Lørdag 25. mai 2013 Kultur og medier

Ser forbi gamle mytar

Kva vitskaplege framsteg kom ut av den islamske gullalderen? Teknisk Museum hentar inn historiske prov. - Eit korrektiv til ein mytestyrt debatt, ifølgje prosjektleiar Vidar Enebakk.

Den islamske gullalderen (ca. 750 til 1258) har vorte samtidspolitisk krut. I kjølvatnet av dei arabiske erobringane følgde spreiing og utvikling av naturvitskap, filosofi og styresett. Når konsekvensane av 1200 år gammal historie blir tolka i dag, ligg vår tids konfliktar under overflata.


Forfattaren Walid al-Kubaisi argumenterte nyleg i Klassekampen for at fleire nye bøker formidlar mytar om ein tolerant, idémyldrande islamsk kultur i Sør-Spania, al-Andalus (711-1492).


- Walid al-Kubaisi har rett i at dette er eit tema der mytane dominerer. Faktisk er heile debatten strukturert ut frå mytar, same kva side ein ser konflikten frå, seier Vidar Enebakk, vitskapshistorikar og førstekonservator ved Teknisk Museum.


Han er prosjektansvarleg for den komande utstillinga «Sultans of Science - Islamic Science Rediscovered».


Historiske prov


«Sultans of Science» er ei vitensenterutstilling retta mot barn og den største satsinga ved Teknisk Museum i år. Vandreutstillinga er laga av MTE Studios, ein internasjonal utstillingsprodusent med hovudbase i Dubai, og ho har alt har vorte ein publikumssuksess i Asia, USA og Canada.


Ved hjelp av interaktive formidlingsmetodar, store replika av gammal teknologi og vitskaplege instrument viser utstillinga framsteg innan eit breitt naturvitskapleg spekter - frå matematikk til konkrete nyvinningar innan medisin, optikk, astronomi og irrigasjon.


- Det aller meste i denne utstillinga vil vera ny kunnskap for nordmenn, vaksne som barn. Det finst også ein myte om at vi alt veit mykje om islams bidrag til den tidlege vitskapen, men når det kjem til konkrete personar, kunnskapar og gjenstandar, er dei fleste blanke.


Ifølgje Enebakk er føremålet med utstillinga å undersøkja islamsk kultur på dens eigne premiss.


- Utstillinga har ei historisk tilnærming. Den tar oss med til byar som Bagdad, Cordoba, Samarkand og Kairo på gjevne tidspunkt og let oss sjå kva som skjedde der og då. Då finn vi oppfinningar som viser at den islamske kulturen ikkje berre opna opp for vitskaplege framsteg, men at dette tvillaust var ein gullalder på fleire måtar.


Utstillinga tonar ned spørsmålet «Kva innverknad hadde dette på Europa?». Enebakk meiner det er fruktbart:


- Det å ta eit steg tilbake frå det betente og eurosentriske notidsperspektivet og i staden ta utgangspunkt i historiske eksempel, kan vera viktig for utviklinga av debatten i dag.


Mytedebatten


Også «Sultans of Science» har vore omstridt. Teknisk Museum er det første europeiske museet som viser utstillinga. Enebakk fortel at det er først når det europeiske samtidsperspektivet blir dregen inn, at det blir konflikt. Då tyr folk lett til mytar.


- På den eine sida har ein myten om «lyset frå al-Andalus» - at europeisk modernitet kjem frå islam. På den andre ytterkanten har ein det motsette standpunktet, at europearane i det heile ikkje vart påverka av muslimane - eit perspektiv som har fått stor merksemd dei seinare åra.


I 2008 gav den franske mellomalderhistorikaren Sylvain Gouguenheim ut boka «Aristote au Mont-Saint-Michel», som avviste det tradisjonelle synet på at ideane frå den greske antikken kom til Vest-Europa via arabiske tekstar. Gouguenheim gav kristne i Orienten æra for å ha formidla Aristoteles og andre til sine vesteuropeiske trusbrør. Boka vart møtt med ein hard debatt mellom franske faghistorikarar og brei internasjonal interesse.


Det vart eit tema at delar av Gouguenheims bok hadde vorte førehandspublisert på høgreekstreme nettstader, noko som illustrerer utfordringane med debatten kring islamsk gullalder i dag. Men midt mellom dei sterkt politiserte frontane går det også føre seg forsking på tidleg vitskap og islamsk kultur. Denne forskingsfronten kjem til orde på Teknisk Museum over sommaren.


Tar den politiske debatten


- Til hausten vil «Sultans of Science» bli følgt opp med arrangement retta mot eit vakse publikum, då vil vi også gå inn i samtidsdebatten, seier Enebakk.


I midten av august opnar museet utstillinga «Ilm», som er det arabiske ordet for kunnskap. Det er ei mindre, gjenstandsbasert utstilling som går djupare ned i den historiske og kunnskapsteoretiske basisen for dei teknologiske nyskapingane i gullaldertida. Utover hausten vil det også komme ei forelesingsrekkje med viktige internasjonale debattdeltakarar.


- Vi får blant anna Wajahat Ali hit. Han er jurist, dramatikar og skribent i USA og var med på rapporten «Fear, Inc.», som kartla islamofobi i USA, fortel Enebakk.


- Den dokumenterte også korleis Anders Behring Breivik var påverka av islamfientlege tenkjetankar i USA. Vidare kjem den britiske kulturkritikaren Ziauddin Sardar. Han har lagt særleg vekt på kva opning det finst for vitskapleg og teknologisk utvikling innan islam i dag. I tillegg får vi besøk av internasjonale forskarar, som skal ta del i workshops, der røynslene med og debatten kring utstillinga «Sultans of Science» vil bli eitt av temaa.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.53