Lørdag 9. januar 2016 Innenriks

• Høgre opp og Frp ned på ny måling • Dei raudgrøne i knappast mogleg fleirtal

Frp i brått fall

RAUDE TAL FOR BLÅTT PARTI: Frp-leiar Siv Jensen må starte året med færre veljarar på målingane. Her frå då ho la fram tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet i oktober. Foto: Brian Cliff Olguin

NED: Frp startar 2016 med ein bratt nedtur. Ei ny måling syner at veljarane gjennomfører frivillig retur til storebror Høgre.

MÅLING

2016 skulle bli året då det snudde for Frp. Partiet har toppa laget i regjering, og partiets sterkaste saksområde, asyl og innvandring, er i vinden som aldri før.

Men dagens måling, utført av Norfakta for Klassekampen og Nationen, gjev Frp-arane ein kalddusj: Partiet går kraftig tilbake, og det er Høgre som hentar veljarane.

Frp-nestleiar Per Sandberg har blitt fiskeriminister sidan sist måling.

– Eg har eitt fokus: valet i 2017. Frp fekk ein rask oppgang i haust, og no ser vi ei korrigering, seier Sandberg til Klassekampen.

Han meiner Frp-arane korkje må la seg «rive med eller rive ned» av målingane.

– Frp fekk ikkje nokon «Listhaug og Sandberg»-effekt på denne målinga – eller var det akkurat det de fekk?

– Eg har lite tru på at målingane kan knytast til personar, seier Frp-nestleiaren.

Han meiner det er fleire saksfelt som kan gje partiet eit løft fram mot valet om halvtanna år:

– Vi må levere betre på eldreomsorg. Det er det ingen tvil om. I tillegg er sysselsetting og økonomisk vekst viktig, i tillegg alle sakene på justisfeltet: Alt handlar om å skape tryggleik, meiner Sandberg.

Ny måling:

• Norfakta utførte 5. og 6. januar ei meiningsmåling med 1000 respondentar for Klassekampen og Nationen.

• Feilmarginen varierer mellom 0,5 og 2,8 prosent­poeng, størst for dei største partia.

(U)tryggleik i kvardagen

Men om Frp gjer sitt for å halde innbyggjarane trygge, lever partiet sjølv utrygt: Nedgangen på 3,4 prosent er godt utanfor feilmarginen. Sjølv om andre målingar den siste tida har vore gode for partiet, kan dagens måling tyde på at trenden kan vere i ferd med å snu.

Storebror Høgre kan derimot gle seg. Jan Tore Sanner er Høgre-nestleiar og kommunalminister. Han trur oppgangen knyter seg til statsminister Erna Solberg.

– Dette handlar om god leiarskap i ei krevjande tid. Dette har vore ein haust prega av flyktningspørsmål og økonomiske utfordringar. No løner veljarane statsministeren for leiarskapen, seier Solbergs nestleiar.

Sjølv om Frp går ned, er summen av regjeringspartias oppslutning marginalt betre enn ved sist måling.

– Er dette eit teikn på at partias eigenart kjem betre fram?

– Det er vanskeleg å seie. Men målingane i desember synte eit fleirtal for borgarleg side, seier Sanner.

Raudgrønt fleirtal

På denne målinga får regjeringa og støttepartia Venstre og KrF til saman 84 mandat, tre mindre enn i desember. Det er eitt mandat for lite til å ha fleirtal på Stortinget. Både MDG og SV er over sperregrensa, medan Ap ligg stabilt på 33,4 prosent. Raudt er ikkje inne med mandat denne gongen.

Vinnaren på raudgrøn side er Senterpartiet, som aukar med 1,5 prosentpoeng til 6,2 prosent. Partileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum meiner partiet er inne i ein positiv trend.

– Vi er ei tydeleg kraft for å halde tenestene nær folk, medan regjeringa har ei blind tru på stordrift. I tillegg har vi medlemsvekst på andre år på rad, og Senterungdomen har no passert 2000 medlemer, seier Vedum, som meiner kommunereform, sjukehusstrid og politireform blir vårens store saker for partiet.

– Frp fekk ikkje noko Listhaug-løft?

– Listhaug skaper støy, men klarer ikkje å handle. Dette kjenner vi att frå tida som landbruksminister og i Oslo-byrådet. Eg trur folk er lei av all støyen, meiner Sp-leiaren.

politikk@klassekampen.no

Klikk for større versjon