Lørdag 31. oktober 2015 Bokmagasinet

Eit omsetjarkall

PENSJONIST: Sverre Dahl pensjonerte seg i 2013, og føler at han har nådd dei måla han ville som omsetjar. Det betyr ikkje at han er ferdig med å omsetje bøker. Foto: Siv Dolmen

Livsverk: Få har forma vårt bilete av tysk litteratur meir enn omsetjar Sverre Dahl.

Lista over bøker Sverre Dahl har omsett frå tysk til norsk, er lang – bokstaveleg tala. Oversikta over omsetjarverket hans tel seks sider, og det er snakk om rundt 150 verk – ein imponerande produksjon. Han har gitt oss Ingeborg Bachmanns språkfilosofiske og feministiske essay, Hans Keilsons vemodige Holocaust-forteljingar, Thomas Bernhards kritiske etterkrigsromanar, Christa Wolfs syn på gjenforeininga av landet og det leikne idéstoffet til Daniel Kehlmann på norsk – for å nemne noko – og hatt ein finger med i spelet i stor delar av den tyskspråklege litteraturen som er å lese på norsk.

Interessa for omsetjing som fag og yrke har auka dei siste åra, og Norsk oversetterforening har gjort mykje for å synleggjere omsetjarens arbeid og arbeidsvilkår. Samstundes verkar interessa for omsett litteratur å dale; salet har gått ned, og det er ei tydeleg kommersiell dreiing i det som vert gitt ut av omsett litteratur. Krim og bøker i sjangeren som har fått kallenamnet dameromanar, dominerer på marknaden, og interessa for det tyske er ikkje spesielt stor. Like fullt er det nokre tyskspråklege forfattarar som finn sin plass i norske bokhyller, som Ferdinand von Schirach, Judith Hermann og den omdiskuterte Peter Handke. Sverre Dahl har omsett mange av dei.

Sverre Dahl

• Fødd 27. mars 1946. Norsk litteraturhistorikar og omsetjar, statsstipendiat frå 1996 til han pensjonerte seg i 2013.

• Dahl har hovudfag i tysk og mellomfag i idéhistorie, og disputerte i 1978 med ei doktoravhandling om den austerrikske forfattaren Hermann Broch (1886–1951).

Han har skrive meldingar, innleiingar, artiklar og introduksjonar i tillegg til at han har omsett 150 verk frå tysk til bokmål, både klassisk og moderne tysk og austerriksk litteratur.

Dahl tok imot den første Kritikerprisen for omsetjarar i 2004, dessutan De norske Bokklubbenes oversetterpris (1996), Den østerrikske statspris for litterær oversettelse (2000), Goethe-medaljen (2009) og Willy Brandt-prisen (2010), for å nemne noko.

I haust er han aktuell med omsetjinga av romanen «Kruso» av Lutz Seiler (Gyldendal) og «Jugoslavia» av Peter Handke (Pelikanen).

Imitasjonskunst

No er eg på veg for å snakke med han. Eg lurer på korleis han ser på si rolle som mellommann, og på den makta, eller avmakta, ein omsetjar sit med. Vi har avtalt å møtast på kontoret hans, noko eg er glad for. På den måten kjem ein liksom rett inn i det, i arbeidet. Kontoret er naturleg nok fullt av bøker og ordbøker, blant anna ei norsk ordbok frå rundt år 1900, som har kome godt med i omsetjinga av eldre bøker. Det viktigaste i rommet, seier han straks vi er inne, er – sjølvsagt i tillegg til skrivepulten, som er utstyrt både med bokstativ og forstørringsglas – lenestolen. Det er ein velbrukt og sliten sliten stol med ryggstø og armlene, med brunt skinntrekk. Det er her han les, og her han tar pausar. Stolen ber preg av å ha vore vitne til eit heilt arbeidsliv, som starta med austerrikaren og modernisten Hermann Broch – forfattaren som Dahl skreiv både hovudoppgåve og doktoravhandlinga si om.

– Det var Solum forlag, som var i gang med å byggje opp ein portefølje, som lurte på om ikkje eg kunne omsetje Hermann Broch. Det vart då boka «De skyldløse», som kom ut i 1975. Ein dristig debut, kanskje, men eg kjende forfattaren godt. Så vart det 1979 før det dukka opp noko nytt. Då var det Gordon Hølmebakk som lurte på om eg ville omsetje Martin Walser, og derifrå gjekk det slag i slag. Det var aldri eit mål å bli omsetjar, men det vart sånn då eg ikkje fekk meir jobb i akademia (eg hadde midlertidig stilling på tysk på Blindern i 12 år!) og sat der og tenkte: «Kva skal eg gjere no?» Det var veldig dårleg økonomi dei første åra, eg var jo eineforsørgjar til to barn – det er nesten ikkje til å tru når eg ser på rekneskapen det i dag. Seinare vart eg statsstipendiat i 17 år, til eg pensjonerte med i 2013.

Sverre Dahl har omsett mykje samtidslitteratur, hovudsakleg prosa, men også eldre litteratur, som Goethe, Hölderlin og Hesse, samt ein del dramatikk og sakprosa, og verkar å alltid finne stemninga og stemma i teksten.

– Eg kastar meg ut i ein kvar originaltekst, uavhengig av kva det er. Prøver å finne ein stil, som eg prøver å imitere. Eg ser på omsetjing som imitasjonskunst, og liker å vere originaltru. Eg har ikkje omsett så mykje drama eller filosofi og essay, men synest uansett at sjangrane ofte glir litt over i kvarandre, i alle fall når det som omsetjar gjeld å finne ei røyst. Mykje er intuitivt, uti verket finn eg røysta, det karakteristiske, og så går eg tilbake og retter opp. Eg føler ikkje at mi røyst er det viktige.

Formidlarkallet

Dahl har med åra fått ei viktig rolle som formidlar av den tyskspråklege litteraturen i Noreg, for ikkje å seie kulturen som følgjer med.

– Etter kvart har eg opplevd det nærmast som eit kall. Den tyske litteraturen har hatt ein svak posisjon i norsk kulturliv i heile mitt yrkesliv. Engelsk-amerikanske bøker har dominert marknaden, medan dei tyske har møtt motstand. Eg tenkte at noko måtte gjerast, ikkje berre når det gjeld samtidslitteratur, men også eldre ting som har falle igjennom.

Før 2. verdskrig kom dei viktigaste kulturimpulsane nettopp frå Tyskland. Dette vart avbrote etter krigen, som ein direkte konsekvens av den, då vi vende oss i mykje større grad mot det anglosaksiske. Moglegheita for å ta inn det tyske er framleis svekkja, den meir omstendelege og grundige måten å skrive og tenkje på er blitt fjernare for nordmenn. Den tyske historia ligg tungt inne i språket – den meir filosofiske måten å tenkje og skrive på. Men kanskje kan dette endre seg noko no, jamt med at synet på Tyskland endrar seg med Angela Merkels handlingar i flyktningkrisa.

Tidlegare kunne eg vere litt med på å styre kva som skulle omsetjast, ved å ta initiativ til omsetjingar. Men tidene for det er mykje dårlegare no; forlaga er mykje forsiktigare. Agentura har meir makt. Eg har omtrent gitt opp det no, seier Sverre Dahl. Han er også skuffa over at omsetjaren ofte blir gløym i media, og meiner det er viktig å synleggjere omsetjaren.– Det er ein debatt som har pågått i heile mi tid. Det blir litt betre ei stund, så gløymer dei det igjen. Det er sjølvsagt veldig skuffande, urettferdig. For det er jo faktisk norske bøker på norsk! Det ligg jo eit enormt arbeid bak.

Å kjenne på eit ubehag

– Du har også omsett ein del omstridt litteratur, det vil seie, bøker som har vore med på å skape debatt. Tom Lotherington, som har omsett den franske forfattaren Michel Houellebeqc, sa i eit intervju på litteraturfestivalen STED i haust at ein som omsetjar av eit verk ikkje nødvendigvis treng å ta stilling politisk til innhaldet i det ein omset – det er den litterære kvaliteten som er hovudprioritet, ikkje kva ei bok formidlar av haldningar eller meiningar. Er du samd i den utsegna?

– Eg synest kanskje det er litt meir komplisert enn det. Som omsetjar må ein jo gripe det som står der, men det er klart ein kan føle ubehag. Eg også, til dømes når det gjeld Peter Handke. Eg synest måten han vart behandla på, var veldig dramatisk. Eg skjønar reaksjonane, men synest det gjekk over streken. Då eg las «Jugoslavia», vart eg riktig nok overraska over innhaldet. Forfattaren har eit idealisert, romantisert, mytologisert forhold til det gamle Jugoslavia, som han drar altfor langt. Og av menneska der, som han meiner er betre. Men vi må sjå det i lys av hans bakgrunn, møtet med krigen i 1990-åra, der han opplever at Vesten er partiske mot Serbia. Handke ønskte ikkje at landet skulle bli delt. I Bosnia, der kor det verste skjedde, klarer han berre delvis å vere nyansert, og han forsvarer Serbia. Men angrepa på han i samband med prisen, var likevel altfor radikale. «Jugoslavia» er meir reiseskildringar enn politiske meiningsytringar, det er litteratur. Eg vil vere i ein mellomposisjon, men det er klart det plagar meg litt dette med Handke, eg er ambivalent.

– Omsetjingar av Handke var lenge etterlyste i litteraturmiljøet i Noreg, og du vart i minst eit tilfelle nemnd som hovudkandidat til å omsetje. Eg refererer til Audun Lindholm og ein tekst i Vagant i 2012: «Hvorfor har ikke Sverre Dahl, nestor innen moderne norsk germanistikk og […] den mest nærliggende å vende seg til for en overføring av denne egensindige fortelleren til norsk, tatt fatt på noen av romanene eller fragmentsamlingene hans […]?» Lindholm viser så til ein omtale du skreiv i Morgenbladet i 2002 om Handkes «Der Bildverlust oder Durch die Sierra de Gredos»: «[…] anmeldelsen fremstår nærmest som en offentlig søknad, stilet til hele det litterære Norge, om å få slippe å ha noe med oversettelse av Handke å gjøre, overhodet, for all tid.» Kva har skjedd sidan den gong?

– Det er ei høgst spesiell historie. Unn Bendeke omsette Handke i mange år, så stoppa det, kanskje på grunn av Jugoslavia-historia, men også fordi han byrja skrive utruleg omfangsrike bøker, altfor ordrike. Eg fekk nokre fiendar med den omtalen, Lindholm og også avdøde Stig Sæterbakken, som var ein stor tilhengjar av Handke. Men eg ville ikkje ta avstand frå Handke, det var jo berre den boka det var snakk om, som eg meinte var for kjedeleg, og slett inga kunngjering! Så las eg «Det store fallet», og då nølte eg ikkje. Med den boka var den konsentrerte Handke tilbake.

Eit blikk framover

Arbeidsvilkåra for omsetjarar har alltid vore tøffe, og det har vore ein kamp å få på plass normalkontrakt og høgare satsar. Sverre Dahl meiner at det har betra seg, men at det framleis er vanskeleg å leve av å omsetje – særleg om ein er ny i bransjen.

– Det har blitt betre sidan eg starta på 70-talet; honorarsatsa er høgare, og Norsk oversetterforening gjort ein kjempejobb med å leggje forholda til rette i den grad det er mogleg. Men det er ikkje ubetinga lettare i dag, ein må framleis vere godt etablert i bransjen for å kunne leve av det. Og no er det ei slags tørketid, med få førespurnader frå forlaga. Ein må berre sjå det i auga at den omsette litteraturen ikkje sel seg sjølv, og at ein er avhengige av stønadsordningane til Kulturrådet og andre. Eg er redd for at det blir lite av omsett kvalitetslitteratur framover, på grunn av kostnadane, mange av bøkene er store og lange og utilgjengelege, skrivne av ukjente namn. Daniel Kehlmann vil nok forlaga følgje opp, blant anna, og Judith Hermann og Ferdinand von Schirach – ofte er det dei forfattarane som skriv i eit lettare språk, som blir populære her, som ikkje har dette tunge over seg. Kanskje ikkje så rart, i ei tid der vi har mindre konsentrasjon til å lese.

I tillegg til omsetjinga av Handke på Pelikanen, er Sverre Dahl aktuell med omsetjinga av romanen «Kruso» av Lutz Seiler, som kjem på Gyldendal. «Kruso» vann Den tyske bokprisen i 2014 og har blitt rost av kritikarane for å ha eit poetisk og nærmast magisk språk. Avisa Die Zeit kallar boka eit «rekviem for alle DDR-flyktningane frå Østersjøen som mista livet på flukt» – store ord å gi seg i kast med.

– Handlinga er lagd til den vesle paradisiske øya Hiddensee, i utkanten av Aust-Tyskland, i 1989, og det er ein svært god DDR-roman. Men boka er veldig kryptisk, og full av referansar. Det er ein underleg og rar roman, skrive i eit avansert språk – fascinerande, men skremmande utilgjengeleg. Det må seiast at den kosta meg ganske mykje arbeid og energi, det var rett og slett utmattande.

Men med desse to siste omsetjingane, er eg altså opp i 150 verk, som var mitt, kanskje barnlege, mål i livet. Det betyr ikkje at eg ikkje kjem til å omsetje fleire bøker, men eg må ingenting. Eg har fått gjort alt det eg ville.

runa.kvalsund@klassekampen.no