Torsdag 25. september 2014 Innenriks

SAS Vil ha strengare regelverk for innleigebruk:

Ber regjeringa stoppa Kjos

TÅLMODET ER SLUTT: Sjef for samfunnskontakt i SAS Ove Myrold meiner regjeringa må på banen og få ein slutt på Norwegian-praksisen som dei meiner er konkurransevridande. Ove Myrold, direktør for myndighetskontakt i SAS. Foto: Tom Henning Bratlie/Klassekampen

NOK: SAS vil ha slutt på at Norwegian kan fly langdistanseruter med ei bemanning som er asiatisk lønna. No krev SAS regjeringa på banen.

LUFTFART

– Denne saka er veldig dårleg handtert politisk. Me meiner at myndigheitene må skjera igjennom og seia at nok er nok, seier sjef for samfunnskontakt i SAS Ove Myrold.

Norwegian sin interkontinentale satsing er basert på irskregistrerte fly med pilotar og kabintilsette frå land utanfor EØS-området. For å driva slik er dei avhengige av ein dispensasjon frå det norske regelverket, som sist blei fornya i sommar.

SAS meinar det er å omgå utlendingsforskriften, og at styresmaktene vrir konkurransen til Norwegian sin fordel ved å gi dei dispensasjon.

Norwegian og utlendingsforskrifta:

• Norwegian har for å veksa internasjonalt, gjort store organisatoriske grep dei siste åra.

• Norwegian sin interkontinentale satsing er basert på irskregistrerte fly med pilotar og kabintilsette frå land utafor EØS-området.

• Dette er i praksis ei omgåing av mot forbodet i den såkalla utlendingsforskrifta mot bruk av flygande personell frå land utafor EØS, meiner SAS.

• Norwegian har fått eit driftsløyve (AOC) frå Irland, men ventar på ein lisens til å fly med denne til og frå USA.

• Luftfartstilsynet har inntil vidare gitt Norwegian ein dispensasjon frå kravet om å registrera fly i det norske registeret.

Peiker på arbeidsplasar

I eit brev til Samferdselsdepartementet ber no SAS norske myndigheiter om ei avklaring.

«SAS mener vi har vært tålmodig i denne saken, da vi innser at sakskomplekset ikke er lett å handtere siden dette er nye driftsmodeller i luftfartssammenheng. Imidlertid kan vi ikke lenger akseptere at man aktivt tillater at det skjer en konkurransevridning som klart bryter med intensjonene i norsk lovgivning», heiter det i brevet som er signert Myrold.

SAS meiner det er urimeleg at norske myndigheiter legg opp til ein praksis som gir store konkurransefortrinn til ein aktør med ingen eller minimal tilknyting til norske arbeidsplassar, på kostnad av ein aktør som i dag berre har norske og skandinaviske arbeidsplassar tilknytt dei same rutene.

Fekk nei i USA

Nyleg vendte amerikanske myndigheiter ryggen til Norwegian då det blei gitt avslag på søknaden om ein lisens til å fly til og frå USA.

SAS meiner dette er eit viktig sinal sendt av amerikanske myndigheiter. I brevet peiker SAS på at det førre vedtaket om dispensasjon nettopp blei gitt med visning til at lisensbehandlinga i USA. «Avslaget i USA er et tydelig signal på hvor kontroversiell modellen er, og beslutningen setter den norske dispensasjonen fra LT (Luftfartstilsynet journ.anm.) i et spesielt lys. De løpende dispensasjonene framstår nå ikke bare som uforenelig med norsk lov, men også illojale overfor amerikanske myndigheter, som nå i realiteten har sagt nei til flygninger på USA for Norwegians irske datterselskap», skriv SAS.

Myrold understreker at det er prinsipielle spørsmål SAS etterlyser svar på, og at dei ikkje er ute etter å moralisera overfor Norwegian, men seier at det sentrale for SAS er like rammevilkår.

Men han legg ikkje ikkje skjul på at nye driftsmodellar som lågkostselskap banar veg for er i ferd med å endra luftfartsbransjen.

– Dei uortodokse driftsmodellane er ein trussel for dei tilsette i luftfartsbransjen, seier han.

SAS seier no at dei også ønsker sterkare regulering av bruk av innleige i lufta. Myrold seier SAS meiner at hovuddelen av dei flygande må vera tilsette i flyselskapet dei jobbar for. Det smala inn moglegheita for driftsmodellar som baserer seg på bruk av bemanningsbyrå og blant anna såkalla kontraktspilotar.

– Ja, SAS vil ha ein regel for det, men me har ikkje tatt debatten om kor stor den delen bør vera, men me meiner brorparten av dei flygande må vera tilsett i selskapet, seier han.

Ønsker ikkje uttala seg

Samferdselsdepartementet opplyser til Klassekampen at dei for tida har brevet frå SAS til behandling og at dei på noverande tidspunkt derfor ikkje vil uttala seg om dei spørsmåla SAS reiser.

På eit generelt grunnlag seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) via si informasjonsavdeling at det er ei «målsetting at norske luftfartsaktører skal ha like rammevilkår for sin virksomhet.»

anneh@klassekampen.no

paalh@klassekampen.no

Norwegian: SAS burde gå stillare i dørene

– SAS burde gå litt stillare i dørene omkring temaet forskjellsbehandling, seier kommunikasjonsdirektør Anne-Sissel Skånvik i Norwegian.

– Dei har verkeleg ei konkurransevridande særbehandling i Skandinavia som er grunngjeve med at dei har statlege eigarar, og dei haustar fordelar av å kunne operera på ein heilt anna og meir fleksibel måte enn Norwegian får. Skånvik meiner det er feil å seia at Norwegian har ein heilt annan praksis enn SAS.

– SAS flyg med samarbeidspartnarar som også har lokale vilkår. Om du tingar billett med SAS frå Gardermoen til Bangkok, så er det thailandsk personale som flyg deg dit med Thai.

Ho peikar på at søknaden Norwegian har inne i USA ikkje handlar om nasjonaliteten til personalet.

– På same måte som SAS, må Norwegian ha eit fotfeste i EU, og det at Norge står utanfor EU gir Norwegian ei konkurranseulempe når det gjeld trafikkretter. Norwegian har difor etablert eit selskap i EU og dette selskapet har søkt om å fly til USA på same måte som vi flyg i dag, med same crew og same fly. Det er denne søknaden som er til handsaming i USA. Skånvik meiner det er ein fordel for norske arbeidsplassar at Norwegian ekspanderer.

– Norwegian ekspanderer internasjonalt og sikrar konkurransekraft mot konkurrentar globalt. Det gjer at dei skandinaviske arbeidsplassane i Norwegian truleg er langt tryggare enn dei er hos SAS.

Sjef for samfunnskontakt i SAS Ove Myrold seier at SAS ikkje flyr til Thailand, men opplyser at SAS har japanske og kinesiske tilsette,

– Men dei er fast tilsette og det er av sørvisomsyn på fly til Kina og Japan. Det er også tariffesta at dei har lønn i samsvar med dansk tariff den fyrste timen inn og ut frå Kastrup, og dette er eit personal som kjem i tillegg til grunnbemanninga. Dei utgjer maks 20 prosent, seier han.