Onsdag 31. juli 2013 Meninger

Minister Moe

Dagens Leder

* Statoil legg spareplanar som inneber at 1000 arbeidsplassar innan blant anna IT og administrasjon kan bli flagga ut av landet innan 2020. Planane skapte rabalder på Vestlandet og i Ap da dei vart kjente tidlegare i sommar. Konsernsjef Helge Lund understreka at ingenting enno er bestemt, men stadfesta sparetiltaka i førre veke: «Det vil være svært uheldig for oss, det norske samfunn og våre aksjonærer om ikke vi hele tiden arbeidet for å drive mest mulig effektivt», slo Lund fast. Men allereie før Statoil har bestemt seg, får Lund blankofullmakt til utflagging av slike arbeidsplassar frå olje- og energiministeren. Ola Borten Moe, som kontrollerer 67 prosent av aksjane i Statoil, seier at kuttplanane er «helt i tråd med våre ønsker som eier». Han lyder som eit ekko av Helge Lund når han talar om at Statoil må drive effektivt.


* Ola Borten Moe er ein fascinerande politikar som det er vanskeleg å vera likegyldig til. Senterparti-mannen frå Trøndelag skil seg frå mange kollegaer ved at han er velsigna klar og tydeleg, men også ved at han uttalar seg i bastante vendingar om eit stort spenn av saker. I sommar har han eine dagen argumentert sterkt for å rive Høgblokka og reise eit nytt regjeringskvartal og ein ny Høgsterett. Dagen etter har han gått inn for å endre valordninga, slik at veljarane får meir makt, og partiorganisasjonane mindre styring, over politikarane. Tidlegare år har han skapt reaksjonar med spissformulerte utsegn om nasjonalisme og innvandring. Dei seinare åra har Sp-kronprinsen vore kime til uro i eige parti. Men aller mest har han provosert miljørørsla med støtte til oljeutbygging i Lofoten og løfte om oljeboring «nesten helt opp til Nordpolen».


* Sterke meiningar treng ikkje vera gode meiningar. Det er underleg at Sp-prinsen er så mykje meir opptatt av inntektene Statoil gir staten enn av å sikre arbeidsplassar i norske distrikt. Det er rart at ein raudgrøn politikar jobbar så aktivt for å gjera dei folkelege rørslene, miljørørsla og no fagrørsla, til fiendar. Og det er merkeleg når ein politikar av Ola Borten Moes kaliber hørest meir ut som ein oljedirektør enn ein oljeminister.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.31