Mandag 29. juni 2015 Feminist javisst

Kvifor er motvekta mot kroppspress alltid meir kropp?

Evas drakt

Kroppen fanger: Å sjå nok ein naken, normal kropp lettar ikkje på kroppsfokuset, skriv Beate Sletvold Øistad. Her frå ein motevisning i Paris for såkalla plus-size-modellar. FOTO: LOIC VENANCE, AFP PHOTO/NTB SCANPIX

Nordmenn kastar kleda i media som aldri før i protest mot kroppspresset – ikkje berre kjendisar, men sjølv såkalla vanlege folk. Den klassiske protesten mot det feministar har kalla skjønnheitstyranniet, er no på alle sine lepper. Politikarane debatterer kroppspress og retusjert reklame. Idol-Sandra oppmodar unge jenter til å vere glad med kroppen ein er fødd med. Josefin (27) frå Sverige får titusenvis av «likes» for å vise mammamagen sin på Facebook.

Sjølv det glansa magasinet Det nye kasta seg nyleg på trenden med ei uretusjert og usminka utgåve.

Ei massiv motstandsrørsle mot det såkalla kroppspresset har vakna. Motstandsrørsla er mangfaldig, men likevel samde om at slik kan vi ikkje ha det – kroppspresset og det uoppnåelege jaget etter perfeksjon gjer oss sjuke og ulykkelege og stressa. Nokpunktet er nådd, vi vil sjå ekte og naturlege kroppar som har levd normale liv.

Men kvifor er motvekta mot kroppspress alltid meir kropp? Rett nok er det eit gode at vi blir mint på korleis vanlege kroppar ser ut. Da blir ikkje vår eigen så ille, i samanlikning. Likevel gjer den stadige kroppseksponeringa ikkje så mykje med eit av dei grunnleggjande problema med kroppspresset – det evige fokuset på korleis vi ser ut.

Sjølv om mange av bilda viser vanlege menneske med kroppar som har levd ekte liv, nørar dei på same tid opp under førestillinga om kroppen vår som noko som skal og må visast fram for ein kvar pris. Å sjå nok ein naken, uperfekt og normal menneskekropp lettar kanskje på kroppspresset, men ikkje på kroppsfokuset.

Ein anonym attenåring i Aftenpostens Si;D-spalte meiner alle kroppspressinnlegga og oppmodingane til å vere nøgd med eigen kropp byrjar å tippe over i det keisame, sjølv om man er aldri så einig i bodskapet: «Ja, det er mye kroppsfokus i dag. Ja, alle burde være fornøyde med egen kropp. Men vi har hørt det nå», skriv ho, og krev handling. «Vi er blitt en eneste stor haug med klagefanter som ikke prøver å gjøre noe med problemet». Ho etterlyser ei verd der det vi kan gjere med kroppane våre er viktigare enn korleis dei ser ut. Der kroppen er eit subjekt, ikkje eit objekt. Der vi kan sjå oss i spegelen heime utan at det er eit tema om vi er fine eller ikkje.

Samstundes trur eg ikkje det er realistisk å tru at det går an å sjå seg sjølv i spegelen utan å bry seg om korleis ein ser ut. Som Mari Grinde Arntzen peikar på i boka «Perfekt. Skapelsen av det plettfrie mennesket», er det noko grunnleggjande menneskeleg i å stelle seg vakker for andre sitt blikk, like å ha det fint rundt seg og strekke seg etter høgare mål enn ein kan nå. Evna vår til empati, å føle andre si sinnsstemning, er den same som gjer oss så mottakelege for reklame.

Det er nettopp dei grunnleggande menneskelege behova for å bli sett, høyre til i flokken og spegle oss i menneska omkring oss som skjønnheitsindustrien spelar på, for å få oss til å kjøpe greiene deira. Det er gapet mellom idealet og røyndomen som gjer at bruken av det perfekte er lønnsamt, skriv Arntzen.

Det er ikkje meininga at kroppane våre skal bli like vakre og perfekte som dei i reklamane og dei glansa magasina. For om vi blir nøgde med oss sjølv, er vi jo ikkje interessert i å kjøpe ting lenger. Den største trusselen mot kroppspresset, så vel som mot kapitalismen, er at vi kjem i skade for å vere nøgde med det vi har og den vi er.

På same måte som det ikkje berre å ta seg saman og sjå litt lysare på livet dersom ein er tungt deprimert, er det ingen enkel sak å berre byrje å digge skrotten sin i ei verd kor ein dagleg blir subtilt teppebomba med ideal det er umogleg å oppnå. Skal vi ta kroppspresset ved rota, er det ikkje nok berre å stadfeste at det er slik. Men om vi forstår korleis ting heng saman, er det ofte også lettare å finne ein veg ut av uføret. Det er her ei bok som «Perfekt» er så viktig, fordi ho går bakom ideala og forklarer kvifor dei verkar så sterkt på oss, sjølv om vi veit så godt at det er løgn. Dei mekanismane i hjernane våre som gjer oss til empatiske menneske, er dei same som gjer oss til gode konsumentar. Er det rart vi slit?

Men neste gang eg står og misunner spelet i magemusklane til ein radmager H&M-modell på reklameplakaten på T-banen, veit eg i alle fall kvifor eg let meg fange av han, sjølv om det «berre» er ein urealistisk reklame.

oistad.beate@gmail.com

Feministane Beate Øistad Sletvold, Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland og Stephen Walton skriv i Klassekampen måndagar.

«Det er ikkje meininga at vi skal bli like vakre som dei i reklamane»