Mandag 16. juni 2014 Innenriks

4 av 10 kontrollerte vogntog på veg inn i Sør-Noreg har fått bruksforbod av Statens vegvesen i år:

Finn stadig fleire lovbrot

SKREMT: Roger Gulvik frå Statens vegvesen sjekkar at trailerane som kjem over grensa frå Sverige ikkje har åpenbare feil med køyretøy eller last.

STOPPA: Vegvesenet åtvarar mot useriøsitet og lovbrot i tungtransport inn til Norge. Inspektør Roger Gulvik i Statens vegvesen er redd for å køyre bak dei store trailerane.

TRANSPORT

Store, tunge trailerar rullar sakte fram mot Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Svinesund. Her tar vegvesenet stikkprøvar av trailerane på veg inn i Noreg.

Inspektør Roger Gulvik i Statens vegvesen roper varsku. Han er uroa både over kvaliteten på sjåførar og utstyret som blir brukt.

– Eg personleg tenker på dette når eg køyrer inn på E6, seier Gulvik.

Han har jobba i utekontrollen i vegvesenet sidan 1999, og dermed også sett utviklinga i transportbransjen. I heile Europa er bransjen blitt stadig meir liberalisert. Mens det tidlegare ikkje var lovleg for utanlandske transportørar å køyra internt i Noreg, har EØS-reglane opna for ei avgrensa for slik såkalla kabotasjekøyring. Mange av trailerane og trailersjåførane på norske vegar er utanlandske.

Ifølge Gulvik har mange av dei utanlandske sjåførane dårleg kunnskap, blant anna om sikring av last. Feillasting er eit stort problem, fortel han. Tekniske problem ved køyretøyet er eit anna omfattande problem, ifølge Gulvik.

Når Gulvik i dag køyrer sin eigen bil legg han seg aldri i nærleiken av dei store trailerane.

– Det kan stå ein traktor bak presenning som er heilt feil sikra, seier han.

Rundt hjørnet for kontrollstasjonen står ein lastebil parkert. På tilhengaren fann vegvesenet eit svømmebasseng, som var altfor stort for køyretøyet.

– Det kan vera seks tonn framme og tretti tonn bak på ein lastebil. Eg held meg enten langt bak dei, elles så køyrer eg forbi, seier han.

– Er du redd når du er ute og køyrer?

– Ja, i alle fall så tenker eg på det. Eg har stor respekt for dette, seier Gulvik.

Grensekryssande transport:

Det er i utgangspunktet ikkje lov for utanlandske transportørar å køyra turar internt i Noreg (kabotasje).

• Det har blitt gradvis opna opp for kabotasje i heile Europa, også i Noreg som ei følge av EØS-avtalen.

• Men det er ei avgrensa form for kabotasje som er lovleg i Noreg.

• Utanlandske transportørar kan køyra internt i Noreg i samband med turar med last inn til Noreg.

• På turar inn til Noreg kan utanlandske transportørar over sju dagar køyra tre interne turar i Noreg.

115 meldt til politiet

Ifølge tal Klassekampen har henta inn frå Statens vegvesen er det så langt i år gjennomført 5070 tungtransportkontrollar ved grenseovergangane Svinesund og Ørje, og E6-kontrollstasjonen Tarladrud i Sør-­Noreg:

• 2043 av dei kontrollerte køyretøya har fått bruksforbod, det vil seia kring 4 av 10 kontrollerte trailerar.

• 115 er blitt meldt til politiet.

Klassekampen har fått tal for utførte kontrollar ved Svinesund, Ørje og Tarladrud heilt tilbake til 2010. Tala viser ei auke både i bruksforbod og anmeldelsar.

Til samanlikning fekk i underkant av 3 av 10 kontrollerte køyretøy bruksstopp i 2010, og 55 av dei blei då meldt.

Med 115 anmeldelsar i år så langt er det fleire enn i heile fjor, då det etter 10.888 kontrollar blei føretatt 114 anmeldelsar.

Men dei fleste trailerane køyrer vidare innover Noreg utan å ha blitt kontrollert av inspektørane på kontrollstasjonane. Sjølv om vegvesenet tar målretta stikkprøvar der dei har mistanke om feil, klarer dei ikkje å kontrollera alle som sniglar seg fram og over kontrollpunket.

Ifølge Gulvik er det også trailerar som burde ha vore stoppa som køyrer vidare.

– Det går forbi trailerar her med feil på. Me har ikkje sjanse til å sjekka alt. Når du veit at me berre får kontrollert eit fåtal skjønner du at mange ikkje skulle køyrt vidare, seier Gulvik.

Er blitt ein telefonstasjon

Utviklinga i transportbransjen har gått i retning av at det er fleire aktørar inne i utføringa av eit godsoppdrag.

– Det er meir og meir vanleg at eitt firma har oppdraget med å frakta varer, så sel dei det vidare, som igjen sel det vidare til nokon som gjer jobben endå billigare. Til slutt er det ein bulgarsk sjåfør som gjer jobben, forklarar Gulvik.

Språkproblem gjer jobben for kontrollørane krevande. Ofte er det eit fingerspråk som til slutt må takast i bruk.

Ifølge Gulvik er det mange av speditørane på begge sider av grensene som ringer til stasjonen på Svinesund når varene ikkje er komne fram.

– Me er blitt litt sånn driftar av dei europeiske spedisjonsfirmaa, seier han.

anneh@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 17. juni 2014 kl. 11.24

Fryktar fleire ulykker

Sjølv om vegvesenet avdekker mange brot på ulike regelverk køyrer dei fleste trailerane vidare innover i Noreg utan å ha blitt tatt i auge av vegvesenet sine inspektørar. Fagsjef for utekontroll i region aust Ronny Lindesteg i Statens vegvesen seier at det berre er toppen av isfjellet som blir kontrollert.

– Me er uroa over utviklinga. Det er det ikkje tvil om. Me er overraska over at det ikkje har vore fleire ulykker, seier han.

Statens vegvesen skal ved overgangane i Sør-Noreg og på ulike stadar på vegen inn mot Oslo gjennomføra 11.000 kontrollar. Det utgjer kring 5 prosent av tunge køyretøy som køyrer inn i Noreg. Dagleg passerer 2000-2500 tunge vogntog norskegrensa.

– 11.000 av 700.000 er ikkje rare prosenten, seier han.

– 115 tungtransportkøyretøy er meldt til politiet i år, mot 114 i heile fjor. Kva trur du at det skuldast?

– Det er litt vanskeleg å seia. Eg vil drista meg til å seia at kontrollørane er blitt flinkare til å plukka ut køyretøy som skal kontrollerast. Men det kan også vera at det kjem endå fleire dårlegare køyretøy inn over grensa, seier Lindesteg, men poengterer at det også er norske køyretøy blant dei stoppa, også blant dei som er meldt til politiet. Han seier statistikken er for dårleg i dag til å få fram nasjonalitet.

– Kan du gi eksempel på kva saker som endar med politimelding?

– Det kan vera sjåførar utan førarkort, eller førarkort for heilt feil klasse. Det er tilfelle med svært alvorleg feil når det gjeld sikring av last, eller overvekt. Det kan vera alt for dårlege bremsar, eller andre tekniske feil som er såpass alvorlege.

– Har de grunn til å tru at sjåførane er utsatt for sosial dumping og at det også kan vera økonomisk kriminalitet inne i bilde?

– Me har ikkje anna referanse enn kva sjåførane fortel oss. Men ein del seier at dei ikkje eig husvære, bilen er leilegheita og derfor må dei ta jobben. Dei har lite pengar i reisekassa og lønna er låg. Får dei problem med oss kan dei bli ståande her. Men om det er sant veit me jo ikkje, men ut i frå det me høyrer så er det grunn til å stilla spørsmål om det er sosial dumping.

– Kvar kjem sjåførane frå?

– Det me ser det siste halvanna året er at fleire og fleire kjem frå Bulgaria, Ungarn og Romania, og mange av dei bulgarske vogntoga har sjåfør frå Makedonia.

– Trur de sjåførar spekulerer i når de ikkje er på jobb?

– Ja, det er det ikkje tvil om. Det veit me at dei gjer. Ved overgangane venter dei til dei ser at det er klart og så køyrer dei. Men dei kan jo bli kontrollert andre stadar, seier han.

Lindesteg seier at ropet om billigast mogleg transport av norske varer bidreg til å senka standarden.

– Når me skal ha gods så billig som mogleg til Noreg så pressar det fram dårlegare sjåførar og dårlegare køyretøy, seier han.

«Det er tilfelle med svært alvorleg feil når det gjeld sikring av last, eller overvekt. Det kan vera alt for dårlege bremsar, eller andre tekniske feil»

Ronny Lindesteg, Fagsjef for utekontroll i Statens vegvesen

Farleg: Når Gulvik køyrer sin eigen bil legg han seg aldri i nærleiken av dei store trailerane.