Tirsdag 26. august 2014 Kultur og medier

Regjeringa vil skape semje i striden om avismoms med ei overgangsordning, men moms blir det:

Moms på papir om fem år

HØG FEM: Leiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Høgres Svein Harberg (i midten, meiner skissa til momsløysing for avisene er god. FOTO: ERIK HOLAND, AGDERPOSTEN

Det ligg an til at både digital- og papiraviser får moms om fem år. – Det er ei god skisse for mediebransjen, meiner Høgres Svein Harberg.

media

Etter forhandlingar mellom Mediebedriftene, Kulturdepartementet og Finansdepartementet ligg det an til ei løysing på striden om avismomsen.

Etter det Klassekampen kjenner til, inneber framlegget at momsen på digitale aviser blir sett ned frå 25 til åtte prosent, medan papiravisene vil få momsfritak i enno fem år. Etter denne overgangen blir det plattformnøytral lågmoms på åtte prosent for alle aviser.

– Med dei store atterhalda at dette er ei skisse, og at framlegget skal gjennom regjeringsforhandlingar, vil eg seia at det er eit god utgangspunkt, seier leiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Svein Harberg (H), til Klassekampen.

Moms på aviser:

• Regjeringa har laga ei skisse til nytt momsregime for avisene.

• Framlegget er åtte prosent lågmoms for digitalaviser, medan papiraviser frå vidareført momsfritak i ein overgangsperiode på fem år.

• Etter fem år blir det plattformnøytral moms på åtte prosent.

• I dag betaler digitale aviser 25 prosent moms. Papiraviser har momsfritak.

• Det endelege resultatet for avismoms blir lagt fram i Statsbudsjettet for 2015.

Skal framskunda overgang

– Kva konsekvensar ser du for deg at dette kan ha for mediebransjen?

– Eg voner det vil gje papiravisene moglegheit til å klara seg, samstundes som skissa kan framskunda ein digital overgang, som tvillaust vil koma i alle fall.

Fleire i bransjen har vore svært kritiske til innføring av moms på papiraviser. Ikkje berre av prinsipielle årsaker, men fordi journalistikken er under press.

– Vil ei overgangsordning på fem år svara på slike utfordringar?

– Det står att å sjå. Vi må vurdera effekten under vegs, men intensjonen er i alle fall god. Det er viktig å få på plass ordningar som kan føra annonsepengane tilbake til redaksjonane og styrkja dei, seier Harberg.

Konsernsjef i Mentor Medier, Helge Simonnes, ønskjer ei sameint politisk løysing velkommen.

– Det er bra at ein kan nærma seg eit større forlik, slik mange politiske parti har etterlyst, seier Simonnes til Klassekampen.

Vil ha større forlik

Simonnes meiner likevel at det må meir til enn ei avklaring kring momsen.

– Eit større forlik må også omfatte pressestøtta. Moms og pressestøtte har alltid vore knytt til kvarandre. Ei freding av pressestøtta i same femårsperiode er naudsynt for at omstillingane skal gå rolegare for seg enn det dei har gjort til no, hevdar Simonnes.

Kulturminister Thorhild Widvey (H), som er på reise, ville ikkje gå inn i detaljar kring departementets møtet med mediebransjen i går.

– Finansministeren og eg fører ein konstruktiv dialog med bransjen. Regjeringa sitt mål om lik lågmoms med gode overgangsordningar er vårt utgangspunkt, seier kulturministeren i ein e-post, der ho understrekar at omfang og innretting på mediemomsen vil bli offentleggjort i forbindelse med statsbudsjettet for 2015.

I løpet av sommaren har det vore uvisse kring mediemomsen og regjeringa sin mediepolitikk. Framstegspartiet, både ved kulturpolitisk talsmann Ib Thomsen og finansminister Siv Jensen, har opna for nullmoms. Det same har regjeringas støtteparti i Stortinget, KrF. Dei siste månadene har også opposisjonspartia Arbeidarpartiet og SV gått inn for felles nullmoms for digital- som papiraviser.

Ikkje optimal løysing

Frps Ib Thomsen meiner løysinga som nå ligg på bordet, er god, men ikkje optimal:

– Eg hadde ønska meg ei overgangsordning med same, låge momssats for både digital- og papiraviser. Ifølgje signala vi har fått frå bransjen, vil ulike satsar vera byråkratiske og vanskelege å få til.

– Vil Framstegspartiet jobbe vidare for nullmoms?

– Ja, vi vil kjempa for det, heilt til budsjettet er lagt fram. Teoretisk sett er det fleirtal for nullmoms på Stortinget.

– Så Frp vil gå imot Høgre og åtte prosent moms?

– Nei, det kan eg ikkje seia sikkert.

Men Høgre står altså på sitt.

– Frå Høgre har det aldri vorte sagt noko anna enn ein plattformnøytral lågmoms, seier Svein Harberg.

Det same understrekte også Kulturminister Thorhild Widvey til Klassekampen for to veker sidan.

guri.kulaas@klassekampen.no