Mandag 6. oktober 2014 Lederen

Norsk elite

• «Du kan gjerne tro at man kommer langt med to tomme hender, hardt arbeid og masse vett i Norge, men sannsynligheten for at du kommer høyt opp i inntektshierarkiet er langt høyere om du har høy klassebakgrunn», sa professor i sosiologi, Johs Hjellbrekke, til Klasse­kampen laurdag. Han er ein av forfattarane av «Elite og klasse i et egalitært samfunn». Boka rettar søkelyset på den norske overklassen, penge-, profesjons- og kultur­eliten. Mens folk i Norge – i sterkare grad enn folk i andre land – opplever at vi lever i eit samfunn med små forskjellar, viser boka at også vi har ein elite på toppen. Eitt av hovudfunna er at arv har vorte enda viktigare enn før, både når det gjeld økonomisk velstand og yrkesmessig og kulturell posisjon.

• Boka om det norske klassesamfunnet kjem samtidig som Høgre/Frp-regjeringa forsterkar forskjellane i samfunnet. I fjor fjerna den blåblå regjeringa arveavgifta og reduserte skattlegginga av den økonomiske eliten i Norge. Onsdag kjem det første statsbudsjettet som finansminister Siv Jensen har laga sjølv, og signala er at det skal bli meir av det same: Skatten på formue skal reduserast frå 1 til 0,7 prosent, og innslagspunktet skal aukast frå 1 til 1,2 millionar kroner. Den norske overklassen sitt godt i det frå før, men no skal dei som har mest få enda meir.

• Den blåblå regjeringa nøyer seg ikkje med å gi til dei rike. Tvert om vil dei ta rettar frå vanlege arbeidsfolk og pengar frå dei fattige. Arbeidsminister Robert Eriksson er i gang med ei omfattande endring av arbeidsmiljølova, som blant anna vil gi fleire mellombelse stillingar i arbeidslivet. Det vil nok den norske næringslivseliten tene på, men for arbeidsfolk vil resultatet blir lågare løner og meir utrygge arbeidsforhold. På toppen av alt melder Dagens Næringsliv at regjeringa i statsbudsjettet vil foreslå kraftige kutt både i overgangsstønaden for einslege forsørgarar og i barnetillegget for uføre. Dermed gjer Siv Jensen og den blåblå regjeringa det omvendte Robin Hood-prinsippet til si rettesnor i norsk politikk: Dei vil ta frå dei fattige og gi enda meir til den økonomiske eliten.