Mandag 29. september 2014 Innenriks

Den unge, borgarlege eliten er samstemt:

Velferd på vill ferd

MIDTFJORDS: Dei 38 deltakarane på Civitas Oscarsborgseminar 2014 går om bord i ferja som tek dei tilbake til Drøbak frå Oscarsborg, som ligg midt i Oslofjorden.

I MINUS: Regjeringa har arva ein velferdsstat vi ikkje har råd til. Og dei kjem ikkje til å gjere noko med det, meiner deltakarar på Oscarsborgseminaret.

VELFERDS- staten

På ei øy i Oslofjorden ligg Oscarsborg festning. Den har i 170 år forsvart Noreg mot trugsmål utanfrå. No er det berekrafta i velferda vår som skal forsvarast: I ti år har Civita årleg samla unge vaksne til Oscarsborgseminaret her ute, ei samling der folk frå ulike miljø får møte kvarandre, lære og diskutere.

Arrangørane er opptekne av å formidle at dette ikkje berre er eit arrangement for høgresida, og at dei har hatt deltakarar frå heile det politiske spekteret. Men sjølv om ein ikkje treng ha partiboka i orden for å melde seg på, er det lite palestinaskjerf og batikk å sjå her. Også på ein liberal leirskule herskar det nokre normer i klesvegen, tydelegvis.

I eit klasserom sit førti ungdomar og høyrer på økonomiprofessor Jørn Rattsø. Grafar, kulepunkt og prosentar flyg gjennom lufta, og ivrige hender går stadig i vêret for å grave i små og store spørsmål. Og Rattsø, som leier regjeringas produktivitetskommisjon, svarer villig vekk. Rattsø forklarer korleis vi i framtida vil møte ein kvardag der dei tenestene staten gjev oss, ikkje lenger er til å bere:

– Dessverre er politikkens ibuande problem at han er kortsiktig. Ein del av dykk kjem frå politiske parti, og har kanskje høyrt nokon seie «dette kan vi ikkje diskutere, fordi det er valår», spør Rattsø.

Halve salen ler, tydelegvis fordi dei kjenner seg att. Den andre halvparten ser på dei som ler, og blikka varierer mellom undring og skepsis.

– Det skulle vore motsett! Dei skulle sagt «dette diskuterer vi fordi det er valår», slår Rattsø fast.

Han peikar på at Noreg er ein av dei svakaste reformatorane av alle OECD-land, at utdanningssystemet er for dårleg, at lønsnivået er høgt og at 700.000 står meir eller mindre utanfor arbeidslivet. Og det er meir:

– Visste de at vi har 991 ulike mastergradar i Noreg?

Det susar i salen.

– Vi burde hatt fleire, kviskrar ein kursdeltakar medan han fniser.

Velferdsstaten:

• Våren 2013 la den raudgrøne regjeringa fram perspektivmeldinga. Der slo dei fast at framskrivingar av dagens situasjon inneber eit årleg underskot på 140 milliardar 2013-kroner på statsbudsjettet.

• I 1970 var det 4 pensjonistar per 10 personar i yrkesaktiv alder. I dag er talet 2,2, og ifølgje perspektivmeldinga vil det auke til 4 i 2060.

• Civita er mellom dei aktørane som har argumentert hardast for at desse utfordringane må møtast med omfattande endringar i dagens velferdsstat.

– Partia tek ikkje ansvar

To av deltakarane på kurset er Andreas Masvie og Ina Roll Spinnangr. Masvie er knytt til den kristne tankesmia Skaperkraft, medan Spinnangr er Venstre-medlem og aktiv i Sosialliberalt verksted, ei fri tankesmie med utspring i miljøet rundt Venstre i Trøndelag. Båe understrekar at dei er på seminaret som privatpersonar og ikkje uttalar seg på vegner av organisasjonane. Dei har lite tru på at regjeringa vil gjere særleg mykje for å møte utfordringane Rattsø har skissert.

– Eg trur ikkje dagens regjering vil gjere noko særleg med det. Det er for stor konsensus om at staten betaler og forsørgjer, seier Masvie.

Spinnangr er einig:

– Det blir minimale justeringar. Systemet gjer at politikarar tenkjer i fire- eller åtteårsperspektiv, «etter oljealderen» er så langt fram at ingen heilt ser dit. Eigentleg er det flautt: No har vi ein historisk sjanse til å møte utfordringar vi veit kjem, meiner venstrekvinna.

Masvie meiner det er mange spørsmål som ikkje blir debattert fordi vi fryktar debatten:

– Eit flatare skattesystem, til dømes. Eg meiner det kan ha positive effektar, som meir tillit og mindre svart arbeid.

– Her er eg nok ikkje einig i sak, skundar Ina Roll Spinnangr seg å seie. Men båe er samstemte om at ein ikkje bør frykte nokon politiske debattar, heller ikkje denne.

Masvie meiner høgresida sjølv må ta noko av skulda for at det ikkje har skjedd større endringar:

– Det har vore ein intellektuell latskap på høgresida. Staten betaler for all slags smått og stort, seier han, og tek til ords for fleire eigendelar og meir behovsprøving.

Spinnangr er einig:

– Venstre blir jo skulda av venstresida for å rasere velferdsstaten når vi tek til ords for meir behovsprøving, men det er jo eit spørsmål om korleis vi elles skal få råd.

– Så du kan avkrefte at de vil knuse velferdsstaten?

– Ja, den planen kan eg avkrefte, ler Spinnangr.

Ho meiner derimot at velferdsstaten ikkje er tilpassa dei som treng han mest.

– Han fungerer for oss som allereie er på innsida av systemet. Men ruspolitikken er eit døme på at vi ikkje fangar opp dei som treng velferdsstaten mest, og at politikarane er for feige til å lage ordningar for dei som slit.

Elefantar i rommet

På eit kontor i Oslo sit Mathilde Fasting. Ho arbeider i Civita og har nyleg gjeve ut pamfletten «Har vi råd til fremtiden?», der ho har sett på framskrivingane i perspektivmeldinga frå den raudgrøne regjeringa. Ho forklarer at framtida eigentleg ikkje er så usikker:

– Vi veit ganske mykje om framtida: Dei som skal vere i arbeidslivet dei neste femti åra er for det meste fødde i dag. Vi veit at humankapitalen vil vere viktigare enn olja. Og vi veit korleis utviklinga blir: Det blir fleire eldre, og dei kjem til å krevje meir av velferdsstaten, meiner Civita-økonomen.

– Men har vi råd til framtida?

– Det har vi, men ikkje dersom vi ikkje gjer ein del endringar. Dei neste ti åra er det eit vindauge der vi kan få gjort mykje, men politisk sett er dette kjempevanskeleg. Psykologisk sett er det vanskeleg å snakke om reformer når det går så bra som det gjer no, seier Fasting.

I pamfletten tek Fasting til ords for ei rekkje grep som politikarar i mange ulike leirar kan nikke til, som satsing på kunnskap og samferdsle, men ho meiner vi òg må gjennomføre skattelettar i stor skala:

– For meg handlar det om å gje rom for innovasjon og vekst. Skattelettar frigjer midlar som folk kan investere i risiko. Det er viktig for samfunnet, slår Fasting fast.

På same måte meiner ho det trengst fleire private aktørar i velferdsstaten:

– Då kan fleire tenkje over korleis vi skal drive tenestene på ein best mogleg måte, og det offentlege kan lære av andre.

Ho meiner den blåblå regjeringa gjer ein del positive grep, men at det finst fleire elefantar i rommet. Og det er nettopp ungdomane ute på Oscarsborg som skal ta dei grepa Fasting etterlyser:

– Norske politikar snakkar nesten ikkje om sjukelønsordninga og pensjonssystemet i offentleg sektor, men heldigvis er dei borgarlege ungdomspartia meir progressive her. Og det er ikkje så rart – det er dagens ungdomar som må slite med dei budsjettunderskota vi skaper.

jensk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 29. september 2014 kl. 09.22
DELTAKARAR: Ina Roll Spinnangr er Venstre-medlem og aktiv i Sosialliberalt verksted. Andreas Masvie er knytt til den kristne tankesmia Skaperkraft.
SPØRSMÅL: Ina Roll Spinnangr rekkjer opp handa for å ta ordet i eit seminar med økonomiprofessor Jørn Ratsø.