Fredag 9. oktober 2015 Innenriks

• Innvandrarar utgjer 39 prosent av dei ledige • Arbeidsinnvandringa bremser kraftig opp

Hardast råka av nedturen

HJelp: Polske Andrzes kom til Norge fra Polen for åtte år siden, men har vært utenfor arbeidslivet i fire av dem. Her får han hjelp av informasjonsmedarbeider i Caritas Edith Stylo.

TØFFE TIDER: Arbeidsinnvandrarar er langt hardare råka enn nordmenn av nedturen i norsk økonomi. To av fem arbeidsledige er innvandrarar.

ARBEIDSLØYSA

Mens den registrerte arbeidsløysa i andre kvartal i år var 2,7 prosent for alle, var den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar 7,1 prosent. Dette viser tal i statsbudsjettet. Det betyr at innvandrarane utgjorde 39 prosent av alle ledige.

Særleg blant innvandrarar frå EØS-land i Aust-Europa er auken stor. Den registrerte arbeidsløysa var i mai for denne gruppa på 8,6 prosent, eller 10.600 personar.

– Me ser at lediggangen aukar for dei fleste grupper. Auken i arbeidsløysa blant polakkar var på over 30 prosent frå september i fjor til september i år, seier seniorrådgivar i Arbeids- og velferdsetaten Johannes Sørbø.

Den registrerte arbeidsløysa har gått opp etter andre kvartal.

– Det gjer at fleire arbeidsinnvandrarar også blir ledige. Om delen framleis er på 39 prosent, tør eg ikkje seia på ståande fot, seier han.

Det er også grunn til å tru at ein del arbeidsinnvandrarar som har mista jobben har reist utan å registrera seg.

– Det vil eg tru. Det får me rapportar om frå Rogaland, seier Sørbø.

Samstundes viser tal frå UDI at arbeidsinnvandringa bremsar kraftig opp. Den arbeidsrelaterte innvandringa har falle med over 20 prosent i første halvår av 2015 samanlikna med tilsvarande periode i fjor, ifølge statsbudsjettet.

Arbeidsløysa:

• Den auka arbeidsløysa råkar mange innvandrarar, særleg frå EØS-land i Aust-Europa.

• I andre kvartal 2015 var den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar 7,1 prosent, mot 2,7 prosent for alle.

• Innvandrarane utgjorde 39 prosent av alle ledige.

• Samstundes har arbeidsinnvandringa bremsa kraftig opp. Tal frå UDI viser at omfanget av den arbeidsrelaterte innvandringa har falle med over 20 prosent i første halvår 2015 samanlikna med tilsvarande periode 2014.

Kjelde: Statsbudsjettet 2016

Ikkje overraska

Fafo-forskar og professor i sosiologi Jon Rogstad er ikkje overraska.

– Tala er høge, men det er som forventa, seier han.

Rogstad seier at ein grunn til at mange arbeidsinnvandrarar er blitt ledige, er at mange av dei jobbar i konjunkturømfintlege bransjar. Slik sett er dei utsette for svingingar i økonomien.

– Det fortel kanskje litt meir om kor dei jobbar enn kven dei er, seier han.

Men, legg han til, innvandrarar er også meir utsette i arbeidslivet.

– Det ikkje tvil om at minoritetar er utsette i arbeidslivet. Det er sist inn og fyrst ut.

Blir og reiser

Julia Maliszewska er ombod for polske bygningsarbeidarar i Oslo Bygningsarbeidarforeining. Ho synst talet er høgt, men at det stemmer godt med hennar erfaring. Ho seier at særleg i bemanningsbransjen er det stort gjennomtrekk.

– Det er veldig mange inn og veldig mange ut i bemanningsbransjen no, mange blir gåande å venta lengre enn før, seier Maliszewska.

Ein tredjedel av medlemmane i Oslo Bygningsarbeidarforening, som er del av Fellesforbundet, er frå Aust-Europa, ifølge Maliszewska.

Ho seier at ein del av dei pendlar, mens andre har etablert seg.

– Eg er overraska over mange som har vore lenge, som framleis pendlar. Det er ikkje sånn at alle automatisk blir.

– Me har medlemmer som har jobba her i 7–8 år, men som framleis pendlar og har familien i Polen, seier ho.

Terje Håland er leiar for avdelinga til Fellesforbundet for bygningsarbeidarar i Stavanger. Han trur også ein god del blir verande.

– Det er nok ein del som reiser tilbake, men det er ein stor pott som blir verande. Mange av dei nye landsmennene våre som har vore i jobb vel å vera her for å sjå om dei kan få ny jobb, trur Håland.

Mange etablerer seg

Også Jon Rogstad ved Fafo seier bildet er samansett, men ser ein på historia har ein stor del etablert seg.

– Viss me ser på fleire grupper, er det slik at arbeidsinnvandrarar ofte har vore unge, single menn. Dei har gjort det unge single menn historisk har gjort; etablert seg og fått gode grunnar til å bli, seier han.

Han understrekar også at situasjonen er ulik i ulike delar av landet og mellom bransjar.

– I nokre kommunar og bransjar, som i fiskeri, har mange satsa tyngre på å integrera familiar.

anneh@klassekampen.no

Mistet jobben og kona

Andrzes kom til Norge fra Polen for åtte år siden for å jobbe som håndverker. Yrkesskader i kneet og hånda har gjort at han har vært utenfor arbeidslivet i fire år. Men i går fikk han et jobbtilbud.

– Jeg har gått lenge på arbeidsavklaringspenger. Nå har jeg fått meg ny jobb. Etter å ha fått hjelp fra den norske staten er jeg nå glad for å kunne jobbe og bidra, sier Andrzes til Klassekampen.

Han har ikke skrevet arbeidskontrakten som flislegger ennå og ønsker ikke fullt navn på trykk.

Vi treffer Andrzes på Caritas informasjonssenter der han har fått god hjelp av polsktalende Edith Stylo. Hun forteller at Andrzes var der dagen i forveien og gråt av fortvilelse, men at de motiverte ham til å prøve å søke flere jobber. Han kjenner til flere som har reist tilbake til Polen, men for ham har det ikke vært noe alternativ.

– Det er vanskelig for meg å dra hjem. Fordi jeg har vært så lenge borte fra kona, har vi blitt skilt. Barna mine er voksne, sier han.

Alexander Golding, leder for innenlandsavdelingen i Caritas, sier til Klassekampen at de får mange henvendelser fra arbeidsinnvandrere med yrkesskader.

– Vårt inntrykk nå er det kommer flere bofaste arbeidsinnvandrere. Før hadde vi flere nyankomne, sier han.