Torsdag 22. mai 2014 Innenriks

• Nav kjøpte i 2013 inn kurs for 670 mill. kroner • Konsulentar på tidsavgrensa kontraktar held kursa

Jobbar for Nav utan rettar

GIR HJELP TIL JOBB: Solbjørg Joakimsen (til venstre) har fleire års erfaring med å kvalifisera arbeidsledige for retur til arbeidsmarknaden. I masteroppgåva «Veien til verdighet?» studerer Turid Eilertsen AMO-kursa.

PRESS: I Nav-regi blir det årleg arrangert hundrevis av kurs som skal hjelpa ledige ut i jobb. Mange kurshaldarar er innleigde konsulentar, som verken får feriepengar eller pensjonsopptening.

ARBEIDSLIV

– Dette krev sjølvdisipling. Me fiskar etter oppdrag hos stort sett dei same aktørane alle saman, seier Solbjørg Joakimsen.

Sidan 2007 har ho jobba som kurshaldar på ei rekke av Nav sine kurs for arbeidssøkande (AMO-kurs). Joakimsen er som mange andre av dei som held slike kurs sjølvstendig næringsdrivande konsulent.

– Me plaskar i den same dammen, seier ho.

Kursing hos Nav:

• Arbeidmarknadsorienteringskurs (AMO) har som mål å kvalifisera arbeidsledige for arbeidsmarknaden.

• Kursene er ulike, og ofta retta inn mot spesifikke yrker.

• I 2013 kjøpte Nav AMO-kurs for 670 mill. kroner.

• Masteroppgåva «Veien til verdighet?» av Turid Eilertsen tar føre seg rammevilkår og samhandling ved AMO-kurs.

• Oppgåvå er basert på observasjon og intervju av kursdeltakarar, kurshaldarar og representantar for bedrifta.

– Utan sosiale rettar

I femte etasje i eit kontorlokal i Oslo møter me Joakimsen, saman med Turid Eilertsen.

Eilertsen har forska på AMO-kursa, rammevilkår og det nye arbeidslivet, karakterisert av outsourcing, mellombels tilsette og ei individualisering.

Ifølge Eilertsen jobbar dei fleste som sjølvstendig næringsdrivande. Det inneber at dei går glipp av ei rekke rettar som ordinære arbeidstakarar har, som feriepengar, sjukpengar, arbeidsledigheitstrygd og pensjonsopptening. I tillegg er lønnsnivået ifølge Eilertsen lågt, opp mot hundretusen kroner under adjunktlønn.

– Det er eit paradoks at dei som skal realisera Nav-reforma med å få flest mogleg ut i arbeid og gjerne fast jobb, ikkje har meir føreseielegheit enn høgst seks månader, seier Eilertsen, som har funne at:

• Nav sitt anbodssystem krev ein høg grad av fleksibilitet av både bedriftene og konsulentane. Det skapar ein lite føreseieleg arbeidssituasjon.

• Nav pressar prisane ned gjennom anbodssystemet, noko som går ut over lønnsnivået i bransjen og den faglege kvaliteten.

• Kurshaldarane ser ut til å vera motivert avdi jobben i seg sjølv er meiningsskapande. Verdiar som tillit og autinomi er sentrale for dei som jobbar i bransjen.

Oppgåva bygger på ein kvalitativ studie som er basert på feltarbeid hos ein kursleverandør.

Kjøper kurs for millionar

Arbeidsmarknadsorienteringskursa er blant Nav sine viktigaste tiltak for å få arbeidsledige ut i jobb. Sjølv arrangerer ikkje Nav slike krus, men legg kurskonsept ut på anbod.

I fjor kjøpte Nav inn ulike variantar av AMO-kurs for nær 671 millionar kroner, ifølge tal Klassekampen har henta inn frå Nav.

I kontorlokalet i Oslo, i bedrifta som Eilertsen har gjort feltarbeidet, er aktiviteten i dag mindre, og andre bedrifter har flytta inn på fleire av kontora. Bedrifta, som er anonymisert i oppgåva, ønsker ikkje å stilla til intervju i Klasse­kampen.

– Du har studert ei bedrift. Kan funna her overførast til andre tilsvarande bedrifter?

– Ja, det meiner eg.

– Kva overraska deg mest?

– At rettleiarane opplevde mening med jobben, trass i denne usikre arbeidssituasjonen. Tillit og autonomi var viktig, og det å «sjå den andre» gav så mykje tilbake, seier Eilertsen.

– Men også at det var så høg bruk av kursdeltakarar som rettleiarar, seier Eilertsen, som fann at kring 30 prosent av dei som jobba med kursinga var blitt rekruttert etter sjølv å ha gått på tilsvarande kurs.

På jakt etter stabilitet

Kurshaldarane møter også hos Nav under anbodsprosessen, saman med bedrifta. Dette kjenner Solbjørg Joakimsen til.

– Bedriftene brukar CV-en din for å selja inn kurs til Nav, fortel ho.

Joakimsen er i dag 50 år og har bestemt seg for å forlata bransjen. Ho er no på jakt etter noko meir stabilt.

– Eg har gått rundar med meg sjølv, og er der at eg ønsker fast jobb, seier ho.

– Kva er eigentleg fordelen med denne jobben?

– Å jobba med å hjelpa andre er eg blitt veldig god på. Eg veit sjølv kor fælt det var når eg blei omstilt og måtte gå. Så eg likar å hjelpa andre, seier ho.

Joakimsen har mange års erfaring frå IT-bransjen, der ho etterkvart begynte å jobba med personal. I 2001 skulle bedrifta igjennom ei stor omstilling, og mange måtte gå. Deriblant Joakimsen, som då gjorde ei ny vurdering av kva ho ville jobba med, og dermed starta på vegen som enda som sjølvstendig næringsdrivande konsulent.

– Korleis er det til dømes med pensjon, når du er konsulent?

– Ja, det er aberet. Du legg av pengar, men er du til dømes mellom to oppdrag, må du kanskje bruka dei. Eg kjenner mange som har problem med det. Aktørane betalar veldig ulikt, seier ho.

Joakimsen meiner det skjer ei utvatning i bransjen, kva gjeld kompetanse hos kurshaldarar.

– Eg er skolert, men når kursleverandørane er underbemanna, bruker dei folk utan erfaring, seier ho.

anneh@klassekampen.no

Nav har ikkje oversikt over arbeidsvilkår

– Me er kjent med at det er innleigde instruktørar hos nokre av AMO-kursa. Det er ikkje noko galt i det. Me forventar og stiller krav til ryddige forhold. Og som konsulent har du også rettar, seier seksjonssjef Jan Erik Grundtjernlien i tiltaksseksjonen i Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav).

– Me er opptatt av at det skal vera gode vilkår hos dei me kjøper tenester av, og me stiller krav.

Ifølge Grundtjernlien er leverandørane som Nav inngår kontraktar med ulike. Han seier at det er både store selskap med eigne fast tilsette og selskap med innleigde konsulentar frå andre selskap, og sjølvstendig næringsdrivande.

– Kan det ha noko å seia for kursa at dei som er kurshaldar og som skal hjelpa andre i jobb, også er på jobbjakt?

– Nei. Det er ikkje noko galt i å vera på jobbjakt. Når me har ein avtale med ein leverandør, så har dei ressursar som enten er faste eller har kontraktar. Me stiller krav til at dei som er instruktørar er kvalifiserte for jobben.

Grundtjernlien meiner det er feil at Nav gjennom anbodssystemet presser prisane ned, slik Eliertsen finn, noko som også går ut over lønnsnivået.

– Nei, det er ikkje mitt inntrykk, seier han.

Ifølge Grundtjernlien vil normalt kvalitet vega 60 prosent og pris 40 prosent i val av leverandør.

– Sagt med andre ord, det er ofte at kvalitet går før pris. Men me tar sjølvsagt omsyn til pris, seier han.

Han seier at Nav ikkje har oversikt over lønnsnivået til instruktørane, men at leverandørane forpliktar seg til å ha å ryddige lønns- og arbeidsvilkår.

– Eg trur nok at det er fullt på høgde med det nivået som rettleiar i Nav-systemet ligg på. Men dette har me ikkje gjort noko kontroll av.

Ifølge Eliertsen ligg lønnsnivået for konsulentane hundre tusen under adjunktnivå. Grundtjernlien seier at leverandørane forpliktar seg til å ha lønns- og arbeidsvilkår i orden.

– Nav sitt anbodssystem krev ein høg grad av fleksibilitet, noko som skapar ein lite føreseieleg arbeidssituasjon, ifølge Eilertsen. Korleis ser du på det?

– Eg kan forstå at for nokre så vil det opplevast som uføreseieleg. I dialogen med leverandørar prøver me å vera tydelege på kva dei kan forventa seg av aktivitet framover, for å sikra at det blir best mogleg føreseieleg. Men me er avhengige av budsjettet frå år til år, seier han.

– Det kjem elles fram at i den aktuelle bedrifta var heile 30 prosent av kurshaldarane rekruttert etter sjølv å ha deltatt på AMO-kurs. Har Nav synspunkt på det?

– Eg tenker at det er flott at folk kjem i jobb. Det er det me jobbar med. Heile tida.

Ifølge Grundtjernlien varierer det frå fylke til fylke om kurshaldarane må vera med til Nav i anbodsmøter.