Lørdag 5. september 2015 Innenriks

• Sp får 8,1 prosent • MDG bykser til 6,4 prosent • Ap snart under 2011-nivået

Kan bli større enn Frp

BLID TYPE: Det er ikkje noko å seie på humøret til Trygve Magnus Slagsvold Vedum til vanleg, ei heller når han får kommentere ei måling som er Senterpartiets beste på lange tider.Foto: Siv Dolmen

BONDEHÆR: Sp gjer sin beste – og Frp sin svakaste – måling nokon sinne på Norfaktas partibarometer. Også MDG gjer eit byks framover.

– Dersom Senterpartiet skulle slå Framstegspartiet, vil det vere ein sensasjon når det kjem til å flytte veljarar.

Senterpartileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum er kjent for å vere ein blid mann, men kan koste på seg eit endå breiare glis ni dagar før valet blir avgjort:

Med 8,1 prosent av veljarane i ryggen kan Sp gå mot sitt beste val sidan nittitalet.

Det viser ei ny meiningsmåling utført av Norfakta for Klassekampen og Nationen. Her er 1000 personar spurde om kva dei ville røysta ved eit kommuneval. I tillegg er det spurt om kva dei ville røysta ved eit stortingsval (sjå grafikk). Vedum sjølv er godt nøgd. Det var på vårens landsmøte i Senterpartiet at Vedum lanserte ambisjonen om å bli større enn Frp.

– Trudde du eigentleg at de skulle lukkast med det?

– Det var eit enormt offensivt mål. Men eigentleg er det rart at dei har så stor oppslutning som dei har, med alle sine brotne løfte.

– De er spådd å bli mellom valets taparar. Men slik ser det ikkje ut?

– Ja, eg har sett dette, mellom anna i Dagens Næringsliv. Men det var nok mest ønsketenking frå avisa. Vi er usamde med deira syn om sentralisering av kommunar, sjukehus og politi.

Denne veka presenterte Kommunal Rapport tal som viser at berre 62 kommunar driv reelle forhandlingar om samanslåingar, og Vedum har tidlegare sagt at kommunereforma kan bli ein fiasko. Ikkje uventa trur han dette er mellom Sps vinnarsaker:

Ny måling:

• Målinga er utført av Norfakta på oppdrag frå Klassekampen og Nationen.

• 1000 personar er spurde 1. og 2. september. Feilmarginen varierer mellom 0,7 og 2,8 prosent, størst for dei største partia.

• 17 prosent svarte «veit ikkje», medan 4 prosent ikkje ville stemme eller ikkje ville svare.

• Valdagen er måndag 14. september. I mange kommunar er den også søndag 13. september. I tillegg er førehandsrøystinga open over heile landet.

– Ja, nett no er eg i Sandnes, der folk ikkje har lyst til å bli ein bydel i Stavanger. Dette ser vi over heile landet.

MDG: Er det sant?

Hilde Opoku, nasjonal talsperson for Miljøpartiet, gler seg over gode tal: På den ferske målinga får partiet hennar 6,4 prosent. Både MDG og Sp opplever ei endring ut over feilmarginen.

– Er det sant? Nei, dette hadde eg ikkje trudd! Det er, nei, orsak, no må eg berre få tilbake fatninga her. Altså: Dette er utruleg oppløftande, seier Opoku.

– Kva vil eit sterkt MDG føre til i norske kommunar?

– Kommunane har eit stort handlingsrom når det gjeld klima- og miljøtiltak, mellom anna når det gjeld miljøvenlege bygg, få ned energibruken, sikre miljøvenleg transport og innkjøp, fortel MDG-toppen.

For venstreside-partia SV og Raudt er tala omtrent som før: SV får 3,6 og Raudt to prosent. Høgre får 26 prosent på dagens måling.

Krisetal for Frp

Med berre 8,9 prosent av veljarane i ryggen kan Frp gå mot sitt svakaste val på 24 år. Ulf Leirstein, stortingsrepresentant for Frp, tek likevel ikkje sorgene på forskot:

– Vi har sett mange målingar som viser det motsette, men dette er langt unna der vi skal vere, seier Leirstein.

Målinga er teken opp 1. og 2. september, etter at bileta av fortvilte flyktningar rundt om i Europa for alvor byrja fylle norske aviser og skjermar.

– Trur du det kan ha hatt noko å seie for Frps tal?

– Nei, men eg trur mange blir prega av dei bileta. Derfor er det ekstra viktig at vi hjelper til i nærområda, seier Frp-politikaren.

– Dersom valresultatet blir i nærleiken av dette, vil det utløyse debatt i partiet?

– Debatt om retninga blir det uansett. Men om vi gjer eit godt val blir vel debatten konkludert litt kjappare, seier Leirstein og ler.

politikk@klassekampen.no

Vil vinne valet med søndagsfri

Aps partisekretær feira i går sin eigen 41-årsdag, men dagens ferske tal bidreg nok ikkje til feiringa. Med 32 prosent ligg partiet langt svakare an enn berre for eit par månader sidan. Men nivået er likevel høgt, meiner Kjersti Stenseng:

– Om vi skulle få eit resultat i tråd med denne målinga, vil det vere Aps beste lokalval på 28 år.

Det er likevel ei anna måling Stenseng er meir oppteken av:

– Eg er uroa for den stigande arbeidsløysa. No skal vi konsentrere oss om tiltak mot den, seier ho.

I tillegg rullar Ap ut ein kampanje mot søndagsopne butikkar:

– Vi skal kjempe for søndagsfri og mot dei negative konsekvensane som kjem om regjeringa trumfar lova gjennom.

Stenseng gler seg over MDGs og Sps gode tal:

– Eg er mest oppteken av at Ap gjer eit godt val, men det er òg positivt at partia vi gjerne samarbeider med gjer det godt.

– Og Frp?

– Folk ser at Frp i regjering er eit parti med mange brotne valløfte, som bompengar, bensinprisar og mulla Krekar.

Trykk for større versjon