Torsdag 11. februar 2016 Innenriks

KrF-leiar Hareide og Venstre-nestleiar Breivik med knallhard kritikk av Listhaug:

Ho trugar samarbeidet

MØTER KRITIKK: KrF og Venstre meiner innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug trugar samarbeidet. Foto: Tom Henning Bratlie

NOK ER NOK: Sentrumspartia slår fast at Listhaug no trugar det borgarlege samarbeidet. – Ja, definitivt, meiner Venstre-nestleiar Terje Breivik. KrF er einig.

FRP

Forholdet mellom regjeringa og støttepartia KrF og Venstre er på frysepunktet.

Klassekampen har dei siste dagane vist korleis ei rekkje fylkesleiarar i Venstre no trugar med å trekkje støtta til regjeringa dersom det ikkje kjem ein annan politikk på bordet.

No seier båe støttepartia klart frå om at innvandringsministerens oppførsel trugar samarbeidet mellom dei fire partia. Overfor Klassekampen er Venstre-nestleiar Terje Breivik svært klar i ordbruken:

– Trugar Listhaug det borgarlege samarbeidet?

– Ja. Definitivt, seier Breivik, etter å ha tenkt seg om ei god stund.

Asylinnstrammingane:

• I romjula la innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) fram 40 framlegg til innstrammingar i utlendingslova.

• Tysdag gjekk fristen for høyringsinnspel til framlegga ut. Framlegga møtte mykje kritikk frå fleire fagmiljø.

• Venstres stortingsgruppe handsama dei i går. Møtet blei ikkje ferdig før Klassekampen gjekk i trykken.

Strekkjer tilliten

Det har dei siste dagane vore diskusjonar om kor vidt det er retorikken til Listhaug som er problemet.

– Listhaug bruker ein retorikk som for sosialliberale Venstre strekkjer tilliten vi har vore med på å gje henne lengre enn langt. Men det er ikkje berre retorikken, men òg dei framlegga ho sender ut, seier Breivik.

KrF-leiar Knut Arild Hareide stør Venstre-nestleiarens konklusjonar:

– Ja, svarer Hareide på spørsmål om kor vidt Listhaug trugar samarbeidet på borgarleg side.

Han meiner Listhaug òg er eit problem for statsministeren:

– Ho set statsministeren i ein vanskeleg situasjon, seier Hareide, og peikar på gårsdagens spørjetime i Stortinget. Der blei Solberg konfrontert med ei rekkje utsegn og påstandar Listhaug har kome med dei siste vekene.

I Stortingets spørjetime gjekk Venstre-nestleiar Terje Breivik hardt ut mot innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Han roste statsminister Erna Solberg for sin leiarskap, men hadde ikkje mykje pent å seie om Listhaug:

– Vi har ein fagminister som, i grell kontrast til statsministeren, i regelen opptrer som ein kva som helst spinndoktor for eit ytterleggåande opposisjonsparti og ikkje som talsperson for eit ansvarleg regjeringsparti i mindretal, sa Breivik til Erna Solberg.

I går handsama Venstres stortingsgruppe Listhaugs 40 framlegg om asylinnstrammingar.

Møtet var ikkje ferdig då Klassekampen gjekk i trykken. Men etter det Klassekampen fekk opplyst, ville Venstre seie nei til heile pakka – sjølv om partiet er med på asylforliket Listhaug meiner framlegga byggjer på.

Forsvarer Listhaug

Då Erna Solberg møtte pressa i Stortingets vandrehall i går, tok ho Listhaug i forsvar. Ho synte til at Frp-statsråden har ansvar for det mest kontroversielle og vanskelege politikkområdet for tida. Og Listhaug må kunne forsvare regjeringas politikk i politisk debatt, understreka statsministeren.

På spørsmål frå Klassekampen om korleis ho opplever misnøya frå Venstre og KrF, svarer Solberg:

– Dette er jo kjempevanskeleg, sant. Asylavtalen var jo balansepunktet mellom oss, no er det balansepunktet skyvt. Og eg skjønar at det er ei utfordring for alle parti. Samstundes: Når vi kjem til substans og skal handsame konkrete saker, og det skal vi jo når framlegga kjem til Stortinget, så trur eg det vil utkrystallisere seg at det er ei stor semje om at innstrammingar må til.

Ho er budd på at regjeringa kan møte motstand i Stortinget:

– Det vil vere ulikt på nokre punkt, det er regjeringa budd på. Det er ikkje alt som er hogd i stein av det vi sende på høyring. Det er ei reell høyring, og det sa vi frå dag éin, seier Solberg.

politikk@klassekampen.no

SV: Krokodilletårer

SV-leiar Audun Lysbakken er ikkje veldig imponert over klagesongen frå støttepartia.

Han syner til at både KrF og Venstre har vore med på eit forlik med regjeringa, der dei mellom anna har bede regjeringa «fremme et lovforslag om å stramme inn retten til familieinnvandring for asylsøkere og flyktninger».

– KrF og Venstres kritikk av regjeringas politikk og retorikk er treffande og presis. Men det blir jo krokodilletårer når dei samstundes har tinga innstrammingar på familiegjenforeining og ulike andre rettar for flyktningar frå ein Frp-statsråd, seier Lysbakken til Klassekampen, og legg til:

– Så det eg lurer på er: Kva var det dei trudde dei skulle få?

SV og MDG er dei einaste partia på Stortinget som står utanfor forliket.

Terje Breivik