Lørdag 18. april 2015 Kultur og medier

Teikningar av svevande kjempestrukturar lurar ingen, seier arkitekturprofessor Mari Lending:

Absurde premissar

200 års by- og nasjonshistorie: Arkitekturprofessor Mari Lending tar til orde for å bevara historia til regjeringskvartalet.

Premissen for det nye regjeringskvartalet er umogleg, meiner Mari Lending, men ho rosar Statsbygg for å opna for ein reell byplandebatt.

arkitektur

– Akkurat no, medan framlegga til nytt regjeringskvartal er utstilte og før prosessen blir lukka og utilgjengeleg, har vi eit ope vindauge for reell debatt om korleis Oslo skal forvalta sin historiske arv og korleis byen skal sjå ut i framtida, seier arkitekturprofessor Mari Lending ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).

Ho meiner den norske offentlegheita har vist seg som «velfungerande, opplyst og reflektert på eit høgt nivå», etter at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner måndag presenterte prosjekta frå seks utvalde arkitektteam pluss eitt «studentbidrag».

Kritikken har vore hard mot dei kompakte høghusskissene, som seks av dei sju bidragsytarane har teikna inn rundt høgblokka.

– Ingen som har sett utstillinga, let seg lura av duse, skeive, «svevande» kjempekonstruksjoner, omgjevne av rosa blomar, glade innvandrarkvinner med skaut, barnevogner og skog. Retorikken i teikningane kan ikkje underslå at massiviteten romprogrammet krev. Gigantanlegget skal jo vera tilhaldsstaden til statsmakta i hovudstaden og er ikkje noko hageland, seier Lending.

Regjeringskvartalet:

• Statsbygg stilte denne veka ut seks utvalde framlegg til nytt regjeringskvartal frå Asplan Viak, BIG, LPO, MVRDV, Snøhetta og White, i tillegg til eit frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

• Kvartalet skal romma regjeringa minus Forsvarsdepartementet på cirka 200.000 km², mellom Akersgata, Møllergata og Hammersborg.

Desperat oppgåve

Professoren meiner hovudansvaret ligg i departementet og Statsbygg, og ikkje hos arkitektane som har bunde seg juridisk for å få delta. Mellom anna måtte dei utelukka Y-blokka frå planane – og dermed også debatten, meiner Lending. Ho meiner at når pressa skriv «Dette vil arkitektane», så betyr det eigentleg «Dette må arkitektane».

– Premissen for oppdraget er dels absurd, noko resultata demonstrerer. Romprogrammet på 200.000 km² er for stort innanfor det gjevne området.

Dei sju prosjekta som no er stilte ut, viser ikkje korleis sjølve bygga skal sjå ut. Det er framlegg til korleis det nye kvartalet kan integrerast i bymiljøet, kor bygga skal stå, kor høge dei bør vera, korleis trafikk og tryggleik skal handterast. Det er ein «mulighetsstudie», ifølgje Statsbygg, som i kraft av å vera byggherre vil kunne plukka idear frå alle framlegga.

– Eit parallelloppdrag kan vera ein god måte å lufta idear på før ein arkitekturkonkurranse, men seks av deltakarane luftar få idear. Dei prøver snarare desperat å løysa ei umogleg oppgåve. Det er freistande å seia at framlegga ser ut som ein kritikk av, eller ein parodi på, romprogrammet. Oslos skala toler ikkje dette, seier ho.

Berga av «studentar»

Lending hevdar at det som har gjort ein fruktbar, offentleg debatt mogleg, er det sjuande bidraget, «studentoppgaven» frå AHO.

– Lat meg understreka at eg er inhabil – og stolt av det, i den forstand at prosjektet er utforma av nære kollegaer. Men når Statsbygg, og dermed pressa, konsekvent refererer til prosjektet som eit studentarbeid, er nok det ein freistnad på å gjera det mindre viktig enn det er.

– Det er AHO-tilknytta Bryony Roberts, Erik Langdalen og Jorge Otero-Pilos som har teikna dette, i samarbeid med stipendiatar og masterstudentar. Langdalen er ein kjent norsk arkitekt, Roberts er ein svært dyktig arkitekt frå Los Angeles og Oteros-Pilos er ein kapasitet på bevaring av arkitektur ved Columbia-universitetet i New York. Fagleg står ikkje bidraget tilbake for dei frå dei seks kommersielle deltakarane, seier ho.

Det viktigaste med AHO-bidraget er at det er «ei prinsipiell gjennomtenking av historia, byen, staten og arkitekturen», ifølje Lending.

– Dei har jobba integrativt med det eksisterande. Det har dei fått til ved å bryta vilkåra for oppdraget. Dei har late den rivingsvedtekne Y-blokka stå, noko som også heilt tydeleg er i samsvar med folkeviljen. Statsbygg har vore sjenerøse som har late AHO-bidraget vera med, men har samstundes vore heldige, fordi dei no har fått eit idéprosjekt som gjer at vi kan drøfta heile regjeringskvartalet offentleg. Og det treng vi. Dette er ein traumatisert stad med stor symbolverdi og av høg arkitektonisk kvalitet.

Lending meiner AHO-framlegget også har større overføringsverdi enn den «generiske samtidsarkitekturen med sine skeive tårn».

– Staden reflekterer to hundre års skiftande samtider sitt forhold til tomta, historia og framtida. Statsbygg ser fram mot 2064. Om folk i framtida må tenkje på statsmakta i enkle typoligiar som tårn eller festningar, ville det vera ekstra ille på ein stad som er så viktig.

guri.kulaas@klassekampen.no

AHOs framlegg.