Mandag 7. september 2015 Innenriks

Raymond Johansen kan bli byrådsleiar, sjølv om Ap er svekte på ny Oslo-måling:

Vinn valet – taper terreng

KAN VINNE: Raymond Johansen kan bli Oslos neste byrådsleiar, men då må han bu seg på å samarbeide med MDG, SV og Raudt. Foto: Tom Henning Bratlie

SKIFTE: Opposisjonen får fleirtalet på nytt Oslo-barometer. MDG får heile elleve prosent.

– Det er stemning for å ta Oslo i meir solidarisk retning. Oslo-folk ser at det trengst eit taktskifte i eldreomsorga.

Raymond Johansen er Aps byrådsleiarkandidat i hovudstaden. Han kan fort vekk bli sjef for byen etter valet, trass i nedgang på dagens måling:

Med oppgang for SV, Raudt og MDG, får dei saman med Ap 31 av 59 plassar i bystyret. Dermed mistar borgarleg side fleirtalet i hovudstaden om dagens måling skulle bli valresultatet.

Johansen meiner det er mykje svartmåling av eigedomsskatten:

– Når det kjem ungar som bur i ein treroms på Romsås bort til meg og spør om Pappa må ta ein ekstra jobb for å betale eigedomsskatten, viser det at det blir spreidd mykje feilinformasjon, seier Johansen.

Om Ap skulle få berre 27,2 prosent i Oslo, vil det vere eit av partiets svakaste valresultat i byen nokon sinne.

– Gjer Aps resultat på 27 prosent det vanskelegare å danne byråd?

– Nei, det viktigaste er at det er fleirtal for eit skifte. Så håpar eg sjølvsagt på eit sterkast mogleg Ap, seier han.

Ny Oslo-måling:

• Målinga er utført av Sentio Research Norge AS på oppdrag frå Klassekampen.

• 800 personar er intervjua i perioden 31. august til 3. september. 660 svarte på spørsmålet om partipreferanse.

• Feilmarginar i prosentpoeng for kvart parti: Ap 3,4, Frp 1,8, Høgre 3,6, KrF 1,1, Raudt 1,6, Sp 0,5, Venstre 1,8, SV 2,0, MDG 2,4 og andre parti 2,4.

• SV og MDG er dei einaste partia som har endringar ut over feilmarginen.

Tidenes bymåling for MDG

Med elleve prosents oppslutning ville MDG fått sju plassar i bystyret. Ordførarkandidat Shoaib Sultan gler seg over framgang for fleire parti:

– Eg har lenge høyrt snakk om «kannibalisme», men det er ikkje tilfelle. på denne målinga går vi, SV og Raudt fram samstundes. Det viser at det er plass for at fleire parti set miljø og klima på dagsordenen samstundes, seier Sultan, som meiner det er hovudbodskapet om ein lettare kvardag for syklistar, kollektivreisande og gåande som vinn.

– Eg trur veljarane set pris på at vi er ærlege på å prioritere dette over andre ting. Vi tør å seie at vi skal få ned biltrafikken.

– De har mange fyrstegongsveljarar og folk som aldri har røysta på dykk før. Kan det vere at mange som seier dei vil røyste MDG, ikkje gjer det på sjølve valdagen?

– Det er litt av utfordringa, dette må å gjere om støtte til stemmer, men eg trur det skal gå, seier Sultan.

Opp for venstresida

Også i SV og Raudt skaper dagens måling god stemning. SV-topp Marianne Borgen minner om at ho er utdanna sosiolog og difor tek slike enkeltmålingar med ei klype salt, men tør likevel å gle seg:

– 7,8 prosent er nesten ikkje til å tru. Dette er ein inspirasjon.

– Ser du ei enkeltsak som har gjeve framgang for SV?

– Vi har i alle fall vore tydelege på at vi vil ta imot flyktningar til Oslo med verdigheit og respekt. Oslo-folk er veldig engasjert i dette no.

Bjørnar Moxnes er Raudts fyrstekandidat. Om dagens måling var valresultatet, ville Raudt-gruppa i Oslo bystyre blitt utvida frå to til tre personar.

– Forskjells-Oslo er vår viktigaste sak ved dette valet, og det har også blitt ei viktig sak i valkampen. Forskjellane aukar med Høgre i byråd, seier Moxnes.

Stian Berger Røsland er i dag byrådsleiar i Oslo. Høgremannen trur på ein tett innspurt:

– Det er mitt syn at dette blir eit jamt val med små marginar. Ap held fram nedturen, medan SV, Raudt og MDG går fram. At ytste venstre går fram på kostnad av Ap er ei interessant utvikling.

– Kva sak trur du vil avgjere?

– Dette blir eit mobiliseringsval. Dei som får flest av sine folk til stemmeurnene vinn.

politikk@klassekampen.no

Trykk for større versjon