Tirsdag 10. mars 2015 Innenriks

• Norwegian-pilotar saknar handfast støtte frå norsk fagrørsle • Fortvilar over tause politikarar

Føler seg forlatt i krigen

KJEMPAR: Halvor Vatnar, leiar i Norwegian Pilot Union, saknar støtte i kampen mot Norwgeian. Her møtte han pressa i Parat sine lokale søndag. Bak Vatnar står Parat-leiar Hans-Erik Skjæggerud.Foto: Fredrik Varfjell, NTB Scanpix

ALEINE: Norwegian Pilot Union meiner fagrørsla er i ferd med å utspela si rolle. Norwegian-pilotane er skuffa over at andre luftfartsforbund ikkje tar avstand frå streikebryting.

LUFTFART

I ti dagar har pilotane i Norwegian no vore i streik, parallelt med knallharde forhandlingar med leiinga i Norwegian.

Trass i at over 700 pilotar har vore ute i streik sidan onsdag i førre veke, har Norwegian flydd både enkelte innanriksruter og ut og inn av Noreg.

Det har under streiken pågått omfattande streikebryting, seier pilotforeininga Norwegian Pilot Union. Pilotforeininga er svært oppgitt over manglande tydeleg støtte frå resten av norsk fagrørsle.

– Ingen seier noko om den omfattande streikebrytinga som går føre seg. Viss ein held fram med å sitta stille, har fagrørsla utspelt si rolle, seier Oddbjørn Holsether som sit i styret i NPU.

Han peiker på finsk fagrørsle som eit viktig unntak, som stilte opp med ein sympatistreik på søndag.

Pilotforeininga er kritisk til både YS- og LO-forbund, som organiserer arbeidstakarar som jobbar opp mot Norwegian med blant anna catering og drivstoff.

– No sit alle stille i båten, mens det går føre seg omfattande streikebryting.

Han seier Norwegian har erstatta jobbane til dei som er ute i streik både gjennom å bruka kontraktpilotar frå andre basar, men også gjennom såkalla «wet lease», altså innleige av fly med mannskap.

Norwegian har overfor NRK stadfesta at dei leiger inn både fly og mannskap for å fly ruter under streiken. Norwegian har blant anna leigd inn fly frå selskapet Danish Air Transport.

– Viss fagrørsla er så redd, har fagrørsla utspelt si rolle. Å erstatta folk som er ute i streik er streikebryting, seier Holsether.

Streik i Norwegian:

• 70 flygarar gjekk ut i streik laurdag 28. februar. Forhandlingar om ny tariffavtale hadde då pågått i fleire månader.

• Streiken blei trappa opp onsdag 4. mars, då gjekk ytterlegare 650 pilotar ut i streik.

• Norwegian har permittert fleire hundre kabinetilsette.

• Søndag gjennomførte finske luftfartsarbeidarar ein 14 timar lang sympatistreik.

Saknar politikarar

I pilotforeininga, som har forhandla med Norwegian i fleire månader om ny tariffavtale også før streiken, er det stor frustrasjon over at heller ikkje norske politikarar er på banen.

Før helga kasta den svenske statsministeren Stefan Löfven seg inn i konflikten.

– Statsministeren synst det er fullstendig usselt å setta inn streikebrytarar. Det treng du ikkje lura eitt sekund på, sa Löfven, då leiaren for Vänsterpartiet Jonas Sjöstedt tok opp saka i Riksdagen.

Leiar i Norwegian Pilot Union Halvor Vatnar er særleg skuffa over at ikkje partia med band til fagrørsla er tydelege.

– Det er tyst som i grava frå politikarane. Me opplever det som om norsk fagrørsle sine parti er unnlatande. LO må adressera det til toppleiinga i Ap og få Ap på banen, seier Vatnar.

– Korleis kan dei sitta stille og sjå på omfattande streikebryting i ein arbeidskamp som til dei gradar går på grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv, prinsipp som blei kjempa fram på 1930-tallet, seier han.

Forstår pilotane

YS-leiar Jorunn Berland seier til Klassekampen at ho ikkje tar kritikken ille opp.

– Eg skjønar godt at pilotane opplever situasjonen som vanskeleg. Dei har vist mykje mot i kampen, som er prinsipielt viktig for oss alle, og dei har både norsk og internasjonal fagrørsle i ryggen.

Ho peikar på at det har strøymt inn med stønadsfråsegner frå både inn- og utland, til både Parat og YS.

– Eg er snart på veg til eit styremøte i europeisk fagrørsle. Om saka ikkje finn si løysing, vil eg ta ho opp der, seier Berland.

– Pilotane seier til oss at dei saknar meir handfast stønad?

– Me vurderer sympatiaksjonar fortløpande, men det er særs strenge formelle krav til det i Noreg. Me må varsla i god tid om det skal vera lovleg.

LO-leiinga ville ikkje kommentera kritikken frå NPU, men etter det Klassekampen erfarer, vil det ikkje vera mogeleg for LO å ta ut medlemmer i ein avgrensa sympatistreik. Dersom LO skulle gått til sympatistreik med Norwegian-pilotane, ville dei ha måtta råka all lufttrafikk i Noreg. Då ville faren for tvungen lønnsnemnd ha vore stor.

Norwegian har avvist alle påstandar om streikebryting og har vist til at alle fly i selskapet Norwegian Air Norway AS, der dei streikande pilotane er tilsette, står på bakken.

Arbeiderpartiet vil ikkje kommentera kritikken. «Vi har respekt for partenes frie rolle i forhandlinger. Derfor kommenterer vi ikke en pågående forhandling, eller som nå, en konflikt» skriv Dag Terje Andersen, stortingsrepresentant for Ap, i ein mail til Klassekampen.

anneh@klassekampen.no