Onsdag 23. mars 2016 Innenriks

• Eldre jobbar meir og unge jobbar mindre • LO-økonom Stein Regaard åtvarar

Unge taper jobbkampen

EIN FOT INNANFOR: Roshin Akhtar er frå Fredrikstad, men har i eitt år budd i Oslo. Ho fortel det er vanskeleg å få jobb i dag. Ho har fått ein fot innanfor helse- og omsorgstenesta i Oslo kommune gjennom ei ho kjenner.

FALL: Sidan 2008 har arbeidsdeltakinga blant unge gått ned. – Det er ikkje lett å få jobb i dag, seier Roshin Akhtar (21).

SYSSELSETTING

Det er dei eldre som er vinnaren på arbeidsmarknaden. Mens sysselsettinga fell blant unge, peiker pilene oppover for dei eldste i arbeidslivet, ifølge arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå SSB:

Frå 2008 til 2015 har sysselsettingsgsrata gått ned med 6,6 prosent blant unge i alderen 25–29 år.

I den same perioden har sysselsettinga blant seniorar i alderen 65–74 år gått opp med 3,6 prosent.

LO-økonom Stein Regaard er uroa for utviklinga.

– Fallet i sysselsettingsrata blant yngre kan vera den framtidige trygdebølga, seier Regaard.

– Me har så lett for å ha all merksemda på dei kortsiktige arbeidsløysetala, men dette betyr kanskje meir i lengda.

Sysselsetting:

• Sysselsettingsrata er delen som er sysselsett i befolkninga.

• Tal frå NAV og Statistisk sentralbyrå viser at sysselsettingsrata frå 2008 har stege blant eldre over 55 år og har blitt lågare for dei under. Spesielt er nedgangen stor blant dei under 29 år.

• Sjeføkonom i LO, Stein Reegård, fryktar at talla kan bety ei framtidig trygdebølge.

• Sysselsettingsrats i Norge var på 67,6 prosent i fjerde kvartal 2015.

• Arbeidsløyse er delen som ikkje arbeider, men som kan og ønsker å gjera det.

Kjennskap og vennskap

Roshin Akhtar er 21 år gamal.

– Det er ikkje lett å få jobb i dag viss ein ikkje kjenner nokon, seier ho.

Gjennom ei ho kjenner har ho fått ein fot innanfor omsorgstenesta i Oslo kommune.

– Eg tar ekstravakter som hjelpepleiar, seier ho.

Enkelte veker får ho mange vakter, andre veker færre.

I tillegg tar ho opp att fag ved Bjørknes Privatskole. Ho vil bli sjukepleiar.

– Eg trur ikkje det skal bli vanskeleg å få jobb når eg er ferdig.

Droppa ut av skulen

For Andreas Tharaldsen (21) går jobbsøkinga trått. Han har vore på jakt etter ny jobb sidan januar. Han har sendt rundt 30 søknader og komme på intervju, men er framleis arbeidsledig.

– Korleis er det å vera ung og stå utanfor arbeidslivet?

– Ein føler seg verdilaus. Ein er ikkje med på å delta i det produktive arbeidslivet. Det er kjipt å ikkje delta. Ein kjenner seg nesten stigmatisert. Du er han fyren som går heime, seier Tharaldsen.

– Og så skammar eg meg eigentleg litt også. Kvifor klarar ikkje eg få jobb når alle andre klarar det?

Tharaldsen sin bakgrunn er ikkje unik, som mange andre fullførte han ikkje vidaregåande.

– Eg droppa ut av vidaregåande. Eg blei skulelei.

Den siste jobben var som servitør i ei mellombels stilling på eit hotell i Oslo. Då dei nedbemanna var han blant dei med kortast ansiennitet.

– Er du uroa for at det skal ta lang tid før du får jobb?

– Ja, eg er det. Når eg seier eg ikkje har fagbrev står eg svakt. Eg prøver å søka fast jobb. Det var stressande å vera i ei mellombels stilling.

Reegård trur det er fleire grunnar til fallet i sysselsettinga blant unge. Men peiker både på konkurransen frå arbeidsinnvandringa og at særleg gutar fell frå i utdanningsløpet, eit problem knytt til for liten status og oppfølging for yrkesfaga, som to grunnar.

– Dette er summen av mange mekanismar. Unge er ei viktig og sårbar gruppe. Å sikra god overgang frå utdanning til arbeid er svært viktig.

okonomi@klassekampen.no

Trur fleire eldre vil jobba lengre

– Me har bruk for den erfaring og livsvisdommen, seier Ingrid Kløve, styreleiar i Seniorsaken.

– Det er ikkje sånn at dei eldre tar jobbane frå dei yngre. Det er behov for alle.

Kløve trur hovudårsaka nok er at folk er friskare, ikkje at dei er nøydde til å jobba på grunn av økonomi.

– Men framover vil me nok sjå at fleire blir nøydde til å jobba lengre på grunn av pensjonsreforma. Det har nok ikkje slått inn helt enno, seier ho.

Ho oppfordrar unge til å ta jobbane som byr seg:

– Det er klart det er ille, men eg vil ikkje seia at eg synst synd på dei. Eg trur ein må vere fleksibel og ta det som byr seg. Men eg ser at mange yngre har problem med å få arbeid, og det er ikkje samfunnet tent med.