Torsdag 19. mai 2016 Innenriks

Fleire av SV-gruppas mest kjende fjes kan takke nei til ein ny periode på Stortinget:

SV-toppar sit på gjerdet

MARSJ UT: Bård Vegar Solhjell kan vere på veg til forlate rikspolitikken. Om berre få dagar må han gje sitt endelege svar. Foto: Tom Henning Bratlie

KVEN SKAL UT: Audun Lysbakken kan bli den einaste av dagens SV-arar som får ein ny periode på Stortinget.

SV

Heikki Eidsvoll Holmås. Bård Vegar Solhjell. Karin Andersen. Alle tre er velkjende SV-arar. Og alle tre er svært usikre på om dei vil stille til ein ny periode på Stortinget.

Dermed kan det vere duka for eit realt generasjonsskifte i SVs stortingsgruppe ved neste val.

I dag er SV-leiar Audun Lysbakken i praksis klar for renominasjon hos Hordaland SV:

«Det er jeg motivert for», skriv Lysbakken i ei tekstmelding til Klassekampen.

Dermed er partileiaren den einaste som svarer ja på spørsmålet om å ta ein ny periode på Stortinget.

I tillegg skal Torgeir Knag Fylkesnes og Kirsti Bergstø helle i retning av renominasjon, etter kva kjelder opplyser til Klassekampen.

Frå før er det klart at SV-nestleiar Snorre Valen har takka nei til ein ny periode på Stortinget. Ein aktuell kandidat til å ta over fyrsteplassen i Sør-Trøndelag skal vere Ingrid Marie Sylte Isachsen, som sit i Trondheim bystyre og leier Sør-Trøndelag SU.

SV:

• Fekk 4,1 prosents oppslutning og sju stortingsmandat ved valet i 2013.

• I 2012 bytte partiet leiar. Både Bård Vegar Solhjell, Heikki Eidsvoll Holmås og Audun Lysbakken var kandidatar. Lysbakken blei til slutt samrøystes valt.

• Sat i regjering mellom 2005 og 2013.

Kan hoppe av

Bård Vegar Solhjell har vore statsråd, nestleiar, partisekretær – og leiarkandidat – for SV. Men no kan den erfarne SV-aren trekkje seg frå parlamentariske arbeidet ved neste val. Han har frist 1. juni med å melde frå til nominasjonskomiteen i Akershus SV, og Klassekampen kjenner til at han ikkje har sagt frå tidlegare fordi han er reelt i tvil.

– Det stemmer at eg tenkjer meg om, seier Solhjell til Klassekampen.

Akershus har tradisjonelt vore eit av dei meir venstreorienterte fylkeslaga i SV, og Solhjell blir sett på som ein meir moderat kandidat.

Ope i Oslo

Heikki Eidsvoll Holmås opplyser til Klassekampen at han skal seie ifrå til nominasjonsnemnda i Oslo SV 1. juni om kor vidt han stiller på nytt eller ikkje. Både i 2009 og 2013 blei Holmås valt inn på Stortinget etter omfattande kampnominasjonar.

Heller ikkje dagens andreplass på lista, Ingunn Gjerstad, ønskjer å svare på kor vidt ho stiller seg til disposisjon for ein ny periode eller ikkje. Oslo er tradisjonelt SVs sterkaste fylke, og partiet har i fleire rundar fått inn to representantar herfrå. Denne perioden sit Holmås som einsam svale for Oslo SV på tinget.

Kari Elisabeth Kaski blei valt som partisekretær i SV på fjorårets landsmøte. Men partisekretærkarrieren kan bli kortvarig. Fleire kjelder seier til Klassekampen at ho kan vere aktuell som ny Oslo-topp. Sjølv vil ikkje Kaski avkrefte sjansen for at ho byter arbeidsadresse til Eidsvolls plass.

– No skal Heikki avklare om kor vidt han stiller til ein ny periode, og så får nominasjonskomiteen i Oslo gjere ein jobb ut frå det, seier Kaski.

Andersen i tvil

Lengst fartstid har Karin Andersen. Med snart 20 år på Løvebakken høyrer ho til Stortingets verkelege veteranar. Men no kan det gå mot slutten for Hedmark SVs representant.

– Den avgjerda har eg ikkje teke. Eg har vore der lenge og kanskje er det nokon andre som vil, seier Andersen.

Ho meiner likevel at Stortinget treng «nokre godt vaksne damer».

– Eg har vore med lenge, eg er kvinne – og eg er vel snart den siste proletarar på Stortinget, seier Andersen, som før stortingslivet hadde 17 år som barnehageassistent.

Etter kva Klassekampen kjenner til, skal Hilde Mari Bjørke, nestleiar i Sosialistisk Ungdom og leiar av Hedmark SV, vere ein aktuell kandidat til å overta om Andersen ikkje stiller på nytt.

Inga Marte Thorkildsen, helsebyråd i Oslo, er ikkje aktuell for plassen.

– Eg har lyst å fullføre det me har starta her i Oslo, sa ho til Dagsavisen i går.

politikk@klassekampen.no

… men framhald i nord

Både Troms og Finnmark SV ligg an til å renominere dagens kandidatar etter kva Klassekampen erfarer. Sjølv om ingen av dei vil stadfeste dette overfor Klassekampen før dei har gjeve sine svar til nominasjonsnemndene, seier fleire kjelder at det er den vegen det går.

– Eg skal gje melding til nominasjonskomiteen i løpet av veka, seier Fylkesnes.

Bergstø ønskte ikkje å kommentere spørsmålet no.

Både Bergstø og Fylkesnes er inne på utjamningsmandat, og det er derfor ikkje sikkert at dei får fire nye år på Løvebakken sjølv om dei skulle stille på nytt.

Nordland SV klarte for fyrste gong i partiets historie ikkje å kome inn på Stortinget ved 2013-valet. No ligg det an til at kandidaten frå sist, Marius Meisfjord Jøsevold, blir bytt ut med Mona Fagerås, som er fylkesråd for næring og regional utvikling i Nordland.

Kari Elisabeth Kaski