. merk.)»


- Det går fram at han kjøpte seg automatvåpen, blålys, uniformseffektar, og laboratorieutstyr. Eg har snakka med PST-tilsette som meiner 22. juli kunne vore hindra om dei var i stand til å samanfatte alle desse spora, fortel Stormark.


At PST ikkje greidde det, meiner Stormark kjem av ei av svikt i kompetanse og kapasitet pluss dei strenge reglane som finst for overvaking.


Stormark er uroa over kor fort politiet avfeidde Breiviks internasjonale kontaktnettverk.


- Manglar kompetanse


Bankkortinformasjon syner at Breivik reiste til utlandet kvart år mellom 1998 og 2010. I fleire e-postar skildrar han det langvarige arbeidet sitt med å knyte til seg likesinna i utlandet.


I avhøyr fortalde han at blant dei 8000 Facebook-kontaktane sine skjulte det seg eit medlem av terrorgruppa Knights Templar. I e-postar til Fjordman fortel han at han nyttar Facebook til å skaffe seg e-postadresser til allierte. Desse adressene nytta Breivik seinare til å sende ut manifestet sitt.


Likevel: Politiet har enno ikkje tilgang til dei to Facebook-profilane Breivik nytta og fortalde retten at det ville vere for mykje arbeid å granske dei 8000 adressatane av manifestet.


- Her ser politiet ut til å mangle kompetanse. Det går fint an å automatisere slike søk av e-postadresser, seier Stormark.


Prestisje i vegen


Facebook-spora til Knights Templar-medlemmen kategoriserte politiet som ei «vrangførestelling».


- Då politiet la fram resultata av si etterforsking for retten, vart eg overraska over kor lite vekt dei låg på reiseverksemda og dei internasjonale kontaktane til Breivik, og kor kort etterforskinga av dette hadde komme, seier Stormark.


Politiet kalla stiftingsmøtet til Knights Templar i London i 2002 for oppspinn, trass i at dei sit på kvitteringar som syner at Breivik var i London på det aktuelle tidspunktet.


- Politiet la stor prestisje i å hevde at Breivik var aleine om terroren, trass i dei internasjonale spora i e-postane. Eg er uroa for at denne prestisjen hindrar dei i å komme til botnar i nettverket hans og i verste fall hindre eit nytt 22. juli, seier Stormark.


Skjulte spor


Det kjem ikkje fram i e-postane Stormark tok imot at Breiviks brevvener visste noko om terroren han planla.


- Likevel er arbeidet hans i utlandet så omfattande at det finst sterke grunner til å halde fram etterforskinga. Det finst òg spor til mykje informasjon politiet ikkje har fått tilgang til, meiner Stormark.


Ifølgje Breiviks forsvararteam nytta han 31 e-post-kontoar, ifølgje aktoratet 21. Politiet har berre fått innsyn i ti av dei. Stormark peiker på at Breivik i tillegg systematisk sletta e-postar for å verne seg sjølv.


- Men sjølv sletta e-postar ligg ofte att på servarar og harddiskar, og kunne vorte henta ut?


- Jau. Breivik nytta e-post-selskapet Hushmail, og politiet gjekk ut frå at sidan selskapet leverer gradering av e-postar. ville det ikkje nytte å be det om innsyn. Men sjølvsagt sit Hushmail på krypteringsnøklar som kunne sett etterforskarane i stand til å lese e-postar som ikkje fanst i mitt materiale, forklarar Stormark.


Han meiner e-postane Breivik skreiv syner kor rasjonell og tålmodig Breivik planla terroraksjonen, og er ikkje i tvil om at det var riktig av retten å dømme han som tilrekneleg.


Ulovleg datainnbrott


Stormark fortel at politiet var ambivalent til å ta i mot informasjon som kom frå ulovlege datainnbrott, men at han sjølv berre vart kalla inn til avhøyr og ikkje møtte represaliar frå politiet.


Det tok politiet åtte dagar å behandle avhøyret av Stormark i den kritiske fasen då politiet framleis jakta på moglege medsamansvorne av Breivik.


Stormark strekar under at han ikkje hadde noko med hackinga av Breiviks e-postkontoar å gjere.


Hackarane skal ha bede han levere materialet til politiet, slik at dei kunne bidra til etterforskinga og samstundes minimere risikoen for å verte straffa sjølv.


Stormark og forlaget Spartacus har i boka anonymisert dei fleste privatpersonane Breivik kommuniserte med.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.49