Mandag 9. september 2013 Kultur og medier

Rapport frå framtida

- I USA er den kommersielle journalistikken død. Marknaden kan ikkje gje han liv att, korkje på internett eller andre stader, seier medieprofessor Robert McChesney.

- Internett flømmer over av informasjon, men journalistisk er nettet ein ørken, seier Robert W. McChesney, ein av USAs leiande medieforskarar og forfattar av «Digital Disconnect: How Capitalism is Turning the Internett Against Democracy». Han meiner to hendingar frå 2012 viser kvar den kommersielle journalistikken står i dag, midt i digitalrevolusjonen:


Rupert Murdoch, verdas råaste, mest framsynte og suksessrike mediekapitalist, måtte gje opp å skapa journalistikkens svar på Google og Facebook. Nettavisa «The Daily» skulle dominera nettnyhenda globalt, men jamvel Murdoch måtte erkjenna at det var umogleg å tena pengar på nettjournalistikk.


The Guardian lever av papir


Den andre vekkjaren, ifølgje professoren, var at The Guardian, som driv den mest vellukka journalistiske nettstaden som finst, fekk laga ein rapport som viste at nettsatsinga var umogleg utan den finansielle basisen frå papirutgåva. Dette trass i at The Guardian er styrt av ei familiestifting utan utbyttekrav.


- Marknaden kan ikkje skaffa oss relevant informasjon i tilstrekkeleg mengde eller av tilstrekkeleg kvalitet. Det er ikkje noko problem for institusjonar som bankar og oljeselskap, at media er mest opptekne av realitystjerner som Kim Kardashian, men det er eit stort problem for breie lag av folket.


McChesney var på Universitetet i Oslo før helga, for å slå kaldt vatn i årene på studentar og tilsette ved Institutt for medier og kommunikasjon: «Vil den siste reporteren vera snill å slå av lyset …» var tittelen på foredraget han heldt. Han åtvara Noreg mot å gå same veg som USA, når det gjeld regulering og finansiering av media.


Politisk journalistikk borte


- Journalistikkens død får konkrete følgjer for folks liv og for det demokratisk systemet, seier McChesney, som fortel korleis redaksjonslokala i USA er tømde for folk. Talet på arbeidande journalistar er halvert dei siste 25 åra.


- Ta ei sentral austkystavis som The Baltimore Sun: Frå 1991 til 2009 fall mengda av eigenprodusert stoff med nær 80 prosent. Mykje av journalistikken er erstatta av materiale frå ulike PR-folk. I 2010 fanst det fire medierådgjevarar for kvar journalist i USA. Mange universitetsutdanna journalistar hamnar i PR, fordi det er den bransjen som hyrer nye folk.


McChesney fortel at område etter område blir tapt for journalistikken.


- Ingen følger lenger politiske prosessar på delstatsnivå, USA invaderer land etter land, men vi har snart ikkje utanriksjournalistar og valjournalistikken er redusert til eit hesteveddeløp: Du får skryt om du leier gallupen og kjeft om du ligg etter på målingane. Innhaldet i politikken, granskingar av lovnader og resultat, er fråverande.


Eit offentleg gode


Ser McChesney ingen positivt teikn? Kva med sponsing av gravejournalistikk på nett til dømes?


- Det finst nokre små, svært gode journalistiske tiltak på nett, som ProPublica, men ingen har ein berekraftig finansieringsmodell og vi er eit land med 314 millionar innbyggjarar.


McChesney minner om at då det fanst titals konkurrerande aviser med ulike politiske meiningar i alle storbyar, var valoppslutninga i Michigan på 95 prosent, mot 56 prosent i 2008.


- Vi treng ei mediereform.


McChesney meiner det er avgjerande at journalistikk blir sett på som eit offentleg gode på line med forsvar, helse og samferdsel. Først då kan den digitale revolusjonen bli vendt i demokratiet si teneste.


- Det blir hevda at internett drap journalistikken, men internett - i USA i dag - forsterkar berre ei ibuande motseiing mellom journalistikk som eit offentleg gode og ein industri for å generera maksimal profitt. Alt på slutten av 1980-talet, då avisene var på sitt mest profitable, byrja eigarane å kutta i redaksjonsutgifter, fordi dei likevel berga utbyttet. Då forsvann arbeidslivsjournalistikken.


Betalingsmodellar


Den amerikanske professoren har ikkje tru på betalingsmurar for å tryggja seriøs journalistikk på nett.


- Dei kan kanskje bremsa fallet for elitemedia, men betalingsmurar kan ikkje gje oss ei opplyst medieoffentlegheit. Det er det berre ei stor og gjennomtenkt offentleg støtte til journalistikken som kan greia. I Noreg bør de difor tenkja dykk godt om, før de avviklar pressestøtta og allmennkringkastinga.


For USA sin del, har McChesney tru på ein modell den liberale økonomen Dean Baker har lansert. Baker meiner ei føreseieleg førehandsfinansiering av journalistikk kan skje gjennom eit bytte av «medieavgifter» mot skattekutt på 200 dollar for vanlege amerikanarar. Modellen vil tryggja 30 milliardar dollar til journalistikk, gjerne produsert av kjende kommersielle media, men ope tilgjengeleg på internett.


- Undersøkingar blant arbeidarklassen i USA viser at folk vil ha journalistar som ser storselskapa i korta og granskar politikarane. Og det viktige er at folk er villige til betala for dette, jamvel om dei som sjølve ikkje er interesserte i å nytta seg av slik journalistikk.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.32