Onsdag 30. oktober 2013 Innenriks

Berre Solhjell vil slå saman SV og MDG:

– Desperat av Solhjell

TVERT NEI: Andreas Halse, leiar i SU, vil breie ut SV framfor å bli eit éisaksparti. Han meiner Bård Vegar Solhjell er på heilt feil kurs. Foto: Christopher Olssøn.

OMKAMP: For to år sidan fekk Audun Lysbakken mandat til å breie ut SV. No fryktar sentrale partifolk at Bård Vegar Solhjell vil gjere SV til eit éisaksparti.

VENSTRESIDA

–Eg meiner at det å invitere til samanslåing med andre parti, anten dei er raude eller grøne, er ein veldig innadvendt strategi. Det handlar om ei samling i botn, utan politisk eller ideologisk forankring, i staden for å breie ut partiet.

Det seier Kirsti Bergstø, nyinnvaldt stortingsrepresentant frå Finnmark SV. Ho er ein av fleire sentrale SV-arar som kontant avviser framlegget frå Bård Vegar Solhjell.

Samanslåing:

• Bård Vegar Solhjell gjer i gårsdagens Klassekampen framlegg om å slå saman SV og MDG. Han meiner miljøsaka er vår tids største utfordring, og at dei små miljøpartia må stå saman i staden for å øydeleggje for kvarandre.

• SV gjorde i år sitt dårlegaste val nokonsinne med 4,1 prosents oppslutning. Partiet har no 7 representantar på Stortinget.

• MDG gjorde sitt beste stortingsval nokonsinne med 2,8 prosents oppslutning.

Fryktar omkamp

I gårsdagens avis tok SV-nestleiaren til ords for å slå saman SV og MDG, og at ein allereie ved 2015-valet bør ha listesamarbeid lokalt mellom dei to partia. Framlegget har vakt til dels sterke reaksjonar i SV, og Solhjell møter no sterk kritikk frå fleire hald:

– Dette verkar ganske desperat, og tyder på ein dårleg sjølvtillit på vegner av partiet. Eg har full tiltru til at SV kan stå på eigne bein framover, seier Andreas Halse, leiar i SU.

På SVs valvake 12. september 2011 gav Kristin Halvorsen melding om at ho ville trekkje seg som partileiar. Ganske raskt melde Audun Lysbakken, Bård Vegar Solhjell og Heikki Eidsvoll Holmås seg som leiarkandidatar. Det blei raskt klart at Lysbakken hadde suverent størst støtte i partiet med sitt ønske om å breie ut partiet. Dei to andre kandidatane ønskte å gjere SV til eit tydelegare miljøparti.

No fryktar fleire i SV at Solhjells utspel i praksis er ein omkamp om kva parti SV skal vere.

– Denne strategien har allereie tapt i SV. Vi skal breie oss ut på arbeidsliv, helse og næringspolitikk, seier SU-leiar Halse, som har markert seg som tilhengar av Lysbakkens prosjekt. Han gjev Solhjells utspel lita ære:

– Eg trur Solhjell veit at han ikkje har fleirtalet i ryggen med dette framlegget. Dette er ein merkeleg og marginal debatt om valtaktikkeri, som kanskje ti personar innanfor Ring 1 bryr seg om, meiner Halse. Heller ikkje Kirsti Bergtø ønskjer å bli eit reint miljøparti.

– Det er ikkje andre parti som er SVs viktigaste allerierte, men dei folkelege rørslene som fag-, kvinne-, freds- og solidaritetsrørslene, seier ho.

Lunken miljørørsle

Framlegget frå Bård Vegar Solhjell møter heller ikkje mykje entusiasme i miljørørsla.

– Eg vil følgje debatten spent, men har ingen meining om SV og MDG bør slå seg saman, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom.

Heller ikkje Nina Jensen, generalsekretær i WWF, er særskild oppteken av ei eventuell samanslåing:

– I eit lite land som Noreg, med mange parti, er det ein risiko for at mange småparti kan gje lite gjennomslagskraft for miljøsaka.

– Men meiner du SV og MDG bør slå seg saman?

– Det har eg ikkje reflektert over. Vi i WWF har inga meining om interne partiforhold i SV eller MDG, seier Jensen. Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet, er hakket meir positiv:

– Dette er ein spanande idé. Det kan vere positivt med meir samla trøkk rundt miljøsaka, seier Haltbrekken. Han understrekar likevel at Naturvernforbundet ikkje har noka meining om ei eventuell samanslåing.

Christian Steel, generalsekretær i Samarbeidsrådet for biologisk mangfold, har lita tru på Solhjells plan. Han opplever utspelet meir som eit forsøk på å fiske miljøveljarar enn å faktisk slå saman dei to partia:

– Det er fint at veljarane har fleire parti å velje i, og eg trur det er med på å skjerpe miljøprofilen til kvart av partia.

Positive MDG-arar

Frå leiarhald i MDG har tonen vore kontant avvisande til ei slik samanslåing. I gårsdagens avis ønskte Hanna E. Marcussen, talsperson i MDG, Solhjell velkomen som medlem i partiet hennar. Biletet er likevel ikkje heilt eintydig:

– Personleg synst eg dette er veldig spanande. Solhjell er eit klarttenkjande menneske som evnar å tenkje ut over si eiga, snevre komfortsone, seier Andrew Kroglund, vara til sentralstyret i MDG. Han trur likevel ikkje realismen i framlegget er særleg stor:

– Eg ser på invitten frå Solhjell som eit realt klapp på skuldra til MDG-arar som har oppnådd store resultat gjennom valkampen og valet.

– Trur du mange deler ditt syn om at dette er ein spanande debatt?

– Det er nok ikkje eit veldig vanleg syn hos sentrale aktørar i MDG, nei.

Heller ikkje Dag O. Hessen, biologiprofessor og 13. plass på lista til MDG i Oslo, vil avvise tanken.

– På sikt er ikkje dette så dumt. Eg er redd for at vi får splitting i staden for ein felles front, seier Hessen, som likevel meiner MDG må få sjanse til å konsolidere seg:

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 21. november 2013 kl. 12.35