Mandag 18. januar 2016 Kultur og medier

Norsk nærings- og arbeidsliv er internasjonalisert, men norsk held stand som bedriftsspråk:

Norsk næringsspråk

«engelsk når du må»: Kristoffer Vilbo-Hansen lærer opp nytilsette for internasjonale betalingar hos DNB Bedrift i Oslo.

Berre fire prosent av norske bedriftsstyre nyttar engelsk. Styrespråket har liten effekt på arbeidsspråket elles i bedriftene.

språk

– DNB opererer i 20 land. Vi bruker engelsk internasjonalt, men er flinke til å bruka norsk innanlands, seier Even Westerveld, informasjonsdirektør i DNB, når Klassekampen vitjar Noregs største finanskonsern.

DNBs sjølverklæring samsvarar med funna i Språkrådet sin nye rapport om engelsk i næringslivet.

Engelsk i bedriftene:

• Språkrådet har saman med TNS Gallup kartlagt bruken av engelsk språk i norske bedrifter.

• Rapporten viser at norsk står seg som næringslivsspråk.

• Engelsk er styrespråk i berre seks prosent av bedriftene. Engelsk styrespråk har også lite å seia for språkbruken elles i bedrifta. Det er praktiske behov, som graden av internasjonal verksemd og talet på ikkje-skandinaviskspråkelege tilsette, som avgjer ­språkbruken.

NHOs språkplakat

– Norsk nærings- og arbeidsliv har vorte meir internasjonalisert, og ut frå eit ønske om å skaffa oss kunnskap, har vi gjennomført ei kartlegging av engelskbruken i store og mellomstore bedrifter, fortel direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Saman med TNS Gallup har Språkrådet samla inn data frå 1183 selskap i industri, varehandel og service.

– Hovudkonklusjonen er at norske bedrifter følgjer parolen i språkplakaten for næringslivet, som NHO og Språkrådet står bak: «Bruk norsk når du kan, og engelsk når du må.» Samstundes er kartlegginga utført slik at vi kan gjera ho om att seinare, for å følgja utviklinga.

Kartlegginga vil bli ein del av ei overvakningsordning og brukt i Språkrådets utforming av tiltak for næringslivet.

Enn så lenge dominerer norsk, og engelsk er berre heilt eller dels styrespråk i mellom fire og seks prosent av bedriftene.

Granskinga viser at det er praktiske behov som styrer val av språk: Dess fleire tilsette og dess fleire nasjonalitetar ei bedrift har, dess meir bruk av engelsk. Som ein kunne venta, blir det oftast nytta engelsk i bedrifter med utanlandske kundar og leverandørar.

Leiarfenomen?

Granskinga har gått ut til folk i leiarstillingar, men ho blir alt no supplert med ei liknande gransking av korleis tillitsvalde i bedriftene opplever omfanget i bruk av engelsk. Denne kartlegginga blir gjort i samarbeid med Fellesforbundet og IndustriEnergi, og resultata vil liggja føre i løpet av våren.

– Vi byrja med styra og leiarstillingane i bedriftene. Blant anna var vi spente på om engelsk styrespråk påverka språkbruken elles i bedrifta. Det gjer det i liten grad.

Berre i åtte prosent av bedriftene har engelsk styrespråk direkte konsekvensar for arbeidet til dei tilsette, og då for eit mindretal (under 25 prosent).

Blant det store fleirtalet (86 prosent) av bedriftene som nyttar engelsk i arbeidet, må likevel tilsette ut over dei som har leiarstillingar nytta engelsk. I rundt ti prosent av bedriftene må meir enn tre av fire tilsette nytta engelsk munnleg eller skriftleg. I nær halvparten av dei spurte bedriftene må leiarar lesa, skriva, snakka eller lytta til engelsk dagleg.

Intern engelsk

Kva blir så engelsk brukt til? I første rekkje til heimesidene (elleve prosent av bedriftene) og ekstern korrespondanse (ni prosent).

– Meir uventa var det at sju prosent av bedriftene nytta engelsk i formell informasjon til de tilsette. Også dette blir grunngjeve praktisk – at det er mange tilsette som ikkje forstår norsk eller skandinaviske språk.

Eit funn som kan bli interessant i oppfølgingsgranskinga blant dei tillitsvalde, er at seks prosent av bedriftene skriv arbeidsavtalane berre eller mest på engelsk.

Seks av ti norske bedrifter har eit offisielt vedteke arbeidsspråk. For fem prosent er dette engelsk for 55 prosent norsk. Utanom norsk og engelsk er dei mest brukte språka i norsk næringsliv svensk (i 15 prosent av bedriftene), tysk og dansk (åtte prosent). I gruppa «andre språk» (13 prosent), er polsk nemnd oftast.

– Mange bedrifter tar norsk som arbeidsspråk på alvor, men vi vil at endå fleire skal gjera det, seier språkråds­direktøren.

guri.kulaas@klassekampen.no