Onsdag 10. juni 2015 Innenriks

• Har spådd dollarkurs på 6,47 for kampflykjøp • No sprekk Forsvarets driftsbudsjett

Ramma av kronekrasj

DYRE KAMPFLY: Norge skal kjøpa inntil 52 nye kampfly frå USA. Med dagens sterke amerikanske dollarkurs blir kampflykjøpa dyrare enn budsjettert. Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde, NTB Scanpix

MILLIARDSPREKK: Den svake norske krona treff Forsvaret med full styrke. Med dagens dollarkurs kan kampflya bli 13,58 milliardar kroner dyrare.

Mens norsk eksportindustri gleder seg over på ei svak krone, gir den sterke dollaren pengetrøbbel for Forsvaret.

Forsvaret har enorme utgifter som særleg skal betalast i amerikanske dollar. Både Forsvaret sitt drifts- og investeringsbudsjett blir i dag påverka av valutasituasjonen.

Dagens dollarkurs på nær åtte kroner skapar uro blant tillitsvalde i Forsvaret:

– Kampflykjøpet kan bli ei gedigen ekstrarekning som ei kvar regjering må handtera i mange år framover, seier nestleiar i Norges Offisersforbund, Torbjørn Bongo.

Kampflykjøpet:

• Stortinget vedtok i 2008 at Norge skal kjøpa inntil 52 nye kampfly. Dei fire fyrste blei bestilt i 2012.

• Prisen er venta å bli 67,9 mrd. kroner i 2015-verdi.

• Forsvarsdepartementet legg til grunn ein vekslingskurs på 6,47. I dag er kursen nærare 8.

Fly kan bli sett på bakken

Den desidert største investeringa i Forsvaret er kjøp av nye kampfly. Prisen for dei inntil 52 kampflya Norge skal kjøpa er ifølge Forsvaret på 67,9 milliardar 2015-kroner.

Forsvaret har begynt å betala for dei fire fyste flya som det er inngått kontrakt for. Mens vekslingskursen som er lagt til grunn er 6,47 kroner, kostar ein amerikansk dollar no nær åtte kroner. Mens då snittkursen blei berekna i 2012, låg dollaren på 5,8.

Men det er ikkje berre kjøp av amerikanske F35-fly som skal betalast i amerikanske dollar. Særleg Luftforsvaret og Sjøforsvaret har store årlege innkjøp i dollar. Det gjeld til dømes kjøp av ulike resveredelar, men også ulike tenester i USA, som simulatorøvingar.

Bongo seier at kursen er i ferd med å bli ei betydeleg utfordring for Forsvaret.

– Eg trur det er snakk om over 100 millionar kroner ekstra på driftssida, seier han.

Bongo fryktar budsjettsmellen vil svekka aktiviteten til Forsvaret.

– Kor alvorleg kan det bli?

– Det er litt tidleg å seia, dette er under oppsegling. Me har ikkje sett omfanget og veit ikkje kor store kutt ein må gjera for å balansera. Men viss Orion (overvakingsfly red.anm.) ikkje får flydd over Barentshavet, då vil overvakinga bli svekka, og det vil til dømes svekka kontrollen med fiskeria, seier han.

– Så konsekvensen kan bli fly på bakken?

– Ja, det er kan komma. Både at ein set fly til bakken, men også fartøy til kai.

Krona svekka tjue prosent

Men det er i kampflyprogrammet dei sørste investeringane ligg.

– Her er det snakk om mange milliardar, rett nok over mange år, seier han.

I går svinga prisen for éin dollar rundt 7,9 kroner. Valuta­analytikar i DNB Markets Magne Østnor seier den norske krona i dag er 20 prosent svakare målt mot amerikansk dollar, samanlikna med ein vekslingskurs på 6,47 kroner.

Også målt som eit gjennomsnitt til no i år er fasiten at krona er 20 prosent svakare, samanlikna med ein kurs på 6,47.

Førebudd på variasjonar

Held dagens dollarkurs seg, blir kampflykjøpet i alt 13,58 milliardar kroner dyrare. Men DNB spår ei sterkare krone på sikt.

– På tolv månader ventar me at krona vil styrka seg med 3 prosent. Det vil framleis vera 17 prosent svakare enn 6,47, seier Østnor.

Ingen i Forsvarsdepartementet sitt Kampflyprogram kunne i går stilla til intervju om saka, men dei opplyser at det i 2012 blei lagt til grunn ein gjennomsnittleg kurs over investeringsperioden frå 2012–2025 på 6,47, og at det i denne er tatt høgde for svingingar.

«I løpet av denne perioden forventer vi at kursen kan svinge fra så mye som 9, til så lite som 5 kroner. At den i dag er høyere enn i 2012 er derfor noe en har vært forberedt på at kunne skje», opplyser informasjonsrådgivar Endre Lunde per e-post.

Vil ikkje oppgje summar

Førre innbetaling for kampflykjøpet var 25. mars i år. Forsvaret kan ikkje opplysa kva innbetalinga i mars var på.

– Det er unntatt offentlegheit. Amerikanarane har stempla det som hemmeleg, seier Lunde.

Stadfestar utgiftsvekst

Oberst og pressetalsmann for Forsvarssjefen, Sven H. Halvorsen, stadfestar at den svake krona har gitt fleire avdelingar i Forsvaret «betydelige økte valutautgifter».

«Dette innebærer en utgiftsvekst på driftsbudsjettet på flere ti-talls millioner kroner som Forsvaret må håndtere. Den totale kostnaden for 2015 vil være avhengig av hvordan valutakursene utvikler seg over året sett under ett», svarer Halvorsen per e-post.

Ifølge Halvorsen vurderer Forsvarssjefen no tiltak for å tilpassa drifta.

«Forsvarsstaben vil ikke kommentere enkeltsaker, men det pågår for tiden et arbeid i Forsvarsstaben for å håndtere valutautfordringen i 2015», seier Halvorsen.

anneh@klassekampen.no

Saka er retta. I den opprinnelege versjonen stod det at den totale summen som til no er betalt for kampflya er hemmeleg. Det var feil, det er summen på enkeltfakturaer som er unntatt offentlegheit.