Lørdag 25. april 2015 Kultur og medier

Minnesmerket over Osvald-gruppa blir avduka etter planen under ein stor seremoni på 1. mai:

Blir avduka 1. mai

Leveringsklar: Kunstnaren Bjørn Melbye Gulliksen, som har laga monumentet til ære for Osvald-gruppa, vonar minnesmerket no kjem på plass 1. mai.Foto: Linda Bournane Engelberth.

Monumentet over sabotørane i Osvald-gruppa og dei falne i NSB er no klarert for Jernbanetorget i Oslo.

krigsminne

– Eg har hatt mange, store utsmykkingsoppdrag, men aldri vore borti ei sak der så mange kommunale instansar har ville uttala seg, eller der ein har tronge byggjemelding for å reisa eit kunstverk, seier Bjørn Melbye Gulliksen.

Det er han som har utforma monumentet over Osvaldgruppa og dei falne ved NSB.

Kunstnaren vonar at den spesielle prosessen no er over, men han feirar ikkje på forskot. Til Klassekampen seier Gulliksen at han held seg til kontrakten, som slår fast at han skal ha skulpturen leveringsklar til 1. mai.

– Onsdag 29. april vil eg ta imot ein semitrailer som skal frakta den nær 19 tonn tunge skulpturen frå atelieret i Tjølling og inn til Oslo, så kryssar eg fingrane for at vi da har ein stad å setja monumentet, når vi stansar på Jernbanetorget, seier han.

Osvaldgruppa:

• Leia av kommunisten og sabotøren Asbjørn «Osvald» Sunde (1909–1985).

• Utførte mellom 1941–1944 svært mange sabotasjeaksjonar.

• Monumentet «Knus nazismen» av Bjørn Melbye Gulliksen blir no reist på Jernbanetorget i Oslo til minne om Osvaldgruppa og de falne i NSB.

Etter planen

– Vi får sett opp monumentet på 1. mai, i tråd med planen, seier Hans O. Felix til Klassekampen.

Felix, som er nyleg avgått leiar i EL & IT Forbundet, har halde kontakten med Oslo kommune på vegner av Komiteen for det antifascistiske monumentet for Osvald-sabotørene.

– Vi manglar eit endeleg godkjenningsvedtak frå Plan- og bygningsetaten, men vi har hatt løpande kontakt med etaten, og avdukinga skal gå greitt kommande fredag.

Felix fortel også at komiteen har søkt kommunen om å få plassera minnesmerke der dei ville ha det, på det sørvestre hjørnet for den gamle Østbanehallen, synleg frå nedre del av Karl Johans gate og frå sjøsida av Sentralbanestasjonen.

– Vi har søkt om denne plassen med atterhald om at vi kan flytta skulpturen, om kommunen skulle vedta ei anna plassering, seier han.

Krympa som avtalt

Byantikvaren har vore kritisk til å plassera eit stort monument, utan «slektskap med Østbanehallens arkitektur» sentralt på Jernbanetorget, og omtalte monumentet i 2013 som «et uheldig visuelt inngrep».

Skulpturen, som har tittelen «Knus nazismen», viser ein hakekors som blir smadra av ei sleggje. Symbola er plasserte på ein stein som er 2,20 x 2,20 meter.

Seinast i februar i år sa byantikvar Janne Wilberg til Klassekampen, at ho var «positiv til at man vil fortelle denne historien på dette stedet», men at ho ville heller ha ein plakett enn ein stor skulptur framfor det freda bygget.

Sjølve Jernbanetorget er ikkje freda, og difor er det Plan- og bygningsetaten som tar avgjerda om eit eventuelt minnesmerke.

Jernbanetorget var åstaden for ein av dei viktigaste aksjonane til Osvaldgruppa, som sprengde Østbanehallen i protest mot innsettinga av Vidkun Quisling som ministerpresident i 1942.

I tillegg til plasseringa, har også storleiken på monumentet vore eit stridstema.

– Monumentet er krympa, jamført med utkastet som vann skulpturkonkurransen, fortel Gulliksen.

Kunstnaren seier at krympinga dels låg i kommentarane frå juryen om tilpassing til miljøet rundt.

– Kulturetaten kom i tillegg med innskjerpande kommentarar. Eg meiner skulpturen no ikkje kan bli mindre, men det går, slik han er no. Den er krympa frå 26 til 18,6 tonn.

Tre overlevande deltek

Alt ligg til rette for at «Knus nazismen» blir avduka 1. mai.

– Vi vonar så mange som mogleg vil ta med fanane sine frå toget og koma ned på Jernbanetorget etter toget, seier Hans O. Felix.

Han er også blant dei som skal tala før sjølve avdukinga, som tre overlevande frå Osvaldgruppa skal stå for.Jernbanens musikkorps og Bjølsen Valsemølle deltek også.

guri.kulaas@klassekampen.no

Hans O. Felix