Fredag 24. juli 2015 Kultur og medier

• Ti stillingar skal kuttast i Stavanger Aftenblad • Regionavisa gjekk seks millionar i pluss første halvår

Strid om Schibsted-kutt

KUTTKONFLIKT: Stavanger Aftenblad må kutte ti årsverk før året er omme. Samtidig er vilkåra for sluttpakken sterkt redusert. Klubbleiar Tor Dagfinn Dommersnes er provosert over eigarane.

Schibsted-eigde Stavanger Aftenblad skal kutte ti redaksjonelle stillingar innan 2015, men har samtidig halvert sluttpakketilbodet. – Uhyrleg, seier klubbleiar.

MEDIER

Om ikkje blodet akkurat renner i gatene i Stavanger, som hotelleigar Petter Stordalen uttalte tidlegare i sommar, er det tøffe tider for byens næringsliv – og for mediehusa.

Oljebyens vaktbikkje Stavanger Aftenblad har dei siste åra fått merke ringverknadene av stupande annonseinntekter og papiravissal, og har i fleire rundar kutta i talet på tilsette.

No må avisa fram med sparekniven på nytt, og fjerne 10 stillingar i redaksjonen. Det skulle skjedd før sommaren, men berre to tilsette tok sluttpakke. Det mest populære sluttpakketilbodet har blitt meir enn halvert.

– Sluttpakkeordninga har blitt dramatisk mykje dårlegare på kort tid, fortel fungerande klubbleiar i Stavanger Aftenblad, Tor Dagfinn Dommersnes.

Kutt i Schibsted:

• Schibsted-eigde Stavanger Aftenblad må kutte ti årsverk før året er omme.

• Schibsted varsla i 2012 at dei skal kutte 320 årsverk i konsernets norske regionaviser innan utgongen av 2015.

• Det skal til saman kuttast 400 millionar kroner i Aftenposten, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende og Fædrelandsvennen.

Fryktar oppseiingar

Det er dei med over 20 års tenestetid og ein alder på 55 år eller meir, som har fått eit sterkt redusert sluttpakketilbod. Der etterløna før var på 22 månadar, er den no på ni månadar for denne gruppa.

– Den nye avtalen er så dårleg at ingen vil gå med på den, fortel Dommersnes.

No kan det bli oppseiingar til hausten, for første gang i avisas historie. I august møtest leiinga og journalistklubben til nye forhandlingar.

Dommersnes fortel at leiinga i Aftenbladet nekta å flytte på ei einaste krone i sluttpakkeordninga, trass i at Schibsted sentralt gav løfte om reelle lokale forhandlingar.

– Dette kunne skjedd utan at totalkostnaden hadde auka. At leiinga viste så liten fleksibilitet har provosert meg kraftig. Eg fryktar oppseiingar på grunn av den økonomiske situasjonen.

– Uhyrleg

Stavanger Aftenblad er eigd av mediekonsernet Schibsted, som nyleg leverte eit driftsresultat på 642 millionar kroner, opp 32 prosent frå same periode i fjor. Det får Dommersnes til å reagere.

– Schibsted har utruleg med pengar på bok, men påstår at dei ikkje har råd til gode sluttpakkar for dei tilsette i Aftenbladet. Det er uhyrleg, seier Dommersnes.

Ein tilsett i Stavanger Aftenblad får tre tilbod ved ein sluttpakke. Vedkommande kan få vegleiing over i ny jobb, med etterløn på inntil ni månader eller ei årsløn fordelt på to år til å studere. Det tredje og klart mest populære alternativet er å ta ut rein sluttpakke, det vil seie å få pengar rett i lomma.

Ignorerte klubbkrav

– Vi har vore tydelege gjennom opne rundar i 2014 på at vi kom til å gjere endringar på sluttpakkestrukturen, seier administrerande direktør i Stavanger Aftenblad, Siv Juvik Tveitnes.

– Sluttpakkene er forhandla med klubbane lokalt. Klubbane har ønska å endre rammene dei fekk frå leiinga og administrasjonen, men dette er ikkje ettergitt. Eg meiner vi framleis har gode sluttordninger i Stavanger Aftenblad. Vi vil framover bruke meir pengar på rådgivning og vegen vidare, seier Tveitnes.

Halvårsresultatet for Stavanger Aftenblad viser at avisa gjekk seks millionar i pluss. Men fallande annonseinntektene gjer det naudsynt med fleire kutt – og mindre rause sluttpakkar, ifølge Tveitnes.

– Vi i Stavanger Aftenblad må evne å skape vår eigen lønsemd. Halvårsresultat har ikkje store overskotet, derfor må vi tilpasse oss. Å betale enormt høge sluttpakkar er ikkje forsvarleg i den økonomiske situasjonen vi er i, seier Tveitnes.

– Det kan gå mot oppseiingar i haust?

– Vi har vore i den situasjonen før utan at det har skjedd. I samråd med klubben er vi opptekne av å ikkje peike på enkeltpersonar. Men vi har behov for å kutte ti årsverk, og vi er på overtid. Dette er første gang at avviket på folk som har takka nei til sluttpakke er så stort, seier Tveitnes, og viser til at åtte av ti takka nei til sluttpakke.

«Kva meiner du?»

Konsernsjef i Schibsted, Didrik Munch, er tydeleg på at dei gjer sitt for å ta Stavanger Aftenblad inn i framtida.

– Vi bruker veldig mykje pengar på våre mediehus. Vi investerer i ny teknologi, kompetanse, produkt og nye medieplattformer. Det er ein haug med ting som kostar. Derfor må vi effektivisere drifta, særleg knytt til papir.

– Når er smertegrensa for kutt nådd?

– Eg meiner ikkje vi har gått over noko som er forsvarleg. Det er enno store journalistiske ressursar i Stavanger Aftenblad. Det vi gjer no er fornuftig for framtida.

– Når Schibsted investerte i mediehus, så investerte ein også i eit samfunnsoppdrag. Korleis skjøttar Schibsted dette ansvaret?

– Kva meiner du? Avisene våre har aldri levert så mykje god journalistikk som no. Derfor aksepterer vi lågare lønsemd i denne perioden og tenkjer langsiktig. Vi har lyst til å drive mediehus i dei neste hundre åra.

sondre.akervik@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 24. juli 2015 kl. 13.29

Reagerer på sal av mediehusa

Stavanger Aftenblad var den siste Schibsted-avisa som var herre i eige hus.

I 2008 flytta Stavanger Aftenblad inn i eit flunkande nytt bygg som huseigar. Året etter vart avisa ein del av Schibsted-konsernet, som dermed tok over mediebygget. I fjor selde Schibsted bygget til selskapet Union for 378 millioner kroner. Året før blei også ei anna Schibsted-avis, Bergens Tidende (BT), leigetakar i eige hus.

– Schibsted skal drive med mediedrift – ikkje eigedomsdrift, seier Siv Juvik Tveitnes, administrerande direktør for både Stavanger Aftenblad og BT.

Argumentet er at avisene – og Schibsted – skal konsentrere seg om kjerneområda journalistikk og sal.

– Det er forståelig, men vi føler også at Aftenbladet som bedrift har blitt nedstrippa, frå ei fullverdig bedrift med trykkeri og eigendom, til å sitte igjen på éi etasje, seier klubbleiar i Stavanger Aftenblad, Tor Dagfinn Dommersnes.

Mediehuset VG, som også er eigd av Schibsted, selde sitt bygg i 2008. Leiar for redaksjonsklubben i avisa, Dennis Ravndal, fortel at salet var svært omstridt internt.

– Representantane for dei tilsette i VG stemte imot. Det var ein følelse av å ha bidrege til å bygge opp Schibsted gjennom mange år, for så å bere eit lass med pengar over gata til konsernet, seier Ravndal.

– Det er børslogikken som gjeld, Schibsted vil ikkje la nokon drive over lengre tid med dårleg driftsmargin.