Tirsdag 29. april 2014 Innenriks

PR-bransjen var den mest populære då regjeringstoppane skulle ha ny jobb

1 av 10 jobbar i PR-bransjen

Storeslem: Ketil Lindseth, Bjarne Håkon Hanssen, Morten Wetland, Jan-Erik Larsen, Erlend Fuglum og Torbjørn Giæver Eriksen i First House. Foto: First House

JOBBJAKT: 4 av 40 raudgrøne statsrådar og 11 av 117 statssekretærar jobbar i dag i PR-bransjen. First House gjorde storeslem: Seks raudgrøne regjeringstoppar jobbar i dag i byrået.

PR-BRANSJEN

Klassekampen har samla eit oversyn over kor alle statsrådar og statssekretærar frå åtte raudgrøne regjeringsår er i dag.

Oppsummeringa viser at pr-bransjen var mest populær då regjeringsmedlemene skulle sjå seg om etter nye oppgåver. Av totalt 157 statsrådar og statssekretærar, har 15 gått over til jobbar i private lobby- og påverknadsselskap.

Aller mest populært var det å gå til First House: Ketil Lindseth, Bjarne Håkon Hanssen, Morten Wetland, Jan-Erik Larsen, Erlend Fuglum og Torbjørn Giæver Eriksen har alle vore ein del av det raudgrøne regjeringskollegiet. I dag arbeider alle seks i First House.

Livet etter politikken:

• Klassekampen har gjennomgått dei noverande jobbane til dei totalt 157 statsrådane og statssekretærane som var ein del av regjeringsapparatet frå 2005 til 2013.

• Gjennomgangen syner at desse no arbeider i PR-selskap: Bjarne Håkon Hanssen, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Grete Faremo, Anne-Grete Strøm-Erichsen, Erlend Fuglum, Guri Størvold, Jan-Erik Larsen, Ketil Lindseth, Lubna Jaffery, Morten Wetland, Roger Ingebrigtsen, Roger Sandum, Terje Moland Pedersen og Torbjørn Giæver Eriksen.

Attraktivt for statsrådar

Nesten alle dei store kommunikasjonsbyråa har sikra seg raudgrøn kompetanse. Både Gambit Hill & Knowlton, JKL, Geelmuyden.Kiese og Zynk er i dag arbeidsplass for tidlegare regjeringspolitikarar.

Fire statsrådar har valt kommunikasjon som neste stopp på karrierestigen. I tillegg til Hansen i First House, gjeld dette Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Grete Faremo, som båe to har starta eigne rådgjevingsfirma, og Anne-Grete Strøm Erichsen, som er å finne i Rud Pedersen.

Meiner folk må få jobbe

Også den tidlegare forsvarsministeren starta eige føretak, men arbeider i dag i det nordiske firmaet Rud Pedersen, som omtaler seg som eit «Public Affairs Company».

– Det skal ikkje vere slik at ein ikkje kan jobbe etter å ha vore i politikken. I tillegg har vi karantenereglar som gjer at jobbskifte held ein etisk standard, seier Strøm Erichsen.

– Eg vil ikkje seie at eg skal arbeide i kommunikasjonsbransjen. Alle jobbar jo på eit vis med kommunikasjon, men Rud Pedersen er eit nordisk selskap som arbeider med politisk analyse og rådgjeving, fortel den tidlegare statsråden.

– Kvifor går så mange til denne bransjen?

– Eg trur mange politikarar ønskjer å arbeide med politikk. Sjølv skal eg arbeide med analyse og rådgjeving saman med samfunnsvitarar, folk frå media og eks-politikarar frå andre nordiske land. No er eg ferdig med karantenetida mi, men har framleis saksforbod på forsvarsområdet.

– Men er det tankevekkjande at det er såpass mange som går til same bransje?

– Eg kan ikkje svare for andre enn meg sjølv, men eg gjekk på sett og vis tilbake til det eg gjorde før eg blei heiltidspolitikar. Då arbeidde eg òg som rådgjevar, men på it-området, seier Strøm Erichsen.

Etterlyser politiske grep

Anne-Grethe Strøm Erichsen meiner det må gjerast politiske grep om ein ønskjer å få fleire til å kunne velje andre bransjar, og vil avkrefte at tidlegare statsrådar og statssekretærar kan velje og vrake i toppjobbar:

– Om ein ikkje ønskjer at så mange skal gå til kommunikasjonsfeltet, må ein sjå på karantenereglar og etterlønsordningar. Med forlenga etterløn ville ein kunne sjå seg om etter litt andre ting. Eg har for det meste fått tilbod om ulike typar konsulentoppdrag etter at eg gjekk av som statsråd, fortel ho.

politikk@klassekampen.no

Per Høiby: – Bra for politikken

«Det er forskjell på å ha vært i krigen og å ha lest om den. Blant våre rådgivere er folk med fartstid som statsråd, statssekretærer og stortingsrepresentanter», reklamerer PR-selskapet First House på heimesida si.

Med seks tilsetjingar er dei det PR-selskapet som har henta inn klart flest raudgrøne toppolitikarar. Administrerande direktør Per Høiby meiner politikarar med denne erfaringa gjev ei unik forståing for korleis politiske prosessar går føre seg.

– Våre rådgjevarar veit kva avgjerdstakarar legg vekt på i sine vurderingar. Overgangen begge vegar mellom politikk og næringsliv er bra. Det gjer politikken betre og det gjer næringslivet betre, skriv han i ein e-post til Klassekampen.

– Kan desse personane arbeide opp mot saker der dei tidlegare har sete på den andre sida av bordet?

– Ja, etter ei viss tid. Karantenereglane er gjeve av styresmaktene og skal sikre inntil 12 månader karantene frå det saksfeltet ein hadde som politikar. Dette ser karanteneutvalet på som tilstrekkeleg, og er det regelverket vi held oss til.»