Mandag 29. oktober 2012 Innenriks

Skolemål på kontrakt

PÅ PAPIRET: Høgre vil påleggje alle kommunar å kontraktfeste skolane sine resultatmål.

Alle rektorar skal ha kontraktfesta mål for sin skole, meiner Høgre.


I sitt førsteutkast til stortingsvalgprogram for 2014-2017 krev partiet at alle landets kommunar må utarbeide resultatkontraktar med rektorane.


Slike klassiske New Public Management-kontraktar blir allereie nytta i mange kommunar, og vidaregåande skoler.


- Vi ønskjer at kommunane som skoleeigarar skal ha ein leiarkontrakt med rektor, som skoleleiar, seier nestleiar i programkomiteen Linda Hofstad Helleland.


Akkurat korleis dette skal gjennomførast har ikkje programkomiteen tatt stilling til.


- Vi har slått fast at vi ønskjer å følgje opp rektorane, og skolane sine resultat tettare, men akkurat korleis kontraktane skal sjå ut blir litt opp til kvar enkelt kommune, seier Helleland.


Ho trekk likevel fram praksisen i osloskolen som eit døme på korleis dette er meint å fungere.


Basert på nasjonale prøver


I Oslo kommune har alle skolar resultatkontraktar med rektorane som er basert på dei resultata skolen oppnådde året før.


- Resultatmåla tek utgangspunkt i elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, og om skolen er ein trygg stad å vere. Resultata blir målt gjennom nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar, fortel Torger Ødegaard, skolebyråd i Oslo kommune.


Han ser ikkje noko negativt med kontraktfesta resultatmål og meiner det er spesielt viktig for dei svakaste elevane.


- Folk på yttarste venstre ser ut til å synest at skolen er bra som den er. Dei nøyer seg med ein skole som er tilpassa middelklassen, fordi middelklassen sin barn alltid greier seg. Dei har foreldre, søsken eller eit miljø som kan hjelpe til. Dei som ikkje har det er avhengige av at skolen følgjer med og følgjer opp, seier Ødegaard.


Han håper resultatkontraktar blir ein realitet ved alle skolar etter stortingsvalet neste haust.


- Egoistisk jakt på resultat


Magnus Marsdal i Manifest Analyse reagerer på at Høgre vil påleggje alle kommunar å kontraktfeste resultatmål.


- Dei har ei religiøs overtru på forretningslivet sin resultatmoral. Den er veldig skadeleg når den innførast i system som tek vare på barn og unge, meiner Marsdal.


I fjor gav han ut boka «Kunnskapsbløffen» der han beskriv misbruk av nasjonale prøver, og skolar som pressast inn i rangering og konkurranse om testresultat.


- Eg trur dei fleste foreldre fryktar skoler og barnehagar der dei vaksne drivast av egoistisk jakt på resultatmål. Når målstyring etter bestemte tal avgjer dei vaksne si løn, byrjar målingane å styre åtferda deira, i staden for barna sitt beste.


- Det som skjer alt no, er juks gjennom omfordeling av ressursar. Som når timar blir flytta bort frå spesialundervisning og dei barna som treng mest hjelp, og over til elevar som er betre eigna til å heve snittresultatet.


Marsdal meiner det er oppsiktsvekkjande at Høgre meiner staten skal tvinge alle kommunar til å leie skolen etter metodar ein lærer på handelshøgskoler.


- Alle kommunar er ikkje Høgre-kommunar. Eg syns det er noko småstalinistisk over å innføre målstyring gjennom statleg diktat.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.50