Lørdag 20. desember 2014

Nesten to av tre seier nei til regjeringas framlegg om fleire mellombelse stillingar:

Her er folkets dom, Erna

FOLKET SEIER NEI: Statsminister Erna Solberg får ikkje folket med seg på å opne for fleire mellombelse stillingar. Undersøkinga er laga av Opinion for LO, og utvalet er på 1000 personar. Feilmarginen varierer mellom 1,4 og 3,1 prosent, og målinga er teken opp 11.–17. desember. Foto: Terje Pedersen/NTB Scanpix

NEI: Nordmenn flest vil ikkje ha regjeringas nye arbeidsmiljølov. – Stats­ministeren er ikkje i kontakt med folkemeininga, seier LO-nestleiaren.

ARBEIDSLIV

«Dette har det norske folk faktisk stemt for», sa stats­minister Erna Solberg då ho talte til arbeidstakar­saman­slutninga Unio sist veke.

Men det kan sjå ut til at statsministeren ikkje har folket med seg på den konklusjonen: 62 prosent av dei spurde vender tommelen ned for regjeringas framlegg om å opne for fleire mellombelse stillingar i Noreg. Berre 30 prosent meiner regjeringa no er på rett spor. Det er fleirtal mot endringa i alle aldersgrupper, hos både kvinner og menn og på alle utdanningsnivå.

LO-nestleiar Hans Christian Gabrielsen meiner tala bør få statsminister Erna Solberg og arbeidsminister Robert Eriksson til å tenkje seg om:

– Det er ikkje berre toppane på Youngstorget som meiner dette er ein dårleg idé, slik regjeringa liker å framstille det. Eit klart fleirtal i folket går mot mellombelse tilsettingar, seier Gabrielsen til Klassekampen.

Han meiner den massive motstanden viser at den blåblå regjeringa ikkje forstår folk flest:

– Denne regjeringa demonstrerer at dei ikkje har kontakt med folkemeininga. Vi har sett det i reservasjonsrettsaka og fordelingsprofilen i statsbudsjettet. No ser vi det same i striden om arbeidsmiljølova, seier LO-nestleiaren.

Heile 92 prosent av dei spurde har gjort seg opp ei meining om saka.

– Dette med å ha ein fast jobb å gå til, dét forstår folk. Den tryggleiken får du ikkje som mellombels tilsett, meiner han.

Ny arbeidsmiljølov:

• Den blåblå regjeringa planlegg store endringar i arbeidsmiljølova.

• Mellom anna vil regjeringa gje generell tilgang til mellombelse stillingar opp til tolv månader.

• Regjeringa gjer òg endringar i arbeidstida. Det vil seie meir overtid, lengre dagar og fleire søndagsvakter for arbeidstakarar flest.

• I januar har LO, YS og Unio varsla ein to timars generalstreik mot regjeringa.

• I dag syner tal at to tredelar av folket seier nei til regjeringas endringar.

Unge mest positive

Sjølv om også fleirtalet av dei under 30 år i undersøkinga er imot liberaliseringsframlegget, er det her vi finn den største ja-prosenten: 34 prosent i denne gruppa stør framlegget.

– Kan det tyde på at regjeringa har rett når dei seier at dette vil gje fleire unge ein sjanse på arbeidsmarknaden?

– Nei, eg trur ikkje det. I denne gruppa finn du flest studentar og andre som har mindre erfaring frå arbeidslivet. I gruppa 30–39 år kan ein sjå at heile 70 prosent er mot lovframlegget, og her finn vi dei som er i etableringsfasen, seier Gabrielsen.

Han meiner likevel at signalet frå dei unge må bli teke på alvor:

– Samanlikna med 2008, altså før finanskrisa, har vi ei undersysselsetting på 140.000 folk, og det har gått mest utover dei yngste. Men tal frå OECD viser at den lovendringa regjeringa har lagt fram berre vil gjere om faste stillingar til mellombelse, ikkje auke det totale stillingstalet.

Glad for høgare straffar

– Meiner LO at alle endringane i arbeidsmiljølova er dårlege?

– Nei, til dømes er vi glade for at dei hevar strafferammene for arbeidsmiljøkriminalitet. Men summen av alle endringane viser at denne regjeringa vil demontere arbeidsmiljølova bit for bit, seier Gabrielsen, og nemner meir sundagsarbeid, pålagt overtid og lengre arbeidsdagar som tre døme.

Han trur heller ikkje noko på at dei blåblå vil gå tilbake på endringane dersom det syner seg at dei ikkje har den ønskte effekten, slik Robert Eriksson sa til VG denne veka.

– Når han ikkje har lytta til fakta tidlegare, er det ingen grunn til å tru at han vil gjere det no, seier LO-nestleiaren.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 21. desember 2014 kl. 17.10

Høgre: Vi har vore lydhøyre

Statssekretær Thor Sættem (Høyre) i Arbeidsdepartementet seier endringane i arbeidsmiljølova er heilt naudsynte.

– Døra inn til arbeidslivet må bli lettare å opne. Motivet for dei endringane vi gjer er at det skal bli lettare å få jobb, seier Sættem.

Han synst spørsmålsstillinga til LO ikkje tek høgd for realitetane i regjeringas framlegg.

– Vi er godt kjende med LOs kritikk, og det blir spegla i spørsmålet dei har stilt. Men vi skulle ønskt dei ville vore med å kjempe mot utanforskapet i norsk arbeidsliv, seier Sættem.

– Spørsmålsstillinga er no éin ting, men det er vel rimeleg å seie at desse endringane ikkje er veldig populære. Meiner du likevel dei er naudsynte?

– Ja, det er heilt riktig å gjere dette. Vi har vore lydhøyre overfor fagrørslas uro, og har derfor lagt klare grenser for korleis mellombelse stillingar kan brukast. Det skulle eg ønskje at LO og andre ville sjå, seier Settem:

– Skulle det syne seg at endringane ikkje har den effekten vi er ute etter, er vi sjølvsagt opne for å gjere endringar.