Mandag 24. august 2015 Innenriks

2,7 prosent av Oslo-folk stør byrådet i at alle nye barnehageplassar skal byggjast ut av private aktørar:

Vil ha offentlege barnehagar

Vil la kommunen byggje: Tobarnspappa Markus Baumann meiner det er viktig at kommunen er ein sterk utbyggjar av nye barnehagar. Kva Emma (2,5 år) og Oskar (ni månader) meiner om saka, er førebels uklårt.

BLÅ BOM: Nesten ingen Oslo-borgarar er einige med høgresida i at alle nye barnehageplassar skal byggjast ut i privat regi, viser ny undersøking.

BARNEHAGE

2,7 prosent. Så mange – eller få – stør det borgarlege bystyrefleirtalet i deira syn om at alle nye barnehageplassar skal byggjast ut av private. Med nesten 1500 ungar på venteliste seglar barnehage opp som eit viktig valkamptema i landets hovudstad.

Sjølv om kommunen har full barnehagedekning etter statens satsar er behovet for nye barnehageplassar stort i Oslo. Dei seinare åra har talet på nybygde plassar utført av private og ideelle vore lågare enn det kommunen har føresett. Likevel ønskjer ikkje kommunen å byggje ut nye plassar.

Ei ny undersøking viser at dei aller fleste Oslo-folk ønskjer at både private og kommunen skal byggje ut nye plassar. Over ein firedel av dei spurde vil at berre kommunen skal byggje ut (sjå grafikk).

Oslo-barnehagen:

• Det finst 425 private og 352 offentlege barnehagar i Oslo, ifølgje SSB.

• Til saman går 36.571 barn i barnehage i Oslo. Barnehagane har 11.385 tilsette. Tala er frå 4. mai i år.

• 1495 barn står i barnehagekø. Oslo har lågare barnehagedekning enn dei andre storbyane, ifølgje ein faktasjekk utført av Aftenposten.

• Dei seinare åra har høgresida i Oslo bystyre i sine budsjettforlik vedteke at berre private og ideelle skal byggje ut nye barnehageplassar.

Seier nei til profitt

– Hahaha! Er det sant?

Eivor Evenrud må le når Klassekampen opplyser henne om resultatet av undersøkinga. Raudts tredjekandidat i Oslo-valet har i fleire år markert seg som ein aktiv forkjempar for offentlege barnehagar, og er til dagleg pedagogisk leiar i ein Oslo-barnehage.

– Det sitjande byrådet har ikkje akkurat full støtte for sin politikk, seier Evenrud.

Ho meiner det er viktig å auke utbygginga av offentlege barnehageplassar, fordi ho er redd det går ut over ungane når barnehagane skal drivast med mål om å tene pengar. Evenrud peikar på at gruppa «private» også kan innehalde barnehagar drivne av ideelle aktørar, men at det i dag fyrst og fremst er store selskap som byggjer ut i Oslo.

– Det er særleg viktig å halde profittmotivet unna tenester som gjeld dei aller minste. Ein eittåring kan ikkje seie frå om at det er for få vaksne til stades på jobb, meiner ho.

Nøgd med tala

Øystein Sundelin er komitéleiar for kultur- og utdanningskomiteen i Oslo bystyre for Høgre. Han meiner tala viser støtte til den borgarlege politikken.

– Denne undersøkinga syner at det er stor tillit til at både private og kommunen kan drive barnehagar på ein god måte. I Oslo har vi ein miks av private, ideelle og kommunale barnehagar, det er sunt for mangfaldet, seier Sundelin.

– Men berre 2,7 prosent er einig med bystyrefleirtalets politikk?

– Folk er opptekne av at det blir bygd ut nok plassar. Og det har blitt gjort, om du legg statens norm for barnehagedekning til grunn.

Sundelin seier at han ikkje har noko imot å byggje ut offentlege barnehagar, og trur det vil bli gjort i framtida.

– Men no er det aller viktigaste å ruste opp dei barnehagane vi eig, og å styrke den pedagogiske kvaliteten. Godt over halvparten som byrjar på skulen i Oslo har for dårlege norskkunnskapar til å følgje med i undervisninga.

I vinter blei tretten kommunale barnehagar lagt ut på anbod eller selt til private. I salsprosessen valde 55 av dei cirka 170 tilsette å slutte, ifølgje byrådets eigne tal.

– Det var ein støyete prosess, men resultatet er at svært dyktige private og ideelle står for drifta. Mange av barnehagane er pussa opp, slik at ungane i dag går i betre barnehagar enn før, seier Sundelin.

– Men kjem de til å selje fleire barnehagar?

– Det er lite aktuelt.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 24. august 2015 kl. 10.54

Heiar på offentleg drift

I Sofienbergparken har Markus Baumann teke med seg Oskar på ni månader og Emma på to og eit halvt år. Oskar slappar av i vogna medan Emma arbeider med sitt i sandkassa. Til vanleg går ho i kommunal barnehage, men i dag er det planleggingsdag. Då passar det fint å bli med veslebror og pappa ein tur i parken.

Markus Baumann blir overraska når Klassekampen fortel han at berre private byggjer ut nye barnehageplassar i Oslo. Han er ein av det store fleirtalet som meiner kommunen bør vere ein stor utbyggar.

– Private vil jo tene pengar. Dei prøver alltid å halde kostnadene så låge som mogleg, meiner Baumann.

Han er redd for at profittmotivet vil gjere at kvaliteten går ned.

Emma går i kommunal barnehage. Familien valde denne barnehagen etter tips frå vener, men Baumann er ikkje heilt nøgd med tilbodet.

– Ikkje heilt, eg synst ungane er for mykje inne. Barnehagen skulle arrangert fleire turar.

Likevel vil han heller at barnehagar flest skal vere kommunale.

Trykk for større versjon