Lørdag 14. september 2013 Innenriks

Vil vraka gammalt gods

OPPGJER: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes tar til orde for ei opprydding i partiet sitt prinsipprogram. Framover vil han bygga allianse med både SV og Arbeidarpartiet.

- Me er ikkje noko kommunistparti. Me er eit sosialistparti, eit radikalt arbeidarparti. Men me må endra folk sitt inntrykk av Raudt, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.


Moxnes er svært skuffa over at Raudt ikkje nådde inn på Stortinget og at moglegheita til å dra norsk politikk mot venstre glapp. No må Raudt granska seg sjølv, meiner han.


- Me har formuleringar i prinsipprogrammet vårt som skaper veldig rare bilete i hovudet på folk, seier Moxnes.


- Eg har i valkampen møtt fleire veljarar som kom bort til meg, og som har sansen for oss, men som spør om me er for demokrati, om det framleis er sånn at me er for væpna revolusjon.


Moxnes understrekar at det er landsmøtet til våren som må gjera endringane, men sparkar debatten i gang alt no.


- Det står til dømes at borgarskapet må avvæpnast. Dette er formuleringar som ikkje bidreg til å rydda opp i dei fordommane som mange har av oss, meiner han.


-Programmet sin påstand om at fagforeiningstoppar er ein del av borgarskapet gir også ein inntrykk av at Raudt har lite bakkekontakt.


Vil møta motstand


Moxnes trur nok han vil møta motstand mot forslag om endringar i prinsipprogrammet, men meiner likevel at det er heilt naudsynt.


- Det er sikkert folk som vil vera ueinige, men eg er også heilt sikker på at det store fleirtalet ønsker eit Raudt som er til å misforstå i synet på demokrati. Me skal ikkje skriva noko i vårt program som skapar tvil om det.


- Raudt er eit konsekvent demokratisk parti. Når me held oss med formuleringar og bruk av omgrep som sår tvil om det, så trur eg eit stort fleirtal vil ønska å rydda opp i det. Det vil i alle fall eg gå inn for. Me treng ikkje stå å laga sjølvmål på oss sjølv.


Det er ikkje berre Moxnes som har grunn til å vera skuffa. Heile venstresida gjorde eit historisk dårleg val.


Raudt-leiaren meiner det no er viktig å bygga breie alliansar, både mellom partia på venstresida, og til fagrørsla, fredsrørsla og andre folkelege aksjonar, som helsetenesteaksjonen.


- Ein allianse må vera brei; heilt frå ytste venstre til delar av Ap. Det er også mange i Arbeiderpartiet som vil støtta ei rettferdig folketrygd og som ikkje ønsker eit helsevesen som blir styrt som butikk, seier Moxnes.


Han åtvarar Ap mot å legga kursen inn mot sentrum. Han fryktar at fløya i Arbeidarpartiet som statsminister Jens Stoltenberg representerer, kjem til å gå mot sentrum.


- Det siste me treng er ei venstreside som gløymer kor ein kjem frå, som gløymer at det finst klassemotsetningar og som gløymer å vera stolte av dei utrulege framstega som venstresida og arbeidarrørsla har fått til i Noreg, gjennom å satsa på fellesskapsløysingar.


Inga samanslåing


Når valkampen no skal oppsummerast for Raudt sin del, meiner Moxnes at partiet gjennomførde ein god valkamp, men kom for seint i gang. Han står fast på at det var rett å gjera det klart at dei kom til å støtta ei ny raudgrøn regjering.


- Me gjorde ein god valkamp og løfta oss mot slutten. Når me ikkje nådde heilt i mål, trur eg det er fordi me ikkje har gjort ein god nok jobb i åra fram mot valet.


Moxnes trur også ein del potensielle Raudt-veljarar gjekk til SV og redda dei over sperregrensa. Samstundes som SV og Raudt er einige på fleire punkt, meiner Moxnes det er feil å slå partia saman.


- Ei slik reorientering blir fort ein veldig innovervendt prosess. Eg meiner at det ikkje er aktuelt no. Det som er aktuelt for oss er å bygga breie og sterke alliansar mot dei borgarlege sin politikk. Det er det viktigaste. Eviglange diskusjonsmøte mellom SV og Raudt trur eg fort kan bli ganske innovervendt.


- SV har blitt meir uklare


- Kva er dei viktigaste forskjellane mellom SV og Raudt?


- For det fyrste så er me det einaste systemkritiske partiet på venstresida. I tillegg har me eit anna syn på innflyting, på det å byta vekk politikk mot posisjonar. Lokalt inngår Raudt i mange kompromiss, men me har nokre absolutte grenser, seier Moxnes.


Moxnes opplever at SV skryter av nokre saker som Raudt aldri kunne gått med på.


- Som kommersialisering av barnehagar og regjeringa sin tafatte miljøpolitikk. Så er det utanrikspolitikken, der Raudt er veldig skeptisk til Vestens angrepskrigar, som blir selt inn som forsvar av menneskerettar. SV har blitt meir uklare her. SV har styrt Noreg i åtte år, men har ikkje tatt Noreg i ein annan kurs når det gjeld til dømes marknadsstyring i offentleg sektor, seier han.


Moxnes meiner SV heller ikkje når opp i si prioritering av spørsmål knytt til arbeidsliv og pensjon.


- Dette er spørsmål som var heilt fråverande i valkampen, heilt til me fekk vera med i valdebattane, seier han.


- Me kan samarbeida godt og tett med SV om mange spørsmål, men jobben vår er å bygga opp Raudt framover. Fornyinga av partiet er me så vidt i gang med, seier han.


Nye fjes i Raudt


Å kjempa mot marknadsstyringa av offentleg sektor og privatisering i skule- og helsevesenet og arbeida for ein rettferdig pensjon er blant sakene der Raudt har ei viktig rolle framover, meiner Moxnes.


- No byrjar me å sjå veldig urettferdige utslag av pensjonsreforma, særleg gjeld det for damer som jobbar i privat sektor, hotell, restaurant, kontor, seier han.


I tillegg til ein debatt om prinsipprogrammet til Raudt, ønsker Moxnes seg fleire nye namn på listene før kommunevalet om to år.

Artikkelen er oppdatert: 31. oktober 2013 kl. 16.33