Lørdag 10. august 2013 Kultur og medier

Kulturfolkets stemme

Thomas Hylland Eriksen høyrde ein gong til anarkistfløya i Venstre, men har etter kvart konvertert til Miljøpartiet De Grønne.

- Nokon vil hevde, berre spør Jens eller Erna, at dei etablerte partia har vore så flinke til å ta miljø og klima på alvor, seier Thomas Hylland Eriksen, som står på 7. plass på stortingsvalslista til Miljøpartiet de grønne i Oslo.


Han bryt ut i latter - så latterleg synest han det er.


Den største og viktigaste saka for Hylland Eriksen i dag er at vi er så karbonavhengige. Han ser ein skremmande dobbeltmoral når vi lever av fossilt brennstoff samstundes som Noreg internasjonalt framstiller seg som eit miljøvenleg land. Det er ei stor løgn.


- Den mest konkrete saka nett no er å redde Lofoten og Vesterålen frå dette elendet, seier han.


- Grøn politikk er mangfaldspolitikk. Biologisk og kulturelt mangfald er to sider av same sak.


Det motsette er standardiserte løysingar, til dømes ideen om stordriftsfordelar ved å slå saman mange små einingar til stadig større. Rasjonalisering tek bort både mangfaldet og den lokale sjølvråderetten, meiner han.


- Det er tvert om - variasjon og mangfald er bra fordi det utfyller kvarandre.


Prinsipp berekraft


Han har aldri vore medlem av Venstre, men har hatt ein relasjon til partiet fordi det var det mest truverdige miljøpartiet på Stortinget i hans auge. Det stod for eit alternativ til den einsrettingspolitikken han mislikar så sterkt. Han skifta rett og slett fordi De grønne no er det mest konsekvente partiet når det gjeld miljø og klima. De Grønne set ifølgje Hylland Eriksen miljøomsyn framfor alle andre omsyn, som økonomi og helse.


- Miljøsakene er ikkje berre til pynt, slik det er for dei store partia. Dessutan er det eit parti med stort mangfald, der også anarkistar har plass, seier den tidlegare Gateavisa-skribenten. Partiet passar ikkje inn i den tradisjonelle høgre-venstreaksen. Det gjer mange politikarar urolege. Venstresida skuldar De grønne for å vere blå, og høgresida skuldar partiet for å vere venstrevridd.


Mannen liker verken storkapitalen eller den veldig sterke staten.


- Vi har interne diskusjonar i partiet om den økonomiske politikken, og det er mange ulike meiningar. Men det er semje om at det overordna prinsippet i ei kvar sak er berekraft, då er det ikkje stat eller privat som er viktig. Det spelar inga rolle om katta er svart eller kvit så lenge den fangar mus, siterer han Deng Xiaoping


Det vi ikkje ser, finst ikkje


I andre europeiske land har dei grøne hatt stor oppslutnad i mange år. Kvifor er det først no at dei har fått merksemd her i landet? Sosialantropologen trur at nordmenn er mindre oppteken av miljø enn dei sjølv trur og seier. I praksis røystar dei etter lommeboka.


- Ein, tre, eller fem skikkelege miljøaktivistar på tinget kan presse resten av Stortinget til å svare på dei store, viktige spørsmåla, trur Hylland Eriksen. Og det gler han seg til å oppleve.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.32