Onsdag 9. juli 2014 Innenriks

Frp er imot, men berre éin av fylkesleiarane til Høgre går imot OL i Oslo:

Nektar å gje opp håpet

IKKJE TATT STILLING: Statsminister Erna Solberg har sagt at Frp sitt nei ikkje vil endre Høgre sitt arbeid med saka framover. Her med Frp-leiar Siv Jensen. FOTO: VEGARD GRØTT, NTB SCANPIX

OL-Strid: Eit fleirtal av fylkesleiarane i Høgre støttar eit OL i Oslo i 2022. Det ligg an til full strid i regjeringa.

ol

Klassekampen har vore i kontakt med 16 av Høgre sine fylkesleiarar. Av desse gir 11 klar støtte til Oslo-OL, medan berre éin seier tydeleg nei. Fire er usikre. Dette står i sterk kontrast til regjeringspartnaren Frp, som i mai i år sa nei til å støtte ein OL-søknad på sitt landsmøte.

Fylkesleiarane er positive til trass for at meiningsmålingar viser at det ikkje er fleirtal i folket. Førre veke kasta også Høgre-veteran Kåre Willoch seg inn i debatten og gav støtte til Frp i denne saka. Han er svært negativ til kostnadsbruken i eit eventuelt Oslo-OL.

I haust må regjeringa ta stilling til om eit Oslo-OL skal få statleg tilskot og garanti. Anbefalinga frå regjeringa skal deretter behandlast i Stortinget.

Oslo sin OL-søknad:

• Måndag fekk Oslo, saman med Beijing i Kina og Almaty i Kasakhstan, innvilga status som offisiell kandidatby av IOC til å ha vinter-OL i 2022.

• Oslo sin søknad avheng no av at norske politikarar ynskjer å gje ein statsgaranti på 35 milliardar kroner for søknaden.

• Saka ligg no hjå Kulturdepartementet, som vil leggje den fram for Stortinget til hausten.

• Den 31. juli 2015 vil IOC kunngjere kva by som får vinter-OL i 2022.

• Oslo kommune har oppretta ein eigen etat som jobbar med den norske OL-søknaden.

Klassekampen i går

Vil fornye OL

Fylkesleiar for Høgre i Buskerud, Kristin Ø. Johnsen, brukte tysdags morgon til å stå på stand for å promotere OL i Oslo. Ho kallar Frp sin skepsis ei utfordring.

– Eg ser motargumenta som går på kostnader og at IOC som organisasjon ikkje er demokratisk, seier ho.

Men både Johnsen og fleire andre fylkesleiarar meiner at Noreg som arrangør kan bidra til å fornye OL.

– Det bør vere eit kostnadseffektivt og grønt OL for folket. Det vil vere ei vitamininnsprøyting for idrett og kultur i Noreg, og det vil få ringverknader frå Oslo og ut til heile landet, seier Johnsen.

Yngve Brox, fylkesleiar for Høgre i Sør-Trøndelag, trur òg eit OL vil vere bra for idretten i Noreg. Men han er svært skeptisk til IOC.

– Ein føresetnad for å arrangere OL i Oslo må vere at hysteriet rundt at det stadig skal bli større og dyrare stoppast, meiner han.

– Må lytte til folket

Av Høgre sine fylkesleiarar som Klassekampen har vore i kontakt med, er Jo Inge Hesjevik i Finnmark den einaste som seier klart nei til eit OL i Oslo i 2022.

– Eg er negativ til OL i Noreg, ikkje berre i Oslo, seier Høgre-politikaren.

– Noreg bør ikkje stå som arrangør av OL for IOC, fordi den organisasjonen er ikkje demokratisk nok.

Hesjevik meiner regjeringa bør lytte til folket i denne saka.

– Folkeleg oppslutning er svært viktig. Eg håper og trur at Høgre vil seie nei til OL.

– Det kler ikkje Høgre

Høgre tok ikkje stilling til OL-spørsmålet under sitt landsmøte i mai. Statsminister Erna Solberg har sagt at Frp sitt nei ikkje vil endre Høgre sitt arbeid med saka framover.

Fylkesleiar Gunn Marit Helgesen i Telemark meiner dette er noko Høgre ikkje treng å ta stilling til som parti.

– Eg veit ikkje om dette skal gjerast til ein partisak. Dette har ikkje noko med ideologi og partipolitikk å gjere. Vi må tenkje over om vi vil ta på oss de forpliktingane dette inneber, men også sjå på kva for moglegheiter det gir.

Sveinung Stensland i Rogaland er skeptisk til OL, men er blant dei som ikkje har bestemt seg:

– Personleg meiner eg det same som Rogaland Høgre, nemleg at det ikkje kler høgrefolk å konkludere i ein så svær sak, før vi har fått sett heile sakskomplekset.

politikk@klassekampen.no

Vil prioritere sjukehus og skule

Stortingsrepresentant for Oslo Høgre Heidi Nordby Lunde skrev nyleg eit innlegg på bloggen sin om argument mot OL i Oslo.

– Eg vil synleggjere at det finnast folk i Høgre som ikkje er begeistra for OL.

Til Klassekampens tal om dei OL-positive fylkesleiarane svarar ho:

– Så hyggjeleg! Men min første prioritet er å sørgje for at Høgres program blir gjennomført. At formueskatten blir fjerna, at sjukehuskøane forsvinn og at skolen får eit løft. Så kan vi vurdere om vi har råd til å arrangere eit OL.

Ho er skeptisk til argument om at Oslo treng eit OL for byutviklinga si skuld.

– Dersom dette er noko byen treng er dette noko byen skal investere i uavhengig av OL.

Norby Lunde trur ikkje OL-saka kjem til å ha innverknad på regjeringssamarbeidet.

– Det høyrest ut som Frp er komfortable med å si nei, og la Høgre ta ansvar for eit prosjekt som garantert kjem til å lide av store forseinkingar. Då kan Frp stå i valkampen og si at dei ønska å prioritere noko anna. Det viktigaste nå er ei rask avklaring.