Fredag 16. januar 2015 Utenriks

Fransk komikar risikerer fengsel etter anklager om å ha oppmoda til terror:

Rysta over klappjakt

Arrestert: Komikaren Dieudonné vart arrestet etter ei Facebook-melding. Over 70 personar er i det siste arresterte i Frankrike for å ha oppmoda til terror. foto: Gonzalo Fuentes, Reuters/nTB

RAID: Franske styresmakter har arrestert fleire titals menneske for å oppfordre til terror, blant dei ein kjent komikar. – Hyklersk, meiner norske komikarar.

FRANKRIKE

Den franske komikaren Dieudonné M’bala M’bala skulle i går møte i retten, der han er tiltalt for terrorsympati etter å ha skrive denne meldinga på Facebook: «I kveld føler eg meg som Charlie Coulibaly», der han slo saman slagordet «Eg er Charlie», med namnet på terroristen Amedy Coulibaly, som drap ein politimann og fire gissel i dagane som følgde etter terrorangrepet mot Charlie Hebdo.

Den kontroversielle komikaren, som tidlegare har blitt dømt for antisemittiske kommentarar, vart arrestert berre to dagar etter at fleire millionar franskmenn demonstrerte for ytringsfridom i enorme demonstrasjonar i Paris og andre franske byar søndag.

No risikerer han opptil sju års fengsel for innlegget som den franske påtalemakta meiner kan tolkast som sympati med ein av terroristane i Paris.

Arrestasjonar:

• Meir enn 70 personar har sidan terroren i førre veke blitt arresterte i Frankrike for å ha oppfordra til terror.

• Den kontroversielle komikaren Dieudonné vart arrestert for ei melding han publiserte på Facebook der han kopla saman navnet til satiremagasinet og navnet til ein av terroristane.

• Arrestasjonen av Dieudonné har vekt sterke reaksjonar blant mange som meiner at arrestasjonen går heilt på tvers av Frankrikes forsvar for ytringsfridomen etter angrepet på Charlie Hebdo.

– Hyklersk

– Dette er trist, seier den norske standup-komikaren Dag Sørås.

– Viss eg var fransk politikar, ville eg sett på denne hendinga som ein gyllen moglegheit til å forsvare prinsippa mine. Eg ville sagt: « Sjå på denne mannen: han vitsar og tøyer grenser, men mine prinsipp om ytringsfridom står støtt som fjell!» Når du får ein slik sjanse til å vise at du ikkje er ein hyklar, så bør du ta den, seier Sørås.

Onsdag vart Dieudonné sett fri frå varetekt, og no ventar det han ein tiltale som handlar om rettferdiggjering av terrorisme, ifølgje Deutsche Welle. Avisa skriv også at Dieudonnés advokat, David de Stefano, har kalla arrestasjonen av klienten sin «sjokkerande».

«Vi er i ytringsfridomens land. I dag tidleg demonstrerte regjeringa vår for nettopp dette», skal han sarkastisk ha sagt til nyheitsbyrået AFP etter arrestasjonen, ifølgje Deutsche Welle.

Mange arrestasjonar

Den franske avisa Le Monde skriv torsdag at den franske påtalemakta sidan åtaket mot Charlie Hebdo har opna meir enn 70 saker mot personar som har unnskyldt terroren eller oppfordra til terror.

– Eg veit jo ikkje kva denne fyren i Frankrike vil, men det blir litt irrelevant, seier Sørås.

– Det viktige her er at det må vere større rom for komikarar til å strekke grensene for ytringsfridomen fordi det er jobben deira, seier Sørås.

Han meiner at så lenge du ikkje har noko mål om skade folk, så skal det ikkje vere noka grense for kva du kan tillate deg å seie som komikar.

Sørås understreker det ironiske i at det berre gjekk eit par dagar mellom dei store demonstrasjonane for ytringsfridom i franske byar og arrestasjonen av den franske komikaren, og synest det er skremmande at folk så raskt kan gå tilbake på prinsipp som dei nettopp har gått i demonstrasjonstog for.

Stand-up komikar Lisa Tønne kjenner ikkje til saka om den franske komikaren når Klassekampen ringer, men seier at ho på generelt grunnlag meiner at ord aldri kan bli møtt med vald eller arrestasjonar og at ho ikkje kan skjønne korleis franske styresmakter kan arrestere ein komikar på grunn av noko han har skrive på Facebook.

– Ingen, absolutt ingen skal bli arresterte for ord. Alle skal sjølvsagt kunne vere ueinige og demonstrere mot ting som blir sagt. Men det einaste ein kan bruke mot ord, er ord, seier ho.

Ho understrekar at ho ikkje kjenner til den franske komikaren frå før, og at ho sjølvsagt ikkje forsvarar ytringa hans viss han hadde til hensikt å oppfordre til terror. Men ho ser fleire moglege tolkingar av ytringa hans om at «i kveld føler eg meg som Charlie Coulibaly», enn berre at han oppfordrar til terror.

– Burde tenke seg om

Tønne meiner at den franske påtalemakta burde tenkt seg om ein ekstra gong og spurt seg sjølve om kva han eigentleg meinte med denne ytringa, og om den kunne tolkast på ein annan måte.

– Det er jo dette som er så farleg akkurat no. Det er veldig lett å skjere alle over éin kam, og det er akkurat dette som har vore muslimane sitt store problem lenge, seier Tønne.

Ho meiner at ho som komikar må, som alle andre, vurdere kor langt det er riktig å gå i sine ytringar, og kva som er innanfor det akseptable. Men ho påpeiker også at det jo er ein komikar si viktige samfunnsoppgåve å tøye grensene og å provosere, og at det difor blir veldig problematisk når eit land si påtalemakt arresterer ein komikar for det han har skrive.

Stand-up-komikar Dag Sørås har heller ingen spesiell sympati med den franske komikaren, og synest ikkje at vitsen hans var korkje morosam eller smart. Men han seier til Klassekampen at det blir heilt feil å arrestere nokon for å kome med ein slik vits.

– Grensa for det som blir rekna som oppfordring til terror må gå mykje høgare. Dette går jo rett imot det prinsippet om ytringsfridom som alle i Frankrike har stått i flokk for å demonstrere i det siste, seier Sørås.

Han meiner at slike arrestasjonar kan føre til at vi får eit samfunn der folk er redde for å ytre seg.

– Humor er prøving og feiling, i alle fall i standup. Dette inneber også at når jobben din er å tøye grensene, så vil du av og til seie ting som blir feil. Men dette må vere lov, og det er horribelt dersom ein skal bli bøtelagt eller arrestert for noko slikt, seier han.

solveigl@klassekampen.no