Onsdag 6. november 2013 Innenriks

LO, Fagforbundet og dei raudgrøne partia lagar tenkjetank for «Samhalds-Noreg»:

Saman om ny tenkjetank

FOR VENSTRESIDA: LO og Fagforbundet, leia av Gerd Kristiansen og Jan Davidsen, går saman for å lage tenkjetanken Agenda. Foto: Anniken C. Mohr

SAMLING: LO og Fagforbundet går saman med milliardæren Trond Mohn for å lage ein tenkjetank for sentrum/venstresida i Noreg. Raudgrøne toppnamn skal vere leiaraktuelle.

agenda

Manifest er for radikalt. Res Publica er for smalt. Og Progressiv er alt for svakt.

Når tunge krefter i fagrørsla og dei raudgrøne partia no skal stifte ein sentrum-/venstre-tankesmie, er det med ambisjon om å definere samfunnsdebatten i Noreg. Målet er å bli viktigare enn Civita.

Alle kjelder Klassekampen har snakka med peikar på behovet for å la venstresidas analysar prege samfunnet meir i dag. Det blir peika på at sosialdemokratiet i liten grad set dagsordenen og at det er vanskeleg å sjå kva dei raudgrøne partia har felles.

No skal mangelen bøtast på med ein storstilt tenkjetank der dei tyngste aktørane bak det raudgrøne prosjektet er sentrale.

Sjølv om personar i spennet frå KrF til SV er med, er Klassekampen kjent med at det er LO, Fagforbundet og Trond Mohn sjølv som er drivkreftene i arbeidet.

Tankesmier:

• Det finst i dag fleire tankesmier eller miljø som minner om tankesmier i Noreg.

• Den klart største er liberale Civita, der Kristin Clemet er leiar.

• På venstresida er Manifest den største tankesmia, men både For Velferdsstaten, Res Publica og Progressiv driv som tenkjetankar.

• I tillegg finst ei rekkje tenkjetankar for ulike sektorar: Minotenk konsentrerer seg til dømes om minoritetspolitiske spørsmål, og Skaperkraft byggjer på eit kristent verdigrunnlag.

Sosialdemokratisk riking

Raymond Johansen, partisekretær i Ap, skal i vinter sjølv ha reist på friarferd til Trond Mohn i Bergen, ifølgje Dagsavisen. Mohn er både milliardær og sosialdemokrat og stilte opp for Arbeidarpartiet i valkampen. Han ønskjer å gå inn med fleire millionar i tenkjetanken Agenda, som etter det Klassekampen erfarer skal lanserast rett over nyttår.

Topptungt

Fleire kjelder avviser at Civita er eit direkte førebilete. I staden peikar dei på tankesmier utanfor landegrensene, som Arena i Sverige. Der har den svenske fagrørsla nyleg gått inn med 250 millionar kroner i eit fond.

Det er ikkje avklart kven som skal bli leiar for Agenda, men det blir sondert i det raudgrøne regjeringsapparatet, i akademia og i media. Det er likevel semje om at leiarvervet bør ha tyngd, slik at prosjektet får truverde og legitimitet frå start.

Dei som no diskuterer den nye tankesmia, er både enkeltpersonar og sentrale personar i viktige parti og organisasjonar. Trass i at initiativet skal ha kome frå Raymond Johansen, blir det avvist at Ap skal inn på eigarsida av den nye tankesmia. Det blir understreka at både SV og Senterpartiet er invitert inn. Ein viktig suksessfaktor er at breie miljø i «Samhalds-Noreg» har eigarskap til prosjektet og at det ikkje blir ein forlenga arm av Ap.

Store oppgåver

Agenda vil etter alt å døme få oppgåver som spenner frå utgreiingsarbeid, via korte rapportar til å prege den daglege samfunnsdebatten. I tillegg har mange på venstresida, i sentrum og i organisasjonane rundt etterlyst fleire fysiske møteplassar som frukostmøte og seminar. Det vil difor bli viktig å skape slike rom. Fleire peikar på at dei miljøa som stod bak det raudgrøne prosjektet treng å fornye tankegodset etter åtte år i regjering.

Sentrale personar i SV skal, etter det Klassekampen erfarer, vere særs positive til prosjektet. Der er det eit ønskje om at Agenda skal bidra til å vise skilnaden på raudgrøne og heilgrøne parti, etter at Miljøpartiet Dei Grøne tok mange veljarar frå SV i valet. I tillegg håpar fleire at dette kan binde Ap til det raudgrøne prosjektet framfor aleinegang fram mot valet i 2017.

politikk@klassekampen.no

Agenda sluker Progressiv

Sentrale aktørar meiner Manifest er for radikale til å kunne bli den samlande krafta. Både dei og For Velferdsstaten får ros for utgreiingsarbeidet på sine felt, men fleire meiner desse miljøa er for smale for å samle sentrum og venstresida. Res Publica konsentrerer seg i dag om akademiske utgjevingar og fungerer i mindre grad som ein aktør i den daglege samfunnsdebatten.

Så langt er det berre Progressiv som er invitert med inn i Agenda-samtalane. Sentrale kjelder meiner Progressiv aldri greidde å bli nokon viktig møteplass, men at Agenda ikkje bør konkurrere med dei om å vere sentrum-/venstre-tankesmia. Det kan gå i retning av at Agenda tek opp i seg Progressiv.

– Det blir nytt styre, ny organisasjonsform og nytt organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret, stadfestar Lars Martin Mediaas, dagleg leiar i Progressiv. Tankesmia Manifest er derimot ikkje teken inn i varmen:

– Vi har ikkje blitt invitert inn i dette arbeidet. Men det vil sikkert vere rom for konkrete samarbeidsprosjekt, og det blir viktig å få til, seier Ali Esbati, dagleg leiar i Manifest.