Lørdag 15. februar 2014 Innenriks

• SV vil ha sin eigen produktivitetskommisjon • Tranøy stoler ikkje på Jensen

Utfordrar blå kommisjon

PRODUKTIV: Audun Lysbakken lanserer ideen om ein alternativ produktivitetskommisjon på venstresida. Foto: Anniken C. Mohr

MOTMAKT: – Ein treng ikkje vere synsk for å spå resultatet av regjeringas produktivitetskommisjon, meiner SV-leiar Audun Lysbakken. Statsvitar kallar kommisjonen «intellektuell svindel».

økonomi

– Den kommisjonen regjeringa har sett ned er eit reint tingingsverk frå Høgre- og Frp-regjeringa, meiner SV-leiar Audun Lysbakken.

– Svaret dei skal kome fram til er privatisering og skattelette. Kommisjonens oppgåve er berre å finne spørsmåla som passar til svara.

Produktivitetskommisjonen blei sett ned av finansminister Siv Jensen sist veke, og skal ifølgje statsråden «setje offentleg sektor på slankekur». I Danmark kom ein tilsvarande kommisjon med framlegg om å privatisere jernbanen, innføre resultatløn i offentleg sektor og liberalisere ei lang rekkje lover som i dag regulerer næringslivet. Leiaren av den danske kommisjonen, Peter Birch Sørensen, skal òg sitje i Siv Jensens kommisjon.

– Sørensen har for lengst konkludert med at marknad er svaret på det meste, meiner SV-leiaren, og forklarer:

– Han vil føreskrive nyliberal medisin henta frå 80- og 90-talet.

Produktivitets- kommisjonen:

• 7. februar sette regjeringa ned sin produktivitetskommisjon som skal studere utviklinga i norsk produktivitet og kome med framlegg til korleis produktiviteten kan aukast. Den er leidd av Jørn Rattsø.

• I kommisjonen sit, utanom Jørn Rattsø og Peter Birch Sørensen, fleire direktørar og styreleiarar frå både privat og offentleg verksemd.

• SV meiner kommisjonen har fått eit for einsidig mandat, og vil no setje ned sin eigen motkommisjon.

Krisa avblåst?

Lysbakken meiner forskinga ikkje stør dei blåblå i at produktiviteten kollapsar under vekta av ein stor velferdsstat.

– Tvert imot er forskinga i ferd med å snu i retning av andre perspektiv. Den nordiske modellen, med velferdsstat, felleskapsløysingar og sterk styring, viser seg å vere bra for økonomien, seier SV-leiaren, og minner om at Norden kjem bra ut på produktivitetsmålingar internasjonalt.

No vil Lysbakken synleggjere at det finst annan ekspertise enn økonomane og næringslivstoppane i Siv Jensens kommisjon.

– Kven skal sitje i kommisjonen?

– Vi må synleggjere motekspertisen, og eg vil invitere tankesmier som Agenda, Manifest og For Velferdsstaten, samt fagrørsla, med i arbeidet. Fagfolk med engasjement på feltet vil òg vere viktig å få med.

– Kva med andre parti?

– Vi tek gjerne med andre parti. Men målet her er at dette arbeidet ikkje skal bli styrt av SV eller andre parti. Vi bør ikkje styre dette arbeidet, meiner Lysbakken.

Statsvitar Bent Sofus Tranøy meiner ideen til Lysbakken er interessant, og er ikkje nådig i sin kritikk av Siv Jensens produktivitetskommisjon:

«Intellektuell svindel»

– Sjølve premissen for kommisjonen er intellektuell svindel. Noreg har høg produktivitet. Så har produktiviteten i privat sektor gått noko ned, og difor vil ho kutte i offentleg sektor, seier Tranøy. Han er gjerne med i arbeidet, føresett at det deltek fagfolk med meir kunnskap om produktivitet enn han sjølv har.

– Ein kan til dømes sjå til Sverige, der dei har gjennomført mykje av det ein kan førestille seg at den norske kommisjonen vil gjere framlegg om, seier Tranøy, og ønskjer regjeringskommisjonen lukke til.

– Det kan godt hende dei vil gjere ein betre jobb enn mandatet tilseier. Sjølv uheldige premissar kan gje eit godt resultat.

Agenda interessert

Den sosialdemokratiske tankesmia Agenda har førebels ikkje fått nokon formell førespurnad om å delta i arbeidet, men synst ideen er spanande.

– Agenda vil delta aktivt i diskusjonar om norsk konkurranseevne og produktivitetsutvikling. Vi synst det er positivt at regjeringa har sett ned ein produktivitetskommisjon. Men det er viktig å få fram fleire og andre perspektiv enn det det verkar som regjeringa har lagt opp til. Difor vil det vere bra om eit initiativ som Audun Lysbakken lanserer kan bringe fram andre inngangar og gje debatten naudsynt breidd. Agenda vil gjerne vere med i diskusjonane her òg, seier dagleg leiar Tarjei Skirbekk.

politikk@klassekampen.no

– På høg tid at SV ser behovet

– Lysbakken kan umogleg ha lese mandatet til kommisjonen. Der står det ingenting om resultatet, berre om kva arbeid kommisjonen skal gjere.

Kraftsalva kjem frå Svein Flåtten, finanspolitisk talsperson for Høgre. Han er ikkje vidare imponert over Lysbakkens utspel:

– Det var på tide at òg SV innsåg behovet for å diskutere produktivitet, men dei kunne ha oppdaga i løpet av dei åtte åra dei sat i regjering, seier Flåtten.

– SV må gjerne nedsetje dei kommisjonane dei vil, og så diskuterer vi gjerne resultata når dei ligg på bordet, meiner Høgre-politikaren, før han legg til:

– For eg håpar verkeleg ikkje at han ikkje liker personane i kommisjonen.

– Tranøy kallar bakgrunnen for kommisjonen «intellektuell svindel»?

– Det er ingen svindel i å sjå på enkle plansjar som viser at den norske produktiviteten ikkje følgjer kostnadsveksten. I det biletet er det òg naturleg å sjå på offentleg sektor. Svindelen står Tranøy sjølv for, som ikkje vil sjå på offentleg sektor i denne samanhengen.